No skal me vera aalvorsame

 

med Lars A. Havstad. Men naar Jørund Telnes gjorde seg til Gauk, so maatte ein anten tegja still elder ogso herma etter honom, for han tagnad Gauken daa, segjer dei.

  

Daa eg skreiv sisst, freistad eg ikkje aa segja, kvat Norskdomen laag i. I mi Gaukeherming snudde eg Gaukemaalet um. For du veit det, Havstad, at det lyder umlag so i desse Tider, at hev dei noko i Europa ein Stad, so kann ikkje det verta norsk, for det er ”europæisk”. So gjorde eg meg til græsk, jødisk, italiensk, indiansk, finsk Gauk og meinte paa, at dei var norske i Grekarland, Jødeland o. s. fr.

 

Men skal me vera aalvorsame, ja so hev Nordmannskapen format vaar Tale fraa gamall Tid til no, hev ogso lagt sin Farge yver Skikkar og Livemaate, Leikar og Samfundsliv.

 

Og no, me er aalvorsame, so hev Nordmannen format Knebroki og Topphuva, Huldreslaattarne, Tresko og Hudsko. Ja, um det so er dei gamleSkinkur, so hev Nordmannen sjølv latet dei verta gamle i Roti.

  

Romantiken” hev fenget mindst norsk Forming kannhenda.

 

Men det veit eg og, at Norskdomen ikkje no plent treng Knebrok og Toppluva, gamle  Skinkur og Romantikk lenger.

 

Og eg vil ikkje vera med aa setja upp som reine Kjennemerkje paa Nordmenn slikt, som ikkje er det elder kann vera det lenger. Endaa eg likar fælt godt Gamalost, so vil eg ikkje hava han eingong som Merkje. For daa vert ikkje Telemarkingarne reinlege Nordmenn. Og skulde Topphuva vera det, so vert ikkje andre fullpanta Nordmenn enn dei, som brukar Natthuva. Eg, som skriv detta, hev utan Romantikk bruka god heimgjord norsk Knebrok so mangein Dag, so eg er altid bergat. Men fyr meg skal hine og faa vera Nordmenn.

 

Eg meiner, Nordmannen er livande, og det han et og liver av, vert umformat til noko av honom sjølv, anten det hev vakset heime elder burte. Det, han ikkje kann bruka, kaastar han fraa seg som umæltande. Soleis gjer Hest og Ku, Saud og Bjønn. Og Nordmannen daa, han gjer det ikkje berre med Maten aat Kroppen sin, men med alt, han liver paa.

 

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum