Halvdan Sekse.

 

(Del 1 av 2.)

 

(Skisse av J. E. Maakestad.)

 

 

Aasa heitte ho, fraa Voss ættad ho, paa Børve budde ho og ven var ho, Synd aa anna segja.

 

Med den fyrste Kjærasten sin, Bjørn Hovland, hadde ho sleget upp, daa ho vart ”vakt” og ved Guds Naade fekk Augo upp for, at han korkje var elder tottest ha’ nokon serdeiles sterk Hug etter aa verta ein odmjuk, sann Kristen.

 

Trulovad vart ho paa nytt Lag. Det var fleire, som ynskte nok so varmt aa faa Klo i dei 10 Tusund, ho aatte, ja i henne sjølv med, for ho hadde ein fin Tekk yver seg, eit Andlit so ljost og raudt og vent, at det var mykje, og dessutan ein liten Munn, du...

 

Denne Gongen vart det han Halvdan Sekse, som gjekk av med Sigren, som fekk henanr søte Ja, og eit varmt, hjartelegt Haandtrykk attpaa – men ingen Kyss, for ho meinte, det var slett ikkje sedelegt aa kyssast, det han ogso laut segja, han var einig med henne i. Han tenkte nok, han, han skulde taka so mykje fleire, naar dei ein Gong vart gifte.

 

Halvdan Sekse var visselig i sitt Hjarta ein sann kristeleg Gut; men han hadde den Vanlukka, at ”denne Verdens ugudelege Børn” trudde ikkje paa nokon Maate, at han varein ærleg Kristen. Dei trudde, dei Trolli, at naar han gjorde seg til Bønamann, umvende seg og vart gudeleg, kom dette vist berre av, at han gjerna vilde faa handla med Bønafolket, og av dei var det mange i Nærleiken hans. Han var nemleg Landhandlar og denne same Halvdan og hadde Ord for aa vera ein nett av rette Slaget. Meir enn ei Soge um, koss han hadde snotet det Barnet og det Barnet, gjekk det millom alle desse ”denne Verdens ugudelege Born”, som budde i Grannelaget. Ja so uvyrdne var dei, at dei fann Moro i aa peika paa han som eit Eksempel paa, koss mange av Bønafolket igrunnen er i denne underlege Verdi.

 

Ein ung Gut, Alv Opedal, staut og byrg, men som dessverre hadde letet seg forville av ein galen Høgskulelærar og no var vorten Grundtvigianar, - heldt av henne Aasa. Han hadde fyrr friat til henne men fenget nei. Ho hadde svarat, at hadde han voret rett i Trui, voret ”vakt”, so hadde ho vistnok heldet av han, heldet meir av han enn av nokon annan, men... Guds Born og Verdens Born høver ikkje i hop. – Han fekk snart høyra, at Aasa trulovad seg med Halvdan. Daa las han upp, at det fanst det ikkje Meining skapt i. Det vilde vera Synd for so bra ei Gjente aa verta lurd soleis. Halvdan var ein utgrunnad Rakkar, som visseleg kom til aa gjera henne reint ulukkeleg. Han kjende Halvdan ut og inn... Han vilde, han burde, han laut gaa til henne og segja henne Sanningi, vara henne aat...

 

Han gjekk – og talad so:

 

Det er rimelegt, du tykkjer ikkje, det er noko vidare smakfullt av meg aa koma hit og røda me deg no. Eg veit, du vil segja, at i Visse burde eg ikkje nemna det, eg viltala um. Men eg kann ikkje anna, eg finn, det er min Skuldnad aa vara deg. Høyr no; Han Halvdan Sekse, som du hev trulovat deg med, er ein Augnetenar og ein Fant – for ikkje aa segja noko verre. Det er tunge Ord, dette; men eg skal bevisa, at dei er sanne...”

 

Du lyg, du er eit Verdens Barn. Eg vil ikkje høyra meir av det vonde, du gjeng og ber paa”, sagde ho kvast. Og dermed sette ho Fingranne sine inn i Øyro, sette seg ned paa ein Stol og byrja aa syngja:

 

O vee mig, at jeg syndede!

med Frygt jeg maa til Himlen se.

Hart trues jeg av Skræk og Kval…”

 

Alv totte, dette var noko av det pinesamaste, han kunne tenkja seg. Eit sorgmodigt Smil viste seg kring Munnen med det same, han gjekk.

 

Desse Verdens Born, dei er uvyrdne, det er sant, denne Verdi er ein Jammerdal”, sutrad Aaso, ho sat att aaleine.

 

Tenkja seg til... koma hit soleis. Men... men... men det skulde daa væl aldri vera det minste i det?... Var ikkje Halvdan ein sann kristen, ein som hadde fenget dne heilage Guds Aand, so vilde ho naturlegvis slutta; ho vilde aldrig gjeva seg til ein, som ikkje fylgde trufast etter den kjære Frelsaren... Anei, anei, anei Halvdan varein sodan. Det var utruskap mot han aa tenkja noko anna...

 

Ho funderad i det lange og breide, fram og tilbake, spurde seg sjølv Gong etter Gong, um ho elskad elder ikkje elskad han Halvdan; fann stødt ut, at ho elskad, kvi skulde ho ikkje elska han? og maatte altso ikkje tvila, for Kjærleiken tenkjer ikkje vondt. Men ho tvilad likevæl.

 

Enden vart denne, at ho strauk iveg til Kjærasten sin. Ho raakad han i Krambui.

 

Og der fortalde ho, tungt og myrkt, um det, ho nyss hadde høyrt.

  

Ein Augneblink stod Halvdan tagall og beit Sinnet i seg... Fordømt, at dette skulde henda... Og at Alv var den, som bar Maalemnet fram. Han var ein bra Gut, og det viste ho... Han sa sant... Lyt Hunn klype finna paa noko... Ho er ei Jaale, som trur alt, eg segjer... Jau no hev eg det...

 

Andlitet hans Halvdan fekk eit tungsamt Drag, Taarur glima i Augo, det saag mest ut til, at han skulde ljota byrja aa graata.

 

So sa’ han, makalaust aalvrosam: ”Gud sjaa i Naade ned paa han Alv og gjeve honom til for det, han hev sagt um meg. Det skal vera mi varme Bøn i dag...”

 

Aasa var tilfreds og glad. Ho lagde seg inn til Bringa hans Halvdan og kviskrad upp til han: ”Takk, du kjære”.

 

Men so til al Ulykka kom Klokkaren inn. Elles hadde Halvdan gjerna fenget ein Kyss. No miste han den, og derfor var han slett ikkje blid. Men Klokkaren, den aalvorlege Bønamannen, var so mykje vyrd og taahelden, at det kunne ikkje gaa an aa visa seg uvenleg mot han.

 

Klokkaren helsad: ”Guds Fred!”

 

Takk!” svarad Halvdan. ”Det kan trengjast her i denne Verdi... Dei, som gjeng paa breide Vegen, dei er altid ute og freistar gjera Mein for oss, som hev fenget vaare Augo opnad. No var det denne Alv Opedal...”

 

Aa snakka ikkje noko meir um det, lat det vera gløymt”, bad Aasa.

 

Men Halvdan lest ikkej høyra dette og fortfor tungsam: ”No var det dessverre denne Alv Opedal. Han hev her i dag voret inne hjaa Gjenta mi og skræmt henne, Stakkar, med, at eg er ein Augnetenar og ein Fant. Er det ikkje syrgjelegt?”

 

Hev Alv sagt dette, - so er me radt einige, me tvo,” sa Klokkaren aalvorlegt og sette dei klaare, støde Augo sine fast paa han Halvdan, som pintest ved aa kjenna dei stira paa seg.

 

Haalvdan var ferdug aa missa haade Nos og Munn. Denne Mannen her hadde altso kunnat sjaa tvert igjenom han... og ræddast ikkje for aa segja det like ut... Du store Mads, dette var leidt... Kom han væl til aa missa Aasa... og Alv til aa faa henne... og Pengarne hennar... Ho kom fraa no av til aa vanvyrda han... Men Øyro stive, Halvdan!

 

Skal ikkje eg vera ein sann kristen?” Veit de ikkje, at eg gjer Bøner i Bedehuset?” spurde Halvdan, baade forbinad og litt snurten.

 

Klokkaren svarad : ”Jau, det veit eg altfor væl. Men eg trur, du meiner ikkje noko med det. Livet ditt er ikkje kristsamelegt. Eg er rædd au, at du fører paa Tunga di det, som du ikkje eig i Hjartat. Sjaa no berre, koss du bar deg aat med han Eiliv Sandstø...”

 

Me er alle Syndarar, veit du, men Vaarherre er ein naadug Gud, som gjev os til, naar me bed han um det. Og det med han Eiliv, det stend eg ved,” skaut Halvdan inn.

 

Klokkaren brydde seg no ikkje um, kva Halvdan sa, ikkje helder um den misnøgde Augnebragdi hans, men heldt ved utan vidare:

 

Det var, koss du foor aat med han Eiliv Sandstø. Du kravde han uppatt for ein Dalar. Du paastod, du skulde ha’ han, og han sa’, han kunne bevisa, at du laug. Daa vaagad du ikkje anna enn tigja like tildess, han alt var komen umbord i Dampskipet og skulde til Amerika. Just som Dampskipet byrjad aa gaa, var du so svint som ein sveden Gris og kneip Hatten taa han...”

 

Ja, men han skuldad meg verkeleg ein Dalar, og det neitad han, og det var Synd, og altso tok eg Hatten, for at Syndi skulde verta openberr, som Bibelen segjer, ho skal,” svarad Halvdan mjukt.

 

Aasa var vorti bleik som eit Lik – og gjekk utan aa beda Vælfara.

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum