Europafolk og Bakstrev.

 

Det er tvo Ting, som gjer, at Europafolk og Bakstrev høyrer saman. Lat oss sjaa paa dei.

 

Ein Ting er, at dei lesser formykje paa. Lasset vert for tungt aa draga. Dei vinn ikkje fram. Det ser me fyrst hjaa vaare ”gamle” Europafolk, som tok heile sin Visdom og Lærdom fraa Tyskland, og lærde oss upp til aa tala og skriva tysk-dansk. Dei lesste for mykje paa, dei vann ikkje Lasset fram. Dei vilde ha alle Nordmenner med til aa hjelpa seg, og dei fekk berre nokre faa, som stend og strevar og strevar so saart, dei andre gjekk forbi.

 

Men det same ser me ogso hjaa vaart ”moderne” Europafolk, som tek heile sin Visdom og Lærdom fraa England og serleg i siste Tid fraa Frankrike. Ogso dei held paa og strevar med Lasset og ropar. Dei gamle ropad paa akademisk Daning, desse nye ropar paa europæisk Kultur, men dei vinn ikkje meir desse siste helder. Sinnad er baae Slag av Europafolk, naar dei ikkje fær det norske Folk med seg.

 

At Lasset vart for tungt for dei gamle Europafolk hev synt seg. Dei hev ein, som skulde vera slik ein Tankehelt, men Tanken tok ein skeiv Retning, sosnart han kom med sine filosofiske Distinktionar inn paa Dagsens Spursmaal. Dei hev ein til i Luthersk  Ugeskrift; han er ogso eit godt Døme paa slike, som dreg paa det tunge Lass fraa Tyskland. Daa han ikkje hadde fleire tyske Grunnar aa slaa um seg med, so sa han: Helder ein Fritenkjar til Kyrkjestatsraad.

 

Det eine Bakstrev nærmar seg det andre. No kjem dei moderne Europafolk strevande med eit tungt Lass. Dei kjem med Mill og Darwin, og Franskmenner piskar paa dei, at det det kann ganga noko lite snøggare. Dei skjenner svert paa dei gamle Bakstrevarar, for ikkje aa verta misstenkte for Bakstrev. Dei veit, at Bakstrev stend ikkje høgt i det norske Folks Tankar. Men dei narrar oss ikkje, naar dei kjem med sitt Upprop til Vener av ”nasjonal Kultur”: kom alle Bønder upp til oss, me vil ha so mange som mogelegt so høgt upp som mogelegt. Og dette skal ikje vera Latmannssnakk. Det gjeld ikkje meir, enn at du skal hjelpa dei med Lasset, og Lasset er for tungt.

 

Her skal me høyra, korleis dei hev lesst paa. Dei segjer, at ”Noreg fraa St. Olafs Tid høyrer til Europa”. Kvi nettupp fraa St. Olafs Tid? Grunnen er den, at St. Olaf kom med Kristendomen fraa ”Sudlandi”. Og Kristendomen kom vel fyrst fraa Asia. So burde dei helder ha tenkt og sagt, at Norge fraa St. Olafs Tid høyrer til Asia. Me ser, at det gjeng dei moderne Europafolk, som det gjekk dei gamle, som skulde syna oss det absolute Veto i Grunnloven vaar. Dei var viss paa, at det var der, det galdt berre um aa finna Grunnar. Og so fekk me ”Fakultetstankarne”. Og me kjem til aa tenkja paa Rasmus Montanus, naar me høyrer, at Noreg skal høyra til Europa, av di St. Olaf kom med Kristendomen fraa Sudlandi, og framleides av di at Luterdomen og Liberalismen er komen til oss fraa Utlandet. Naar ein trur seg til aa kunna prova alt, daa hev ein lesst for mykje paa. Ja er ikkje Europafolk eit merkjelegt Folk, so veit ikkje eg, kva dei er. Dei er underlegare enn Tussefolk. Eg trur ikkje desse kann tenkja so skeivt og vera so skakk-køyrde. Sermerkje for det moderne Europafolk er aa studera Mill og Darwin. So segjer dei sjølv. Men aa koma fra St. Olaf og Luther til Mill og Darwin kann ikkje gaa for seg gjenom Framstig, det maa ske gjenom Bakstrev ifraa Kristendomen til heidensk Myrker, der ein ser Tuftekallar kravla liksom Maur utyver Landet. Ein Bakstrevar hev sagt det same som Luthersk  Ugeskrift: Jakob Sverdrup maa ikkje vera Kyrkjestatsraad. Men er det noko, som klaart syner oss, at Jakob Sverdrup vil det sanne Framstig, so er det Ropingi fraa det yttarste Høgre og yttarste Vinstre, dette Bakstrevarfirma, Samlaget for europæisk Bakstrevarkultur.

 

Dersom Europafolk hev nokor Meining med sin Talemaate, at ”Norge fraa St. Olafs Tid høyrer til Europa”, so maa det vera det, at alt som kjem fraa Europa er gildt og godt. Og no kjem eg til den andre Ting, som gjer, at Europafolk og Bakstrev høyrer saman. Dei apar etter alt, dei høyrer og ser hjaa sine store Menner. Difor vinn dei helder ikkje fram til ei sjølvstendig Utvikling, kann aldri læra aa vera med og arbeida i Verdi paa sin Maate, kjem aldri so langt, at me kann segja: dei hev ”nasjonal Kultur”. Dei vert fraa Menneskar til Apekattar. Det er Bakstrev.

 

Der er visst ingen, som vil segja, at der ikkje kjem noko godt fraa Utlandet. Kristendomen, Lutherdomen og Liberalismen kom til oss fraa Utlandet, det var godt og væl. Men naar der kjem noko fraa Utlandet, som vil øydeleggja det gode, me hev fengjet fraa St. Olafs Tid, daa er me lite tent med berre aa tenkja: Det er fraa Utlandet, det maa me ha. Nei det vilde vera aa gaa tilbakars i Kultur. Soleis som me ogso ser er Tilfellet med vaare Europafolk, gamle som nye. Dei betalar Velgjerd med stygge Ord, det er etter norsk Meining det laagaste Stig i Kultur, og naar dei er paa dette laagaste Stig, trur dei seg aa vera paa det høgste, dei spring ikring fraa ei Grein i Skogen til den andre og ser ned paa oss. – Dei likjest paa Forfedrom sine.

 

Men for det um me gjeng med paa, at mykje godt kjem fraa Utlandet, gjeng me ikkje so vidt, at berre godt og alt godt kjem derifraa. Men me vil segja, at me alt ifraa gamal Tid hev Del i den aalmenne Kultur, og at me altso ifraa gamal Tid hev nasjonal Kultur. Ifraa gamal Tid hev me ei sjølvstendig Utvikling, sjaa den gamalnorske Literatur; me Nordmenn hev voret med og arbeidt i Verdi paa vaar Maate. Difor hev me og Grunn til aa tala um ”norsk Folkekultur”, um me so vil ”Bondekultur”, daa me er eit Folk av Bønder. Det er ingen tom Talemaate. Det er sume, som segjer, at der ikkje er Meining i det, og so gryler dei og gjev vondt fraa seg og ropar. Dei vil ropa oss fraa Jakob Sverdrup til Stein.

 

Og liksom me alt hev nasjonal Kultur, so vil me ogso for Framtidi vera med og arbeida paa vor Maate og ta Del i og hjelpa fram den aalmenne Kultur. Men me vil ikkje kalla alt for det høgste Stig i Kultur, som gjeng for aa vera det høgste. Me vil ikkje stengja oss inne elder ute; men me vil sjaa med dei Augo, me hev, ikkje gjenom andre sine Brillur. Og daa me alle veit, at Noreg høyrer til Europa og ligg i Europa, so vil me ikkje narra Folk med aa segja, at Vegen millom Noreg og Europa vert for kvar Tid stuttare. Vegen millom Noreg og Utlandet vert for kvar Tid stuttare, men ikkje Vegen millom Noreg og Europa. Der er ingen Veg millom Noreg og Europa, sovidt eg veit.

 

 

Alf Baartveit.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum