Johan Storm,

 

Professor i nyare Maalføre ved Universitetet vaart, hev altid havt eit vondt Auga til Maalstrævet her i Landet. Han skal meir enn ein Gong vore harm og lovat med seg sjølv, han vilde sjaa faa ein Ende paa det. Han likjest i so Maate Statsraad Hertzberg, som for fraa Hamar Seminar og ned til Skulekantoret i Kyrkjedepartementet (fyrr han vart Statsraad) med den Lovnaden, han skulle faa Folkehøgskularne i Bakken. Han fekk i Gang Amtsskularne. Men Høgskularne staar ved lag enno og er vortne fleire dess meir. Johan Storm hev sagt, han skulle stikka Hol paa Maalsaksarbeidet med si vitenskaplege Naal (Forskarnaali daa, sagte) som ein med ei verkeleg Naal stikk Hol paa ei Blære. So snøgt og lett var dette for honom, meinte han.

 

Men han er ikkje ferdug den Dag i Dag, endaa han hev haldet paa i mange Aar aa prikla paa denne ”Blæra” med Naali si. Og han vert det nok ikkje helder. For Saki er, han hev raakat fram i ”Bøygen” og ikkje i ei Vassblære elder i ein Saapebuble. Han kjem ikkje gjenom den, og utanum vil han ikkje. Difor arbeider han seg meir og meir inn i Maalkavet og vert verande der. Aa tenkja paa sprengja Maalet eld sluka det med Hud og Haar formaar han vel helder ikkje. Til dels er Maalet for gamalt og sterkt med djupe, megtuge Røter og emnerik Framtidsvokstr i seg. Nei, det skal ha gjenget J. S. soleis, at di meir han steller med Maalet. – Dialekterne som han nemner det – di meir underlegt og mangfaldugt er det vorte for han, og det hev dreget han til seg og soge mykje av beste Krafti hans upp. Han kann no ikkje lata vera studera det, han maa ofra paa Norskdomens Altar, anten han vil eld ikkje, og det ser ut til, at han gjer baade stort og godt Offer.

 

Alle veit, han er ein mykje dugande Professor i fransk, engelsk og andre Maal. Han hev so fint og fimt Øyra for Lydarne i eit Maalføre, at han kann snusa upp og gjera Forskjel der, som andre ikkje veit av nokon sovoren. Vaare norske Bygdemaal – Dialektarne – er som kokt Mat for ein so finsmakande Maalmann som Storm. Han fraadsar i dei og likar seg meir væl enn mange, t. D. Motstandarar av Maalsaki, vil tru. For dei er rike paa Lydavbrøyter og ørgranne og fine Skilnader Bygdemaali her i Landet, og ein Fagmann med Storm liver som ei Ku paa ei grøn Eng. Han tek godt til seg, smattar paa det og let det bekoma seg væl.

 

Men korso er han sinna paa Maalreisningi. Han vil ikkje, at her skal strævast noko i den Vegen. Og naar J. S. ikkje vil det, er det dermed avgjort, at det ikkje maa og bør gjerast noko. Johan Storm veitdet, han, at det ikkje nyttar til det verduge Slag likevel, og naar han veit det, ja so skal alle bøygja seg og segja Ja og Amen til dette. Den, som hev Skoen paa, kjenner kor helst den trykkjer. J. S. hev ikkje Skoen paa og fær den ikkje paa helder. Difor kann han snakka, som han gjerer.

 

Hertzberg var, som og er nemnt i Fedraheimen fyrr, i gamle Dagar varmhgua, god Maalmann og gjekk i lag med Henrik Krohn og andre gjæve Maalvener. Men so vart han vekke for Maalvenerne, han sveik Saki. Og no for Tidi gjeng denne Mannen umkring i Landet som eit Spøkelse og tygg paa eit Vers:

 

En Feil har dog min Pige¹),

som alt fordunkle vil:

den u-for-lig-ne-li-ge,

hun er slet ikke til”.

 

So paalag hev J. S. det og. Med Munnen full av Maal-mat, so han knapt kann tyggja og svelja so fort, det trengdest, sit enno den gamle Harmen og Vanen i honom, og han strævar faa Mælet upp og Lyd for seg for aa kunna syngja den gamle Visa upp att: ”det gagnar ikkje, nyttar ikkje, lat oss halda paa det, me hev. For me hev det godt, som me hev det”. Nett som Kjætta sa, daa ho sat paa Flesket og saug og gnog paa det: ”Me sit godt her me sit me”.

 

Johan Storm hev i Vaar og Sumar framigjenom skrivet i Morgenbladet  um og mot Maalet. Skrevet Veggjer upp og Stolpar ned. Han ser ikkje Skogen for berre Tre. Han hev ikkje Oversyn over det heile, berre stirer seg blind paa det einstaka. Men det einskilde, det fingrar han ved, det pukkar han paa og puslar han med. Han ser tusund Smaating, men ikkje den eine og store: sjølve det norske Maalet. For eitkvart Maal hev i seg utalige Smaabitar. Og vaart Maal er ikkje i dette ulikt andre Maal. Men vaart er nytt og lite brukat enno. Difor kann der vera mangt aa hengja seg paa for den uviljuge, halvblinde og rangrøkne.

 

Morgenbladet, Aftenposten og Fedralandet skreiv so, naar han endeleg eingong var ferdug med Smaaplukk-arbeidet sit, og han hadde fenget slege mykje nok Støv-røyk upp, so dei ikkje saag nokoslag anna enn berre Landsmaals-atomer ikring seg, at no var det hermed provat, at der ikkje var noko Landsmaal og held ikkje kunne og burde vera Landsmaal. Det siste var det vigtugaste, skynar me: det bør ikkje vera Landsmaal, det maa ikkje vera Landsmaal. ”Me sit godt her me sit me”. Og so trur desse Bladi, at no er den heilage gravi væl vara. J. S. hev sagt det, provat det, og dei hev sagt Amen. Det vert ikkje norsk Maal av.

 

 

¹) Maalsaki.

 

 


Frå Fedraheimen 28.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum