[Tidender.]

 

Folkehøgskulen Hans Kirkeberg.

 

I Sandsvær, tett ved Kongsberg, hev O. L. Kirkeberg haldet Folkehøgskule paalag eit Aar no. So vidt me veit, fekk han i fjor og Amts- og Statstilskot liksom iaar. Amtstinget i Buskerud gav honom i Sumar 450 Kr. Naar Statstilskotet kjem attaat, vert det tilsaman ei god Stytte for Skulen.

 

Kirkeberg gjev og ut eit ”Folkehøgskuleblad”, som ser ut for aa kunna faa mange Tingarar, daa det i mange Maatar er høvelegt Blad for Høgskuelvener.

 

 

Statsministar Johan Sverdrup fyller i Dag, den 30te Juli, det syvtiende Aaret sit.

 

Johan Sverdrup fer i dag til Tyskland for aa vera ved Bad ei Stund. Han er ikkje sjukleg, men korso vilde Lækjaren hans, at han skulde ta seg fri nokre Vikur.

 

 

Dagbladet for 29de Juli tok inn fraa Fedraheimen Uppsettet hans Olav Sveinsson um Tvidraget i Vinstre.

 

Dagbladet skal ha Takk for dette. Stykkjet var godt, men paa Maal, og daa pla Folk vera redd for aa ta’ fat i det – ein Reddhug, som ikkje altid hev Grunn for seg.

 

 

Skandinavisk Kaproning. Svenskar, Nordmenn og Danskar møttest i Danmark for aa sjaa, kven som rodde best. Svenskarne vann, Nordmennerne tapad.

 

 

Det nye Ministeriet i England. Salisbury baud Hartington gaa med i Ministeriet, ja, at han kunde faa Statsministar-rangen. Men Hartington vilde ikkje. H. vilde hjelpa S. mot Gladstone, kva vedkjem Sjølvstyring i Irland, men ikkje i anna. Salisbury hev samlat nye Statsraad berre af Torryar : paa lag Høgremenn.

 

 

Dei svenske Brøderne vaare mutrar noko um, kva Statsraad Arctander hev aa gjera paa Sofiero hjaa Kongen, at Kongen ikkje fær vera i Fred nokonstad for Johan Sverdrups ”Speidarar”, at J. S. hev Englarne sine over heile Sverig og Noreg, og at det ikkje berre er Nordmenn men Svenskar og, som let seg bruka soleis av han.

 

Dei klagar og over, at det er so mange norske Offiserar i den svenske Heren, og at dette kunde verta faarligt nok, dersom...

 

Og so burt igjenom.

 

Her i Noreg hev me og Vitjing av mange Svenskar, men desse staar ofte ikkje so høgt som Statsraadar og Offiserar. Millom mange andre er mest halvaprten av alle Brottsmenn her i Landet Svenskar. Tjuvar, Mordarar o. s. fr. er ofte komne austan Kjølen ifraa.

 

 

Kristianiaposten fortel alle dei Tusund, som les det, at Fedraheimen hev samanliknad Garborg med ein Meistartjuv.

 

Baade Garborg og Fedraheimen kann ta’ seg dette lett. For det er berre slik aandeleg Vombefylla, som Kr.aposten kappast med ”Nisse-Sværta” um aa diska upp med.