Ein Selle.

 

(Del 24 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 47).

 

Daa eg gjekk nedgjenom Lidi og skulde heim att, var eg jamglad med Kolumbus, daa han hadde funnet Amerika, trur eg. Ja eg gjekk ikkje, men tok heile Lidi i nokre faae Byks, det var som eg hadde fenget Vengjer, og eg lo og trallad og song, som eg var halvgalen, so eg hadde nær skræmt Vitet av ei gomol Kjering, som kom ruslande uppetter med ein Meis paa Ryggen.

 

Aa so lett eit Hjarta og godt eit Samvit eg hadde, daa eg kom heim og lagde meg den Kvelden. Og daa eg vaknad um Morgoen, hadde eg slik ei Kjensle av noko klaart og ljost, at eg kunne ikkje tru, Soli hadde voret burte heile Notti. Og utan denne Kjensla kom Bilætet av Gunnvord so greidt for meg, soleis som eg hadde set ho der paa Heidi, i ein Blink, med eg knipte att Auto, saag eg tydeleg kvart Drag. Kven skulde daa hava tenkt seg, at ho var so fager, elder var det eg, som ikkje hadde set rett paa ho fyrr? Det var slik ein Friskleik som i Lauvsprettingi um Vaaren og slik ein Glans i Augo og Glo i Kinni som i dei fyrste sprikjande Blomar, ein ser um Sumaren. Og slik ein Natur, so fri og hugheil og urædd og ikkje det Slag av denne Bondeblygsla og Rædsla for aa gjeva seg burt i sine Inntrykk. Skulde nokon daa hava set vænare daa enn den Munnen, naar ho smilad, det var som du fekk ein Ange av nysleget Høy. Det var visst lenge me hadde sotet der ihop og talat, alt til ho spratt upp og hugsad paa Kyrne, men daa hadde dei alt avleitat, so me høyrde ikkje Bjølla desheld; eg fekk ikkje segja rett Farvæl helder, eg merkad berre det gule Haaret for framum meg som ein Straaleflaum.

 

Utpaa Tunet stod ei ung Bjørk med fin kvit Næver um den granne Leggen og vænt friskt Lauv. Den Bjørki døypte eg Gunnbjørg, eg totte ho var so lik ho.

 

Morgostund hev Gull i Mund, det hev eg allstøtt visst, men det er ikkje allstøtt, at eg hev livet, som um eg hadde fullfast Tid paa det. Men denne Aftan kjende eg paa meg, at heretter kom eg visst til aa standa upp tilegt um Morgoen, ja fælt tileg og. Eg visste um ein Veg uppgjenom ei bratt Lid, eg visste um noko der øvst uppi Nutarne, eg visste um ei Fløyte der eg, ei væn Siljefløyte, som kune faa baade Stein og Tre til aa laata. Aa kor fordundrad ho vilde verta, naar ho saag, at eg kom att; eg trur daa, at ho vilde verta glad, ja ja; eg tottest berre sjaa for meg den Snuten hennar, med det same ho vender Hovudet og fær sjaa meg, og Haaret skin som Gull i Soli, og Augo lyser og blikar so ljost, medan ho segjer so mjukt aa lint: ”aa nei er det du daa”. Aa rett for eit Maal, det var som den vænaste Musikk alt ho hadde talat, eg hadde aldri høyrt maken. Fjellmaalet her var daa sanneleg det fagraste Maal ein kunne høyra i Verdi, sjølve Italiensken var daa ikkje noko imot naar Gunvord talad, og eg freistad aa draga meg til Minnes kvart eit Ord, som ho hadde sagt, og prøva daa herma det paa den Maaten, som ho hadde sagt det, noko veiklegt og ustødt var det endaa, men so uvanleg reint i Klangen og slik ein Daam ved det, eg laut tenkja paa ho i Æventyret, som det draus Liljur og Rosur or Munnen paa ved kvart Ord, som ho talad. Eg var mest inni Sømnen, daa eg vart fullvak att med ein Gong med det, at Bilætet hennar stod so klaart for meg, so eg kunne hava teiknat kvart Draget, men daa eg vilde halda paa det, seig det burt i Dimma, og kor mykje eg freistad, virrad det seg berre meir og meir ihop, til dess det virrad meg inn i Draum. Um ei Stund vaknad eg, daa var Klokka halv tvo, og Dagsrandi lyste so bjart nordmed Aasarne. Det var endaa for tilegt til aa risa upp, eg lagde meg nedpaa att, og vaknad Klokka 3 med det, at Regnet piskad imot Ruta. Daa likad eg meg ikkje. Men likevæl stod eg upp, nørde paa Aaren og kokad meg Kaffi. Men til lenger det leid paa, til verre vart Veret, det strøymde ned med slikt eit kaldt og vondt Regn, at det var fæle Ting; og stundom var det heiltupp smaae Snøfok, men som smeltad, naar dei kom ned paa Marki. Men paa Heidi var det daa visst Snødriv for Guten i dag, der nyttad det nok ikkje aa koma no. Og eg var sur og vond heile den Dagen. Andre Dagen var det mest like galet, tridje Dagen var det helder ikkje fint, det var fyrst fjorde dagen, det var so vidt farande, men fyrst femte Dagen var det so nokorleis turt, at det kunne vera meining i aa taka ut. Hu for lange Dagar, eg gjorde ikkje anna enn ganga og venta og livde i Minnet med ymse Voner. Daa eg endeleg kom upp i Heidi, og leitad paa dei kjende Lauter, var det ikkje eit Ljod aa høyra, og daa eg til Slutt fann Buskapen, var det ei Framandgjente, som gjekk og gjætte. Eg gjekk til Stølen, og fekk der vita, at Gunnvord vart hentad heim, daa Styggveret kom, og ho skulde nok vera heime det, som var att av Sumaren.

 

(Meir.)


 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum