Ein Selle.

 

(Del 27 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 51).

 

Etter Preika var det Yverhøyring. Eg vart forundrad, daa eg saag, at Gunnbjørg ogso stelte seg fram paa Kyrkjegolvet. Men Skikken her er so, at Ungdomen skal møta for Presten i tvo Aar, etter at dei er konfirmerad, og vil dei møta endaa lenger, so er dette haldet for aa vera gildt. Og no var Jorom Aarhaug av dei, som vilde, at Dotteri skulde halda paa i lengste Laget med dette. Det var forvitnelegt aa sjaa paa alle desse Ungdomarne ifraa fyrst i Framslengsaari og til slike, som mest var fullvaksne. Dei var Stordelen av dei, som eg kjende, men det var so underleg lagad, der dei stod paa Kyrkjegolvet, at eg kunne ikkje kjenna dei att mest. Um dei var aldri so kaute og keike, so stod dei der bøygde og krokutte med styvne Andlitsdrag og rædde Augo. Det var som dei hadde gjort noko galet og no skulde fram til Forhøyr for Domaren. Og so naar dei svarad paa det, som Presten spurde um, so var det med slik Tankeløyse og Livsleide heiltupp, og med eit fælande kaldt og daudt Mæle. Og det var slik unaturleg tonelaus Song i det, som eg aldri hadde trutt dei til. Det var reint ilt aa høyra det. Gunnbjørg var plent som dei hine, stod der bleik og styvi og ljot, svarad plent etter Boki paa alt ho vart spurd um, so ho fekk Ros av Presten. Men eg totte ho var lagad meir som eit Lik enn som eit Menneskje. Eg tolde ikkje aa høyra paa lenger, eg vart hugsjuk av dette og gjekk ut.

 

Det var som um eg var komen utor ei Grav upp i det friske Livet og fekk anda fritt ut att. Regnet hadde gjevet seg, dei tjukke Torebankarne drog seg upp imot Nord og Skoddetopparne drog seg so smaatt uppetter Liderne. Folk laag i Smaakrullar elder stod tvo og tvo og rødde. Eg gjekk for meg sjølv nedaat Brui. Aai rann i tauge Tak, stor og megtug etter Regnveret. Fraa Sjøen rauk det og steig Skyer upp som eit Røykoffer. Uppe i Ufserne var det ei Suging og Tjoting, Skyerne heiste seg upp etter Brunerne, medan alle Giljur og Gjot endaa var fulle av silkjefin Skodd. Himmel og Skyer til Veggjer og Tak til alle Sidur, og det var liksom Jordi sveipte seg fram utor Taakeeimen liksom etter Guds Skaparord paa Skapningsdagen.

 

Og mi Sjæl tottest kunna faa anda, som ho sveipte av seg Flo paa Flo av Skodd og Tokeeim og fekk Rom ikringum seg til aa anda. Aa sjaa kor Uro det er millom Skyerne, dei flyg og flyg og krintar som Ramnar og Falkar, sjaa der sprengjer seg alt Soli igjenom med ein fin Straale som ein Kile i Skylaget og sprengjer seg fram og tvertigjenom Mugurne bryt dei seg Veg; medan Skyerne krusar seg upp i lange Rader paa baae Sidur, er det ein blenkjande Straalestraum, som skyt seg beint yver Dalen og burti Nuten, som stend og lyser i ein gidrande raud Glans. Og eg skilad kvart eit Tre og kvar ein Buske so greidt mot Himmelsyni. Eg kjende den Nuten, det var der Gunnbjørg og eg hadde setet. No døypte eg den Nuten for Gunnbjørgsnuten. Men upp ifraa Smaadalarne foor det Skoddekrullar upp og sleikte seg ikring Nuten som eit tunt Flor og hengde seg fast i Skyi ovanfor og drog ho ned, og Nuten og heile Straaleglansen var hult og kvorvi som ei Huldresyn elder ei Openbaring. I Vest var det ei klaar Rand, Skyerne tok til aa rulla seg upp som eit Teppe med raudgylte Render. Men elles laag Skyerne som eit Tjeld ifraa den eine Lidi til den andre, som ein veldug Kvelv, berre ytst utmed Vatnet fylgde det ein djup Tverdal, so det sokk heilt nedi Vatnet, og stundom stod det som ein graa Mur tvert yver det svartblanke Vatnet, stundom slepte det Tak og det vart berre sume Styttur attstandande millom Sky og Sjø, so ein saag grøne Skoglider imillom, og stundom vart Stytturne so granne, at dei brast av paa Midten, og den øvre Delen foor straks til Himmels, medan Nedredelen vart liggjande og symja i Vatnet, fyrst som ein einaste stor Ulldott, men sidan breidde han seg ut til baae Sidur, og det rauk av Vatnet.

 

Lufti var drivende sterk og varm, Gras og Blom skein og glitrad med klaare Vatsperlur i alle sine Skaaler, dei store gamle Bjørker riste litt paa Fakset sitt, so det draus Regndropar til alle Kantar, og dei briskad seg og rette so Kruna i Veret som Kongar og Dronningar alle saman.

 

Ein ljos Glugg opnad seg i Skyi, det vart eit blaatt Glop kransad av brandgule Render, og ein Straaleflaum kom sigande nedgjenom Lidi, synte fyrst fram ei makalaus frisk Grønske uppaa Fjellet, kom so lenger ned og lyste upp Bjørk og Gran med dei myrke Skuggar og nedetter spegelblanke Svadberg og kom so med eit yver Kyrkja og Brui. Daa gjekk det som ei sagte Rugging burti Bjørkelunden, plent som hjaa Kjeringarne i Kyrkja, men eg kann ikkje anna segja, enn at det var meir Andakt i desse her, det liksom kom yver dei slik rusande, yrende Glede. Aa heile Naturen vart full av Tysnad og daarande Livslyst og Glede, Humlur og My kom fram att og fylde Lufti med ein Surr, Fuglarne sette i med frisknat Mæle, med Aai susad og Fisken skaut seg i det glitrande Vatnet.

 

Daa klong Kyrkjeklokkurne med sitt kalde Læte, det rann som Is nedyver Ryggen paa meg.

 

Kvifor stend det, at Menneskja er den ypparste av all Skapningen, kvifor stend det, at ho er Herre yver Skapnaden. Kor mange var det av heile denne Kyrkjelyden tru, som kunne kjenna den store Magt i Guds Openbaring paa ein slik Dag, som no, her som idag Herren hadde bygt seg eit veldugt Tempel, som ikkje var gjort med Mannahender, og so dei, som stengde seg inne i dette avskræmelege Huset og let seg føra rundt av denne kallege Presten og tullutte Klokkaren. Det religiøse Livet skulde daa vera det rikaste og fagraste av alt, der det beste og sannaste og finaste som Mansaldrad hadde samlat og kvar ein sjølv hadde upplivt, der alt dette kom saman som i ein Sum, med straalande Livsglans og Fullnad, som kunne yverstiga all Heimsens Fagnad. Og her bleiknad alt dette berre for ein Sumardag i Norig. Eg kom til aa hugsa paa den løynske Grinen til Loke der inne i Kyrkjehuset; aa det var nok Gamalladam, som hadde lurat seg inn for mykje baade i Kyrkjestell og Prestevisdomen. For medan Prestar og Teologar hadde havt det annvint med alt som heitte ”Natur” baade i og utanfor Menneskjet (noko som Djevelen hadde sett dei i Hovudet), so hadde han fenget so godt Tilhøve til aa smetta inn i Kyrkja og Teologia og fylla upp den med Talemaatar og tomt Snakk, og no sat han kvar Sundag bakum Preikestolen og stakk fram sitt gynande Hovud liksom Loke og log og gledde seg med, at han snart under Kristendomens Namn skulde faa pina ut Mannaætti. Det kom for meg dei gamle Tider, daa ein Prest stod nett her ved denne Kyrkja og bannlyste dei Huldrekvende, som stod uppi Nuten og spilad. Det er nett ei slik Bannlysing imot Livet og Naturen som Prestarne i Aarhundrad hev drivet paa med til aa avkristna og avmegta Menneskja. Og det vert ingen Skikk paa det att, fyr det kjem nokon og jagar baade Daude og Djevel ut att av Herrens Hus og fyller det med Livsens fulle friske Flaum og søte Ange.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum