[Tidender.]

 

Kristiania, den 20de August.

 

Høgskulen hans Oddmund Vik. Det er i Oplandenes Avis, Tunsbergeren og kann henda i andre Blad og skrivet um, at Folk, som hev Høgskulesaki kjær, maatte vera med stydja Odd. Vik no. Det gjeld halda Skulen hans uppe dette Aaret, so vil det snart ljosna att. Odd. Vik er tenkt halda Skule i Vinter, paa ein annan Stad, lite lenger inn i Landet i Vestfold, og det er Von um Søknad og Medhald kannskje meir enn fyrr. Men det skal noko til klara seg radt utan offentleg Tilskot, og det maa han i Aar. Næste Aar vert det gjerna betre att. Det er Ting, som tyder paa det. – I Danmark, der forstaar Folk godt aa halda saman og hjelpa kvarandre i Høgskulevegen. Der er det Høgskuleforeiningar rundt heile Landet, og dei samlar Pengar til fatuge Gutar og Gjentur til Upphald paa ein eld annan Høgskule, og dei samlar saman store Pengar og styttar Høgskulen i Askov med, so at Folk ved den Skulen kann koma og faa Undervisning og Upphald (Kost og Verestad) for lite og inkje. – Her hjaa oss stend me i denne Vegen so langt attum dei danske. Naar det so gjeld halda ein einaste Høgskule uppe hjaa oss eit Aars Tid, maatte det ganga an faa i hop so mykje, at Odd. Vik kunde bera Vinterstormen av. Det er Folkeupplysningi, han arbeider for. Han vil Folkjet væl. Han hev sett seg og alt sit inn paa Høgskuletanken. Han er ein dugande Mann. Han kann prova dette baade med Ord, Gjerd og Vitnesmaal. Han tok fat i Vestfold, som hev eit tungt og trægt, men vist bra Folk i Grunnen, so det skal Styrkje til no for det fyrste.

 

 

Folket og Maalet”. Morgenbladet hev altid havt Reddsla i Blodet for Skuld Maalet. Morgenbladet trur aldeles ikkje paa Siger for Maalsaki. Men Morgenbladet er held ikkje redd for, at Maalreisningi skal verta til noko – segjer det sjølv. Men korso gaar Morgenbladet umkring som paa Naaler for dette ”Strævet”, som det knapt vil nemna med eit Ord, men nemner likevel. Kvar einaste Gong Morgenbl. ser noko i Bladi, som kann trøysta det, so trykkjer det dette av nøggrant og gjev alle sin Embættsmannstingarar Plaaster paa eit Saar, dei hev i Hjarta. Og so vert dei god att ei liti Stund, til det kjem einkvart nytt aa skræmer dei.

 

 

Kyrkjedepartementet hev fastsett, at Aalmugeboksamlinger heretter skal styrast av tri av Heradet valde Menn, og at desse kann veljast anten i eld utanfyr Kommunstyret. Paa denne Maaten kann ein verta fri Presten i Styret for Boksamlingi. Fyrr hev han vore sjølvskriven til aa vera med. Men han misbrukad kann henda Magti si, og dette er det no gjort ein Stoppar for.

 

 

Nordenfjeldsk Tidende” hev fenget nytt Bladstyre. Det er H. Wexelsen, som no raar i Bladet. Aa døma etter dei fyrste Nomri vil Nordenfjeldsk  Tidende verta eit av dei gode Bladi, eit av dei, som er gagnlegt aa lesa for Folk baade i Trøndelagene og andre Stader. Det er styrt med Ro og Dug og ægte Frihug, som det gjer godt aa koma i Lag med. Fedraheimen bed Nordenfjeldsk Tidende ta’ imot desse Ordi som Helsing og godt Ord attende, for det me skreiv for eit Par Nr. sidan. Daa var Wexelsen vist enno ikkje vorten Redaktør.

 

 

Samhold” paa Gjøvik, Chr. Bruun, Matias Skard, Chr. Horne, T. Jørstad, Oluf Kind og Th. Flifleth, som alle fyrr hev voret ”Medarbeidarar” eld paa ein Maate medandsvarlege i Samhold, hev sendt Bladet Melding um, at det heretter skal vera slutt med dette. Samholdskriv so, at Grunnen er den, at Samholds-redaktøren ikkje er Oftedøl. Samhold hev viljat gjevet det frie Ordkast Rom i Bladet og hev havt Von um Semjing att millom dei tvo Vinstrepartier.

 

 

Nye  Bøker. Hjaa Huseby & Co. limit er i dag utkomet:

 

1. ”Om Svinehold paa Gaarden og ved Meieriet” af N. Ødegaard; Pris 0.40. Indhold: Om Svinehold. – Om forskjellige Svineslag. – Valg af Svineslag. – Avl og Opdræt. – Fodermidlerne. – Om Fodringen. – Røgt og Pleie. – Fedningen. – Svinehuset. – Tinter og Trikiner.

 

2. ”Om Planteveksling eller Sædskifte” af N. Ødegaard; Pris 0.40. Indhold: I. Indledning. – II. Om Kulturplanternes Egenskaber. – III. Planteveksling. – IV. Omløb eller Brugsmaader: 1. Græsbrug. – 2. Kornbrug. 3. Vekselbrug: Græs- og Kornbrug. Græs- og Vekselbrug. Frit Brug. – V. Forandring af Brugsmaaden.

 

3. A. O. Vinje: ”Storegut”. Femte Upplaget; heftet Pris 60 Øre; elegant indb. Kr. 1.25.

 

 

Norsk Maallæra elder Grammatikk i Landsmaalet av K. M. Hægstad, som i noko Tid

hev voret utselt, kjem ut i denne Maanad i ny, umvøld Utgaava hjaa Fr. Nygaard, Bergen.

 

 

Folkehøiskoleblad  styrt av O. L. Kirkeberg, kjem ut i Kristiania 1ste og 15de kvar Maanad i 8sidigt Format. Pris Kr. 2.25 pr. Aar. No. 16 er no komet ut med dette Indhald:

 

Bjørnstjerne Bjørnson (skrevet 1882). – Om den sorte Død. – Fra Mødet paa Sagatun. – Meddelelser.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum