”Kristianiaposten”,

 

det er Blad, som staar paa Maal, det. Dette kjem seg vel av, at det hev ”millom femtan og sekstan tusund” Tingarar i Ryggen. Naar ein er so megtug, kann ein halda flotte Pennar, og daa vert Uppsetti og deretter.

 

Det, me sa’ um Kristianiaposten, vedkom ingen Person, som hev eld’ skal ha’ med Styret av Bladet aa gjera. Det var Aksiesamlaget, som millom anna baud Folk vera med paa eit nyt Blad for aa ta’ Livet av hit Organet, som me nemnde. Og det kann daa ikkje skrivast den Mann til Last, som staar som namngjeven Styrar, og endaa mindre nokon annan, som han kann henda i Snøggvendingi fekk til smyrja saman det, me las i Kr.posten i Fyrstningi av hi Vika.

 

Me hev det aa framføra mot Kr.posten, at den var personleg ufjelg mot Fedraheimen, og den veit vist godt, at det skal ein ikkje vera mot nokon.

 

Me arbeidar etter ringe Tilhøve for ei Sak, som me vil gjera alt for aa fremja. Um me fær mange elder faae Tingarar, um me tenar mykje elder lite Pengar, er for oss ikkje det fyrste og vigtugaste, men at Maalsakstanken vert haldet upp og fram. Kr.posten hev det paa ein annan Maate den. ”For aa verta lesen”, for stødt aa kunna veksa i Tingartal og Pengemagt skriv den helder paa dansk-norsk, ”som Folk forstaar”. Lat vera, Kr.posten raar over mykje Ljos og store aandelege Krafter, ide-ell er den vel knapt – i denne Vegen daa. At den hev arbeidt seg upp til so stort Tingartal paa væl eit Aar er godt gjort, og ingen negtar det. Men den skulle tala meir sagte um Norskdomen sin den. Den larmar og braakar væl mykje. Det er ikkje Gull alt, som glitrar held.

 

Me skreiv Stykkjet vaart fraa eit Maalstade. Der staar me og er tenkt aa staa. So stort eit Ord torer me segja baade til Kr.posten og andre frilynde Blad her inne, at stikk dei ’kje Fingrn i Jordi og tevjar, kor dei er, vil mykje av Talen deira um Norskdom og meir sovore verta tom og magtlaus. For so vidt er me Profetar. Skulle det visa seg, at ”Oftedølerne” vil gagna Maalsaki, og ikkje berre deklamera um den ein sjeldan Gongen, naar dei vert nøydde til det, gaar me med Gleda med dei i det Stykkjet. Um t. D. Kr.posten og vil bruka ein Grand av den store Magti si til aa hevda vaart gamle (og nye), fagre, men lite brukte og vyrde Maal, gjeng me for so vidt med den.

 

Me skal ta fram tvo Vers av ein mann, som Skrivaren i Kr.posten kjenner.

 

Endaa trur eg, anden hans¹)

yver os mun sviva,

lydast um Landet,

leita etter Storverk.

Myket mun han fegnast,

naar Mandom han finner,

naar som Landslyden

likjest Forfedrom.

 

Fram daa Frendar

i fredelege Kappstig;

rette det som rengt er,

reise det som velt er;

byggje og bøte

med Bot som duger;

gjere Verk, som vara,

til Verdi øydest!

 

 

¹) Harald Haarfagre.

 

 


Frå Fedraheimen 28.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum