Meir ”Bondekultur”.

 

Det er ikkje greidt, naar ein kjem ut for ein Talemaate.

  

Bondekultur” hev det voret talat so lengje um, at no trur me paa det Ordet. Me elskar det. Det er so koselegt som ei Omnskraa; der kann me setja oss inn og vera trygge og late. ”Verdens Tummel udenfor” gjev me ein god Dag. Der er tvo Kulturar i Verdi, aalmenn Kultur og norsk Bondekultur; den aalmenne Kulturen er for Europæarar og Aandsaristokratar; Bondekulturen er for oss.

 

Kjem det so ein og segjer: nei men kjære vene, Bondekultur er daa ikkje anna enn Bønder, som hev Kultur, so vert Folk vonde. Dei vil ikkje ut or Omnskraai si. Dei gryler og gjev vondt: den Mannen vil altso ikkje ha Bondekultur han, segjer dei.

 

Men det er Uraad med det. Der er ikkje ein serskilt Kultur for Bønder, utan ein vil segja, at Bønder er eit serskilt Folkeslag, Folk med eit einskilt Sjæleliv, Tussefolk, som ikkje likar Dagens Ljos. _

  

_Spursmaalet er: vil me ha Bonden upp, elder vil me ikkje ha Bonden upp. Vil me, at han skal halda seg paa Høgdi med oss andre, elder vil me, at han skal leggja seg i Bakken og gjeva seg yver.

 

Dei, som vil ha Bonden upp, skal ikkje snakka han i Logn med blide Ord um Bondekultur. Dei skal segja som sant er, at vil han halda seg paa Høgdi, so lyt han som me andre forstaa si Tid og Tankarne aat den.

 

_Me meiner aldri noko godt, naar me talar um Standskultur. Segjer me Embættsmannskultur elder Grosserarkultur, so meiner me eit laagare Stig av Aandsutvikling. Dei Folk er komne so langt, meiner me, at dei kann klara aa vera Embættsmenn elder Grosserarar; men dei kann ikkje liva med i det aalmenne Tankeliv. Og av den Grunn, meiner me, maa Standen turka inn og koma i Nedfall. Ein Stand, som vil vera utanfor, kjem utanfor, likso visst som ein Mann, naar han vil vera reint for seg sjølv, vert ein Raring og ein Tull.

  

Der er dei, som talar um Bondekultur og veit, kva dei meiner: dei vil, at Bonden skal ha so mykje Utvikling, at han kann dyrka si Jord og klara sin Skatt – og so inkje meir. Daa vert der Meining i Ordet; det vert det same som Aalmuge-Kultur. Dei, som vil ha Bonden upp, og endaa talar um Bondekultur, hev ingen Tanke med Ordet. Dei fer med Talemaatar, og Talemaatar kann gjera stort Ugagn.

  

Dei narrar seg sjølve, og dei narrar Bonden. Det siste er verst. Dei hjelper til aa svæva han inn i den Trui, at der er ei Aandsutvikling lagad aat honom, billeg og lettnaadd, simplare enn den, Byfolk maa ha, men altid god nok, og dessutan lagad etter Recept, so han kann taka denne Kulturen blindt, utan aa ræddast, og utan Prøving.

 

Lat oss tyna Talemaaten, so er me tryggare.

 

Og lat oss fortelja Landsens Ungdom _Bønder som Byfolk, det gjeld same Loven for alle _, fortelja Ungdomen, at Aandsutvikling er noko som ein naar gjenom strengt og modig Sjølvarbeid. Kunnskap maa der til, og di meir Kunnskap, di betre, naar det er nyttig Kunnskap. Det er den, som opnar Augo vaare, og gjev Tanken Emne, Kveik og Mod. Den som ikkje veit noko, kjem ikkje til aa tenkja paa noko helder.

 

Kunnskap kann ein faa paa kvar nokonlunde god Skule. Di betre Skule, di lettare gjeng Arbeidet. Sjølve Folkeskulen hjelper langt paa Veg; sidan hev ein Bøker iallfall.

 

Mang ein god Bondemann hev vist, kor høgt ein kann naa, um ein hev liten og ingen Skule. Men daa vert Arbeidet so tungt og vandt, at det berre vert ein av hundrad tusund, som kann koma nokon Veg. Bønderne skal bruka si politiske Magt til aa skaffa oss ein fullgod Folkeskule; gjenom den vil Bonden kunna arbeida seg lenger fram, enn nokon Bondekultur-Profet trur.

  

Men det som det gjeld um, baade for dei, som fær god Skule og for dei som fær mindre god Skule, er aa arbeida sjølve. Arbeida slik med det ein lærer, at ein forstend det tilgagns. Naar ein er komen so langt, at ein fær Magt og Mod til aa sjaa paa Livet med eigne Augo og læra av det, so er ein bergad. Sidan gjeng Arbeidet allstødt lettare, og ein lærer so lengje ein liver.

 

Det vert altid eit Faatal, som naar det høgste Stig i Utvikling. Det vert eit Faatal, som vinn full Aandsfridom, fullt Sjølvstende, so at dei tenkjer igjenom sjølv alt det, som dei skal godtaka. Men i det Faatalet vil me kunna finna Bønder so væl som Eksamensfolk, - berre me ikkje med Latmannssnakk um Bondekultur narrar Bonden til aa leggja seg etter.

 

Det er eit Faatal, som naar det øvste Stig; det kann ingen hjelpa. Dei beste Hovud og dei seigaste Viljar vinn fram; dei andre naar berre stykkjevis frametter. Men alt Folkefostringsarbeid maa gaa ut paa aa faa so mange som mogeleg so langt fram som mogeleg, og i eit Land som dette er det minst av alt Bonden, som skal lærast upp til aa lita seg med ei Godtkjøpsutvikling, tilmaatad aat honom av Bondeprofetar elder Bondefangarar.

 

Dei, som talar um Bondekultur og ikkje dermed meiner ein Aalmugekultur, dei kann ikkje forklara, kva dei meiner, utan med andre Talemaatar. Dei segjer t. D., at det, dei vil ha, er Aalmennkulturen, men denne ”bygd paa heimleg Grunn”.

 

Ein kann ikkje byggja Kulturen paa den og den Grunn. Dei, som segjer slikt, meiner ingenting, elder dei meiner, at dei vil ha ei Utvikling, som ikkje gjeng utanum den og den visse Grenselina. Dei vil ha ei Undervisning, som høver med den og den Tendens, altso ikkje ei fri Aandsutvikling, men ein Seminarkultur, tilskoren etter visse serlege Formaal elder Turvter.

 

Nei, ein kann ikkje byggja Kulturen paa den og den Grunn. Kulturen er det menneskelege Aandsliv; det veks gjenom Verdi med sjølve Soga. Det gjeng gjenom mange Skifte og Umskifte; men ein kann ikkje taka det og flytja det og byggja det um og stella med det etter sine eigne Hugskot; ein kann liva med i det, elder ein kann liva utanfor de, meir elder mindre utanfor, til dess ein kjem heilt ned i Villmannskapen.

 

Oftedøler og Gausdøler hev funnet paa noko no, som dei kallar ”Europæisme”. Dei vil ikkje vita av den, segjer dei. Det menneskeskelege Aandsliv hev naatt lengst fram i Europa, det veit dei; men me skal ikkje vera europæiske likevæl, me.

 

At dei sjølve ikkje vil vera Europæarar, det kann vera for det det er, og det hev visst sine Grunnar. Men det er ein rar Tanke, at gamle Norig ikkje lenge skulde høyra med til Europa.

 

Og fekk dei raa, som dei vilde, dei Kararne, med sin ”kultur paa heimleg Grunn” og sine mange Paafunn, so kunde dei nok faa Norig til aa høyra med til Kina.

 

Men endaa dei hev alle Bakstrævarmagter med seg, skal dei ikkje koma nokon Veg med det.

 

_Der var dei, som vilde byggja Kulturen paa heimleg Grunn den Gongen, daa Kristendomen kom. Kristendomen var fraa Sudlandi, sa dei, og høvde ikkje for oss her uppe.

 

Der var dei, som sa det same, daa Lutherdomen kom. Og daa Liberalismen kom, var der fælt mange, som vart heimkjære og nasjonale.

  

Dei vilde byggja Kulturen paa heimleg Grunn. Me skulde ha det, som me hadde havt det fyrr, og so utvikla oss pent og i Ro, men ikkje bry oss um dei utanlendske Paafunn. Me skulde melda oss ut av Europa.

  

Dei kom ingen Veg. Fraa St. Olavs Tid høyrer Norig med til Europa, og Lars Oftedal, Jak. Sverdrup, Christoper Bruun og andre slike, dei fær nok finna seg i det. Og Vegen millom Norig og Europa vert for kvar Tid stuttare.

  

Ei einaste Von hev dei: um dei kunde faa Bønderne til aa mura seg inne. Men me, som vil, at Nordmennerne skal vera Europafolk, me skal væl meinka dei i det. Det skal gaa med dei, som det gjekk med Trollet, som bygde Kyrkje for Kong Olav: daa Trollet trudde, at det alt hadde vunnet, ropad Kong Olav det paa Namnet, og so vart Trollet til Stein.

 

Me veit Namnet paa vaare nye Tuftekallar, me, og me skal ikkje spara aa ropa paa det. Men det rette og sanne Namnet deira er:

 

Bakstrævarar.

 

Eg sa noko sist um, at der ikkje kunde vera Tale um aa laga ein serskilt Kultur for eit Folk eingong.

 

Mange, som meiner det godt, og andre, som det kann vera det same, kva dei meiner, vart ville for dette, og sume hev mint meg um Ting, som eg sjølv skreiv i 1879, og som bar paa ei onnor Leid.

 

Aa ja, eg foor visst med mange Talemaatar i 1879, som eg hev vakset av meg no.

 

Men um so skal vera, so kann eg visa med svart paa kvitt, at eg var paa rett Veg i det nasjonale Spursmaal, so i det store, alt so tidleg som i 1877.

 

Daa skreiv eg ei Bok til Forsvar for Maalsaki. I den stend der noko, som kann vera godt for I. Filseth og andre aa faa Forstand av. Det er skrivet i eit fælt Maal, men Meiningi er god; det gjeng ut paa, at Norskdomen ikkje skal gjera oss til Kinesarar.

 

Det er Abstraktion, Metafysikk”, skreiv eg, ”at opfatte Nationaliteterne som blotte Skranker i Modsætning  til det almenmenneskelige. Det almenmenneskelige existerer ikke spøgelseagtigt in abstracto, det existerer kun i konkret Realisation, i specifike, bestemmelsesfyldige Individualitetsformer. Derfor er der ikke nogen Modsætning mellem det ”almene” og det ”nationale”; de er tvertimod et, og forholder sig til hinanden som ”Ideen” til sin Realisation”. (Ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse S. 133-134).

 

Det er den Tanken, som gjeng gjenom Boki. Me kann ikkje vera danske, tyske, franske; lat oss altso vera det me er, nemleg norske, men ”Kosmopolitar” like godt! Me vil ha ein nasjonal Kultur; og nasjonal Kultur forklarad eg som ”almindelig Kultur i selvstændig Opfatning”. Eg var altso ikkje so reint burte. Men um eg hadde tenkt aldri so rivande galet i 1877, so tok eg meg væl Lov til aa segja det, eg no meiner, likevæl, og det er: at me likso lite kann laga ein serskilt Kultur aat det norske Folket, som me kann laga ein serskilt Kultur aat den norske Bonden.

 

I dette aalvorstunge Landet gjeld det for galet aa skifta Standpunkt, iser naar ein skifter Standpunkt fram. Eg veit det, men eg forstend det ikkje lenger.

 

I 1877 forstod eg det visst. Det var væl ikring dei Tider, at eg las noko av Christofer Bruun, som eg likad so godt; han fortalde, at han bad til Vaarherre um, at han maatte ”faa Naade til at være tro”. Det vil segja, Naade til aa aldri skifta Standpunkt.

  

No tykjer eg, slik Tale er fæl og umoralsk. Aa binda seg til ei viss Uppfatning for Livstid, det er som aa stinga ut sine aandelege Augo. Elder det som er som aa klinka seg inn i ei Trollbrynje, so ein aldri meir kann koma ut, um ein vaks, so Bringa kvevdest. Eg vilde ikkje vera den, som skulde forsvara slik Aatferd; men Chr. Bruun bad Vaarherre um Naade til den Gjerningen han.

  

Og han gjorde, som han maatte gjera: drog til Gausdal og murad seg inne. Han las Luther og Grundtvig i ei Tid, daa andre studerad Mill og Darwin. Paa den Maaten vart han ”tro”. – So tru, at han, som eingong skulde vera den modige Fridomsmann, den djerve Aandskjempa, han stend no i Fylking med Lars Oftedal og Jak. Sverdrup.

  

For det er som altid: den, som ikkje arbeider seg fram, han sig attende. --

  

Naar eg segjer, at Christofer Bruun stend i Fylking med Oftedølerne, so er det naturlegvis berre halvsant. Christofer Bruun stend aldri heilt i Fylking med nokon. Han reserverer seg. Han er altid ”i væsentlige Stykker uenig” med dei, som han slær Lag med. No er han, um eg ikkje mishugsar meg, ”dybt uenig” med Lars Oftedal. Men naar han soleis hev reservert seg, so gjeng han med, _paa ein Maate.

 

Staa i fremste Radi og slaast, slaast so Busti fyk, det er ikkje Christofer Bruuns Vane. Han stend altid halvt utanum og halvt attanum. Ein Gong imillom skyt han paa Fienden. Men iser held han Auga med sine eigne og passar paa, um dei slaast etter Reglarne og brukar dei rette Vaapen. Finn han, at dei ikkje gjer det, so stig han fram for dei og held Foredrag midt under Slaget.

 

Daa er der ingen, som hev vidare Stunder til aa høyra paa hans aalvorlege Ord. Men han er fornøgd med, at han hev havt Mod til aa segja dei.

  

Um han vil halda noko Foredrag for Vestlandsposten  um moralsk Kampmaate og blanke Vaapen, veit eg ikkje; han kunde ha ”nok aa taka av” der, um so var. _

 

_Nei, det er visst ikkje verdt aa beda um Naade til faa vera ”tro”, utan mot sjølve Sanningi. Og Sanningi er endelaus; du hev ho ikkje i Dag, og du hev ho ikkje i Morgo.

 

Men det, du trur er Sanning i Dag, kann du imorgo sjaa er Lygn.

  

Er du daa tru mot Sanningi, so læt du Lygni fara. _

 

Men det var den nasjonale Kulturen.

 

Liksom ein Mann, just gjenom Arbeidet med aa koma inn i den aalmenne Daning, utviklar seg sjølv og vert seg sjølv, so han sidan kann arbeida med i Livet paa sin Maate, - like eins er det med eit Folk: gjenom Arbeidet med aa eigna til seg det aalmenne Aandsliv utviklar det seg sjølv og vert sjølvstendigt.

  

Og naar det hev vunnet ei sjølvstendig Utvikling, so det kann vera med og arbeida i Verdi paa sin Maate, so segjer me, at det hev ein ”nasjonal Kultur”.

 

Til det aalmenne Aandsliv høyrer det Livet, som kvart Folk sjølv hev ført; det segjer seg sjølv. Men like eins er det sjølvsagt, at skal eit Folk læra noko vidare av si eigi Soge, maa det sjaa denne i Samanheng med den aalmenne.

 

Me vert ikkje mindre norske, um me veit mykje um og fraa andre Land. Um kvar Nordmann kunde Fransk, vart ikkje Nordmennerne Franskmenn; um kvar Nordmann kunde Shakspeare paa Fingrarne, vart ikkje Nordmennerne engelske. Og me misste ikkje Nordmannskapen vaar, um so kvar norsk Mann var Professor i europæisk Literatur.

 

Ja ikkje um me vilde gjerast paa aa vera engelske, tyske elder franske, vart me det. Eit Folk er so sterkt naturbundet og historisk bundet, at det vert seg sjølv, um det strævar nokso mykje med aa vera noko anna.

 

Der kjem ei Tid, daa kvart Folk kjem etter dette, og daa segjer det til seg sjølv: lat oss altso vera det, som me kann vera; lat oss vera det, me duger til.

 

Me her uppe hev funnet ut, at me ikkje kann vera franske elder engelske, tyske elder danske; det nyttar ikkje aa prøva paa det. Det vil berre seinka oss. Lat oss altso vera norske, d. v. s. lat oss vera naturlege. Lat oss vera so, som det fell seg aa vera for oss.

 

Me vil ikkje skapa oss um. Me vil bruka Tidi til Arbeid, som der kann vera Gagn i. Altso vil me t. D. ikkje, at Stormengdi av Folket skal bruka si beste Læretid til aa stræva med eit Maal, som det ikkje lærer likevæl. Folk skal tala som dei kann tala. Daa det seinkar aa ha tvo Maal, og daa Folk flest i dette landet ikkje talar dansk, vil me, at alle skal samla seg um det norske; di snarare det kann gaa, di mindre kraftspille. Det er dette, Folk kallar Maalstræv.

  

Men det vilde vera likso urimelegt, um me vilde skapaoss norske som um me vilde skapa oss danske elder franske. Det vilde berre føra til Unatur, berre spilla Tid og Kraft. Grunntanken i alt vaart Norskdomsarbeid vert altso den: me vil ikkje skapa oss paa nokon Maate; me vil stella oss so, at me kann faa bruka all vaar Magt paa Arbeidet for aa utvikla oss, _utvikla dette Samfundet til eit Kultursamfund.

 

Og i sjølve dette Arbeidet vil me altso vinna ”nasjonal Kultur”. _

 

Me tarv ikkje gjera Kunster for aa vera norske, liksom me ikkje skal gjera Kunster for aa vera unorske. Aa laga ein serskilt Nordmannskultur vilde ikkje vera aa gjera oss meir norske, det vilde vera aa gjera oss meir dumme, og me vilde mindre og mindre kunna vera med i det store kappstræv millom Nasjonarne.

 

Den gamle Talemaaten, at Norskdom er Innestengjing, hev voret i Vegen for Maalsaki so lengje, at me Maalfolk iallfall burde vera glade, um me fekk han døyvd.

 

Men det er ikkje so greidt. Maalfolk er mange Slag, og alle dei graae Tuftekallarne kravlar berre som Maur utyver Landet i desse Dagar.

  

Det er Jakob Sverdrups Maanad no.

 

 

Arne  Garborg.

 

 


Frå Fedraheimen 28.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum