[Tidender.] Kapproing.

 

Inst inne i Kristianiafjorden i ei Trange, heiter Ormesundet, hadde dei fenget i stand ei Kapproing no Sundag var.

 

Vatnet var dyrgande stilt, ikkje ei Krusing eingong, plent ein slik Dag, som Kapproaranne vil ha; for dei lange og smale Baatarne, dei brukar, toler ikkje Sjøgang; dei er lette som ei Fjør og berre gjort til aa koma skjott fram med.

 

Inne i Sundet yrde det av Baatar, store og smaa, og Bryggi var fullstappad av dei, som skulde sjaa paa. Lenger ute rann smaa Eimbaatar att og fram.

 

Fyrst  rodde Unggutarne. Laupet var 2000 M. Det Laget, som vann var: Inge Haanshus, Vilh. Johnsen, Sverre Blunch, Smed Fred. Jul og Brekke. Dei rodde paa 7 Min 3. Sek.

 

Andre Laupet: 3200 M. Her var det Kristiania-laget (dei som var i Kaupenhamn) og Ormsunds-laget, som skulde kappast. Kristiania-baaten tok eit duglegt Spenntak (Spurt) paa Fyrsten, og den Fyremunen dei daa fekk, hadde dei heilt til dei berre hadde eit lite Stykkje att; daa skaut Ormsundingarne inn paa dei, so Kristiania-kararne vart berre 11 Sek. fyre. Dei brukad 12 Min. 2 Sek. Ormsundingarne brukad 12 Min. 13 Sek. So rodde Halvvokstringar i Skjægter. Det var hugsamt aa sjaa dei kjappe Aaretaki og høyra den litle Styresmannen skreik og amad paa Roaranne sin. – So til slutt ein liten Roleik: 3 Stykkje gjekk upp i nokre Tunneavskjeringar og rodde seg fram med ei Aare med tvo Blad paa. Her var Kunsti aa halda seg umbord, men det saag ut til, at det ikkje var so greidt endaa det, for dei tvo dompad nedi straks; men no tok den tridje det rolegare og – vann 1ste præmi, Kvinnurnes Staup.

 

All denne Idrotten, som no er komen so i Velten, kann ikkje gjera anna enn godt. Me hev havt nok av Kapplesing, so Kapproing, Kapplauping, Kapprenning (paa Bicycle), Skikapplaup, Skeisekappflyging osb. trængst fælande godt.

 

Ola  Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum