Til aa sova paa.

 

Ja, det vert fulla ikkje til annat, naar eg skal taka fyr meg Skrivemaaten i Landsmaalet. Men eg vil gjera det denne Gongen – kannhenda einkon held seg vaken.

 

M. Hægstad tok upp Spursmaalet i Vaar. Det var Skrivemaaten i Leseboki ved Garborg og Mortenson, han ankad paa. Dei hev svarat, men eg tykkjer ikkje, dei hev greidt Flokarne. Og Spursmaalet maa ikkje koma reint burt no, me skal hava Lese- og Lærebøker paa Norsk.

 

I Leseboki skriv dei Domarne, Baatarne, men samstundes Romaranne, Læraranne o. s. fr. Eg skynar godt den gode Meiningi med detta, men eg synest, det var ille, um me skulde faa slik Skrivemaate inn i Barnebøker.

 

Skulde Barnet til aa skriva Norsk, so maatte det fulla læra noko slikt. Kunde Barnet verta fullgodt til aa skriva, berre det skreiv etter ein Fame, ja so var det endaa paa ei Vis. Men skulde Barnet faa Grunn i Skrivemaaten, so laut det til ein tung og leid Regel: ”I den bundne Fleirtalsformi fær Hankynsordi ne. Dei Ordi, som er komne av Gjerningsord elder fraa andre Tungemaal og sluttar paa ar  i den ubundne Fleirtalsform til an, so det vert anne i den bundne Fleirtalsform”. Kannhenda Reglen kunde gjerast noko stuttare, men ugreid og leid vart han iminsto. Og noko av Ordlagingslæra maatte til. Det var ikkje nok aa gjeva ein mekanisk Regel som denne: ”Dei Ord, som i den ubundne Fleirtalsformi sluttar paa rar  fær i den bundne anne”. For slike Ord som Sumrar skriv dei Sumrarne.

 

Og ein slik Skrivemaate og Regel vilde faa den Tanke inn i Barnet, at det var Skiland paa Uttalen av Domarne og Domaranne. Og slik Skilnad finnst ikkje. Etter I. Aasen fell Uttalen i dei norske Maalføri soleis:

 

Domadne og Domaradne, Domadn og Domaradn, Domarne og Domaranne, Domann og Domarann, Domenn og Domarenn, Doma’ og Domara’. Ikkje noko anna finnst. Dei uttalar ikkje Domararne nokon Stad, men helder ikkje Domarne – likevel skulde Born i faa i seg, at det siste skulde vera etter Bokstaven. Men det kostat Stræv aa faa det inn. Nei skal ein gjera noko Aabrigde paa den gamle Maaten, so maatte det verta anne alle Stader. Eg trur ikkje, det er Bate i aa byta r uti n. Der dei uttalar Lyden som d, vil r  liggja vel so nær. Og kva skulde ein so gjera med r i Horn og Born o. m. fl.? Skrive n? som dei skulde uttala som d  mange Stader? Eg skal ellest ikkje leggja meg upp i Spursmaalet um r  elder n  større, men lat oss inkje faa Vandskar, som ikkje trengst.

 

So skriv dei Vike, Kake i ubundi Eintalsform, men dei held paa a i skriva, fara o. s. fr. dei fleste vil visst tykkja, at det høvde godt, um a fekk fylgjast med a elder e med e. Detta nye kannast ikkje mange med. Og dei vinn ikkje anna enn detta, at det vert Skilnad paa ubundi Form (e) og bundi Form (a) i desse Hokynnsordi. Eg ser ikkje, at det trengst paa nokor Vis. Men Maallæra vert vandare, det er visst.

 

Eg vil ikkje lasta paa Garborg og Mortenson fyr denne Skrivemaaten. Han kann vera god nok som ein Freistnad, men eg hev ikkje Hug aa sjaa honom att i Lese- og Lærebøker aat Borni.

 

Oddmund Vik.

 

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum