Olaf Huseby og Maalsaki.

 

(Del 2 av 6. Fyrste delen.)

 

Kristiania, den 27de Juli.

 

II¹).

 

Paa denne Maaten kunne det ikkje halda ved. Me maatte faa Bokhandlarar, som baade vilde og kunne ta’ Kampen upp med Gyldendal der ute og med Herrarne her heime og eldest vera norsk frihuga.

  

Ein Bokhandlar skulle i si Verksemd sagta ikkje vera korkjen Høgre elder Vinstre. Men her laut han daa i det minste vera godhuga like overfor Vinstrepartiet. Høgre hadde fullt upp av Hjelp fyrr, so det tarv ikkje noko ny og serleg Stytta.

 

Gode Nordmenn, som hadde vidt og klaart nok Syn til aa skyna, kor vigtugt dette var for Noreg under Arbeidet for aa vinna fram att til jamnsides Rang og Verde med dei tvo andre skandinaviske Landi nettupp i denne Vegen framfor mange andre, heldt Ut-kik og søkte etter eit høvelegt Emne til sovori Uppgaava.

 

Han maatte vera mangesidug av Gaavur, heil og fastbygd av Huglag, vera modig og sterk, ha’ Nebb og Klør og vera verkeleg norsklynd, so han ikkje berre smiska med Norskdomen, men for Aalvore vilde ta’ fat paa det nye og tunge Arbeidet aa gjera Bokavlen i norsk i Maalvegen og, ettersom Tidi skreid fram, og det vart Torv til dette. Her heime kom han – vonlegt – til aa staa paa Krigsfot med heile Bokhandlarflokken og maatte diso kunna sitja fast i Salen, um so var, dei hugad prøva Krafter med kvarandre, so mykje meir, som han vilde verta ein mot mange. I alle Verksemder er og Upphavstaket det vandaste og tyngste, so til Vissa daa, skal der mykje og godt Umdøme til. Sist, men ikkje minst: han maatte vera rik som Havet er djupt, for han skulle millom anna løysa Gyldendal av og kannhenda verta utsett for harde og langvaruge Kringsetjingstilstand av dei andre Bokhandlarar, so at han laut ha’ noko aa tæra paa og halda ut med.

 

Ein sovoren Mann veks ikkje paa kvar den Kvist, og dersom han finst, er han likso sjeldsynt og merkjeleg som ein Kongedaude.

 

Korso høyrdest det ut for her eit Aaret, at dette skulle henda. Det tok til gaa Ord um, at Tidi var inne, daa eit slikt Særsyn vilde vera aa sjaa. Mannen, me so lenge hadde sakna og stunda etter, var i Vente med det allerfyrste, ja stod so godtsom for Døri og kakkad paa.

 

(Meir.)

 

¹) Framhald fraa Nr. 46.

 

 


Frå Fedraheimen 28.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum