Til Maalstrævaranne.

 

(Or V. G.for 27de Juli).

 

 

Ein heil Menneskjealder hev det av ein liten Flokk av trottuge Menn voret arbeidt for aa fremja vaar Kjærleik til Maalet hennar Mor. Dei hev lagt Elskhug paa Arbeidet og hev gjort sitt Arbeid godt. IvarAasenog Aasm, Vinje, OlavesFjørtoft og ArneGarborgog ellers fleire andre gaaverike Menn hev alle so aa segja sett sitt Liv inn paa aa reisa Maalet, reisa det til Vyrdnad og reisa det til Bruk. Fyrr Maalsaki hev sigrat, kan det ikkje segjast med full Rett, at dei Nordmenn raadar i Norig.

 

Fleire og Fleire vart einige med Fyregangsmennerne, vart Maalstrævarar.

 

Ei Stund saag det ut til, at Sigren alt var vunnen. Fraa Folkemøte etter Folkemøte kom det fjukande ned Vedtak, som skulde visa, at Arbeidet for Maalsaki vart skynat, og at det hadde verkat.

 

Me voggad oss i denne vene Draum.

 

Men so kom som ein Elding paa den klaare Himmel det namngjetne Stykkjet hans OlafHuseby i Nordtrønderen. Dette reiv oss utor den vene Draum og lærde oss aa sjaa, koss Tilstandet verkelegt var.

 

Eg veit ikkje aa segja, um eg saag rett; men eg tottest merkja, at seinare kom det sterkare Fart i det verkelegeArbeid for Maalsaki. Serleg totte eg, det viste seg, at fleire enn fyrr byrjad skyna, at det er Skulen, det gjeld um aa vinna.

 

No nys saag det ut til aa verta Skodde igjen. Det kom eit forunderlegt barnslegt Utrop i Fedraheimen. ”Av Maalbøker vert det selt utrulegt mykje”.

 

Daa eg saag dette, tok eg til aa ottast for, at no skulde me byrja koma inn i den gamle Vilske, inn i den vene Draum paa nytt Lag – og lata Sanningi sigla sin eigen Sjø.

 

Difor kan eg ikkje anna enn vera takksam mot Hr. Olaf Huseby, som hev greid tupp Flokarne att.

 

Me vil alle berre ha godt av aa vita, koss det stend til.

 

Trass i alt det trottuge Arbeid, som til dessar er gjort, er Maalsaki, praktisk teket, enno ikkje famnad ”med Hug og Dug” av det heile Folk.

 

Soleis er det, dessverre.

 

Den største del av vaart Folk gjeng enno og ber paa ein gamall Arv, som ikkje er god, : Usjølvstende.

 

Lat oss daa gjera oss det klaart, at dersom me meiner aa faa denne Erveluten av Vegen, lyt me byrja med Skulen, med Borni.

 

Paa annan Maate gjeng det ikkje. I Bokheimen er der ein god Del framifraa Bøker, skrivne paa Landsmaal; men enno er dei allerfleste ikkje hugad aa lesa dei. Mange vil likso gjerne lesa svensk som sitt eiget kjære Morsmaal. Dei fleste Ungdomar bryr seg ikkje noko um vaart heile Stræv.

 

No er det Folkehøgskuleflokken, som ber Maalsaki uppe.

 

Og den vesle Flokk av idealistar, som gjeng ut fraa vaare Folekhøgskular, høyrer sanneleg ikkje til the upper ten thousand.Dei allerfleste hev svært liti Raad.

 

So eg tykkjer, ein slett ikkje kann undras det minste yver, at me enno ikkje er komne lenger.

 

Skal me tenkja paa aa kunna føra Maalsaki fram til virkeleg Siger – og det kann me -, so lyt me faa Maalet hennar Mor inn i Barneskulen, inn i den almenne Folkeskulen, so den ”uppvaksande Slegt” kann faa læra seg til aa lesa det, læra seg til aa vyrda det, til aa bruka det i Skrivt og Tale.

 

Som me veit, er det no nedsett ein stor Kommission til aa granska vaart Skulevæsen, som vonlegt snart vert grundig umflikkat, og me fær daa ha den Von, at dei Menn, som der er med, vil gjera alt, kvad ei kann, for aa fremja vaar Sak. Serligt tenkjer eg, me trygt kann vaaga oss til aa beda rektor Steen, Viggo Ullmann og Lars Bentsenum det.

 

Vaart Program maa, meiner eg, for det fyrsta gaa ut paa aa faa full Fridom for dei einskilde Skulekrinsar til aa innføra Landsmaalet og, um dei vil, stengja Dansken ute.

 

No høver det seg so heppelegt, at den nye, framifraa gode ABC-Boki hans Andreas Austlid nett er ventande. Det er ein Skuldnad, som paaligg kvar god Maalmann aa hjelpa til aa faa henne innført alle stader, dei berre kann.

 

Det vil hjelpa godt!

 

Um eit Aar elder høgtst tvo kan me ogso venta fraa han Andreas Austlid ei ny Lesebok, som eg for min Del set store Voner til. Eg trur fullt og fast, at ho maa og skal inn i Skulen.

 

Det vil gjeva Maalsaki 10 Gonger so stor Fart som heile den norske Bokheim, me enno hev.

 

Dette var det altso, eg vilde hamra inn.

 

Det norske Maal skal inn i Skulen.

 

I .E. Maakestad.

 

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum