[Tidender.] Olaf Huseby og Maalsaki¹).

 

(Del 5 av 6. Fyrste delen.)

 

V.

 

Dei store Diktararne vaare fekk Huseby & Olsen ikkje fat i. Det vart bodet dei koma heim og lovat, dei skulde faa for Arbeidet sit etter Forteneste. Men dei hadde det godt der dei var, dei. Den nasjonale Strængen, som det var sleget paa ved same Tilhøve, han gav ikkje Atterljom i deiras Brjost daa, maa vita, og med trugne norske Kjenslur, rolegt norsk Samvit og kann henda fagre Ord um Norskdom, Sjølvstende og meir sovoret Snakk, road dei seg paa nytt hjaa Formyndaren sin der nede.

 

Nei, Ibsen, Bjørnson, Lie og Kielland, dei var Søner av Adam, dei. So var dei Nordmenn dernest. Og norske Nordmenn dei hev mange nasjonale Skavankar og Veilur. Det er gamall Arv dette. Men seg det med t. D. Bjørnson! Det var, um dei kunde tena baade Norge og – Mammon, den norske Ærekjensla si og seg sjølv. Pengarne stod dei i Hovudet. Dei trudde, dei vilde lida Tap ved aa koma upp att. Dei vaagad ikkje lita paa Huseby & Olsen. Dei viste, kva dei hadde, men ikkje, kva dei fekk. Ved aa vera hjaa Gyldendal hadde dei over 4 Millionar Lesarar, men ved aa vera her heime berre tvo. Aa, for ein eigenkjærleg Innbildning slikt er! Vilde dei ikkje ha’ like mange Lesarar ved aa lata Bøkerne sine prenta og leggja fram her hjaa oss, no daa dei er vidkjende og namnspurde. Jau, det vilde dei!

 

Men so var det fleire verande og vertande Diktarar og andre Bokmenn og –kvinnur, som kunde og vilde slaa Ring um Huseby & Olsen. Dei tarv ein Forleggjar og var ikkje utskjemde av Gyldendal. Dei skreiv baade paa dansk-norsk og paa Landsmaal. Med Glede og gode Voner paa eigne og Noregs Vegne saag dei paa den nye Bokhandelen. Millom dessa var framfor alle Garborg. I honom var det for Huseby & Olsen baade Pengeverd og Æra. Dei vilde kunna tena paa honom, og han vilde føra Namnkjensla med seg til Bate for han sjølv, for dei, og for alt i hop. Garborg var som send ovan ifraa til Huseby & Olsen. Han, som knapt hadde fenget Boki si, Bondestudentar, trykt (i Bergen hjaa Nygaard), han skulde no berre snu attende fraa den bergenske Utlendingskapen og ”heim” til Kristiania, so vilde alt vera, som det skulde. Og det gjorde han. Det vart ei ny utgaava av ”Bondestudentar”.” Forteljingar og Sogur” kom ut trast framfyre aat, og like etter kom ”Ein Fritenkjar”.

 

Amalie Schram, Rosenkranz-Johnsen, Matias Skard, W. S. Dahl, Ullmann, O. Storm, Aage Skavlan, Arne Løchen, Kristoffer Kristoffersen, O. Thommessen, Hallv. Berg, Belsheim og andre gjekk og til Huseby. Sume av dei gjorde Bøker sjølve, andre sette um fraa framande Maalføre. Per Sivle vilde snart koma, han og. Og det var fleire og, sagte, som vilde det same. Det norske Samlaget gjorde Huseby & Olsen til sin Hovud-millommann, Folk umkring paa Landsbygderne vart det gjort mykje Reikning paa. Alle Lærarar, Ynglinge- og Ungdomslag, Samtalelag, Vinstrelag, Aalmugeboksamlinger, stutt sagt alle frihugat Folk, Maalvener, o. s. b. i heile Landet vart paatenkte, tilspurde og tilbodne Samkvæme med Huseby & Olsen. Og alt var baade godt og væl. Det var baade vakre og stærke Bøker, dei let ganga ut. Det kjendest liksom ei frisk Veifting, og som um Gyldendal og Danmark og vaare store Diktarar skulde faa paa Pelsen sin korso og faa vita seg til det, at her var hendt dette nye uppe hjaa oss i Norge.

 

(Meir.)

 

¹) Framhald fraa Nr. 50.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum