Um Tvidraget i Vinstre.

 

(Etter Fyredrag av Olav Sveinsson i Seljord 18de Juli).

 

 

Eg kunne ikkje skyna betre, etter det, som vart sagt i fyrre Møtet av Innleidaren, enn at denne ”Splittelsen” i Vinstre  baade er nasjonal og religiøs: Paa ei Side Bondesyn i lag med Kristentru og paa den andre Fritenkjeri i hop med Europæisme og akademisk Daning.

 

Dette Synet er ikkje mitt.

 

Vestlandspost-Flokken meiner visst noko slikt. Men det sterkaste, som fraa den Sida kjem fram, er, so trur eg, inkje anna enn ”Kristendomsuppropet” i ein annan Klædnad.

 

Det var ein fri Rørelse, som H. N. Hauge vekte i det Gudelege. Men G. Johnsson fekk desse Lækfolki inn under Formyndarskapen aat Prestar og Teologar. Føraranne for Oftedalsflokken hev gjort noko liknande. Oftedal tok upp Vinstrepolitikken i Vetosaki og fekk Tiltru av Vinstreflokken, mest hjaa Lækfolket, som no gjer honom til Formyndar for seg. Johnsons Flokk vart høgkyrkjeleg, Oftedals laagkyrkjeleg. Det skil noko millom dei. Men det, som bind dei i hop, er mykje sterkare. Baae tvo er imot Aandsfridom som Jamnaden alle Teologar; den fyrste sende ut Uppropet til ”Kristendommens Venner”, den andre gjer paa sin Maate i denne Kiellandsgreida noko liknande i sin Vestlandspost. I den Saki er dei støypte i eit, baae vantar dei Fridom i Aandssaker.

 

Paa hi Sida stend det frilynde ”reine” Vinstre, Europæarne, Akademikarne, Fritenkjaranne, som Vestlandsposten  kallar dei. Det tyt fram, at denne Flokken ikkje er kristeleg. Dette er dristugt sagt. Eg torer ikkje døma um den Ting.

 

Men set, at Vestlp. og dei hadde Rett. Det kjem daa ikkje Saki ved. Det er Gjerningi sjølv, som skal dømast. Det er eit stort Mistak, som tidt vert gjort, aa døma ei Gjerning etter ei Meining, dei hev laga seg um Personarne. Me ser fleire no, som er imot alt det, ein Mann gjer, fordi dei personleg er imot Mannen sjølv; men me lyt døma Mannen etter Gjerningi og ikkje Gjerningi etter mannen.

 

Spursmaalet er: Kann Kristendom og Aandsfridom einast elder ikkje? Skal denne Verdsens Mammon vera ein Serrett for berre ei Slags Meining um gudelege Ting? Me kjenner Statskyrkjegrunntanken. Den Meining, Staten hev kneset, ho og ingi onnor skal hava Einerett til Pengehjelp.

 

I Pavekyrkja veit me, at Pavemeiningi skulde hava alt. Kritikk og Meiningsskilnad toldest ikkje; dei, som bala med slikt, skulde lida vondt paa Kropen, ikkje hava Rett til sin eigen Eigedom, ikkje eigong Livet sitt eiget.

 

So var det der.

 

Men so kom Religionsfridomen fram og drap paa denne Pavetanken. So fekk me Statskyrkjetanken istaden. Men no tek Religionsfridomen til aa tæra og drepa paa den au. Sjaa no jamvæl her: Me fekk for faae Aar sidan Lov um, at ein Mann kann faa visse Embætt, um han ikkje trur som Statskyrkja. I Framtidi kjem Fridomen i den Leid til aa ganga vidare.

 

Er no denne Statskyrkjetanken ein kristeleg Tanke? Var den kristeleg, so tolde den ikkje Avslag. So laut me vera kristelegare, di meir me kunne gjera etter den. – Pavetanken maatte daa vera mest kristeleg.

 

Men her er vist ingen, som torer segja, at ein slik Grunnsetning er kristeleg. For daa laut sjølvsagt Ordtøki aa ”kara Eld under eigi Gryte” og ”mjøla eigi Kake” vera Uttrykk for ein kristeleg Moral.

 

Den kristelege Moral er tvertum, akkurat tvert um. Aa gjera væl mot alle, jamvel Fiendar, det er kristeleg Moral: Du nører glodande Kol paa Hausen aat din Fiende med aa gjera væl mot honom. So lyder det. Di meir me kann gjera det, dess meir kristeleg moralske er me. So er mi Meining. Aa gjera væl berre mot vener, ja det heiter nokk Tollarmoral, ”det kann ein Heidning makeleg”. Det er litt rart aa sjaa paa, at dei same, som sparkar so saart mot, at Kielland fær eit litet Vederlag, sjaa dei standa i Tinget aa fikte so saart for aa faa Pensjonen til sine ”Venner” sett upp t. D. fraa 2800 til 3200¹). Det høver godt i hop med Statskyrkjetanken, men er Tanken kristeleg? _

 

So var det Bondesynet og Europæismen.

 

- Bondesynet skal serleg vera paa den Sida, som var mot Kielland. Tek me Lista av Tingmenn for oss, so finn me minst 43 Stykkje Maalvenner for, og minst 22 imot. Av verkelege Maalmenn er der fleire paa Kiellandssida og fleire Sparemenn au. Endaa skal Bondesynet avende slut vera paa hi! Akademikarar er det i det heile like mange av paa kvar Side. Kva det meinest med Europæisme, hev eg ikkje fengje Greide paa. Noko gale er det. Vantru kanskje? _Men kann den ikkje ogso vera norsk, tru?

 

Det europæiske stend for meg som noko, som hev boret oss fram nedigjenom Tidi. Sjaa berre paa vaar eigi Soga. Haakon Adelstein, baade Olav’arne, Sverre o. fl. av vaare mest elskade og nasjonale Kongar var Europæarar i si Tid. Vaare gamle Skaldar gjorde altsom tidast ein Sveiv til Utlandi. Soga vaar fyre Dansketidi syner, at det ikkje var ”Nordmanns Vis” aa vera rædd anten sterke Aander elder sterke Kroppar, sjølv um dei var europæiske. Mennerne fraa 1814 var slett ikkje rædde aa prøva det europæiske, og me tregar ikkje paa det. Vaare Diktarar med Henr. Wergeland som Merkjesmann helder ikkje. Byggjemaaten vaar er Tilmaating av utanlendske Former, vaare nasjonale Maalarar Tidemann, Gude o. fl. er lærde i Utlandet. Eg trur, at naar me granskar etter væl, vil me sjaa, at det frie sjølvstendugeSamkvæme med Europa slett ikkje skader, berre styrkjer det nasjonale, gjev det Innmat, Næring og Bløming. Berre ei Glod held ikkje Varme. Noko so med eit Folk au. Det er ikkje bra for eit Folk aa leggja seg som Bjørn i Hiet²). Me lyt fylgja med Tidi i all menneskjeleg utvikling, ikkje krjupa rædd i Hol, men prøva alt og halda paa det Gode.

 

Eg trur ikkje, at det anten er paa Bondesynet elder Europæisme, Vinstre hev klovnad. det, som hev skilt dei tvo Flokkarne, er ikkje anna enn større og mindre Frilynde.

 

Det er Hovudgrunnen til Skilnaden.

 

Men det, som bør segjast til oss sjølve Bønder er dette: Vil de vinne dykk fram i Utvikling, i Vyrdnad, til Styrke, til Magt, til aa faa noko aa segja, so ver ikkje rædd nokonting, steng dykk ikkje av for Framstigstankarne, men bygg heile dykkar Politikk paa heilt og fullt Frilynde. – Hadde t. D. Bønderne i Tinget voret so hjarta, at dei no hadde gjevet aalmen Røysterett! – Eg tykkjest berre høyra det Gledesrop, dei hadde møtt i heile Landet. Ein bør aldri vera rædd for aa gjera det, som er rett og retferdugt, sjølv um det skulde henda, at det vart misbrukt. Det er noko, ein vinn av i Lengdi likevæl.

 

 

¹) Oftedal i Pensjonsdebatten i 1884. Oftedal hev sjølv ca. 12000 i Aaret.

²) Sjaa Island o. fl.

 

 


Frå Fedraheimen 28.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum