Olaf Huseby og Maalsaki.

 

(Del 3 av 6. Fyrste delen.)

 

Kristiania, den 31te Juli.

 

III. Det spurdest, at ein ung Bokhandlarlærling haja Cammermeyer, Olaf Huseby, var Mannen.

 

Mange Tilhøve gjorde honom til den rette, vart det sagt.

 

Han hadde som berre halvvaksen Gut gjenget paa Folkehøgskulen i Sogndal. Jakob Sverdrup var ikkje rar Maalmannen i dei Dagar, men han orkad gjera Lærlignarne sine frilynde og ”norske” for det.

 

Olaf Huseby vilde vidare ut i Verdi. Og so trudde han, Stord Seminar skulde hjelpa han. Og det tok han held ikkje Feil i. Men det vart paa ein annan Maate, enn baade han og Lærarstokken tenkte det. Soleis hev det gjenget mange paa Stord Seminar Det vil segja, naar det hev vore To i dei til noko. Huseby gjekk ut som dugande Semianrist, men raud – ”desværre”.

 

Han treivst ikkje lenge med Skulemeistararbeidet, sjølv um det var i ein Stad, og han kraulte seg inn til Kristiania han og, som so mange, men ikkje for aa lære Ungdomen.

 

Hugen hans stod til aa bli Bokhandlar. Um han alt daa hadde taket sigte paa Høgdi som Norges Gyldendal, veit me ikkje. Held ikkje, um det var han sjølv daa held seinare, som kom paa Tanken, held kann henda andre. Nok er det, han skulde vera ein gaaverik ung Mann, som det saag ut til, Landet hadde fostra no til dette Bruket, liksom det sidan 1814 hadde gjevet os so mangein gjæv Mann i rette Tid og paa rette Plassen.

 

At Olaf Huseby var fødd Bonde tok Folk for eit godt Varsl, ja at han var fraa Vestlandet med. Dette maa – tykkjer me – vera meir til Lovord for dei, som hadde so god Tru um Bønder og Vestlendingar, enn for sjølve den eld dei, det vedkjem. Maalet heng meir att i Vestlandsbygderne enn mange andre Stader i Norge, det er alt, me her vil halda fast paa. At Bondefolket der Vest skulde vera betre enn Bønder i Aust, Sud og Nord av Landet, er knapt Sanning, og at dei skulde vera betre i det heile enn andre Nordmenn er sagte ei Synkvervning, derso nokon hev slik Meining.

 

Men ”norsk-norsk” sagdest han vera, og det var det, han laut vera. For her galt det norsk mot dansk langs heile Radi, norsk mot dansk der ute og mot det danske her heime, norsk mot dansk baade vidt og djupt.

 

Lat det staa fast, at det var ei Ære for han, som hadde sovore Hugdrag og Syn, som vilde vigja sig for denne Verksemdi, og som hadde Hug til aa leggja fraa Land og kanske Dug og til aa sigla so vaagsam Ferd væl til endes.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum