Fjell og Gate.

 

Eg er no heime, og det er reint hugnalegt aa sjaa alle desse friske, raude og livsglade Andlit hjaa Ungdomen. Gjenturne er kvite og raude som Mjølk og Jupe og stig so fast i Vegen med dei fjellvande Føterne sine; Friskheit drys utav deim, og Angen fraa Fjell og Støyl fylgjer deim. Dei er lettliva som Vinden sjølv, for dei byks um i Fjelli liksom Gjeiti millom Stein og Ur. Det er stort Umbyte aa koma soleis med ein Gong like fra Karl Johans Gate, der Damurne gjeng som paa ein Hestemarknad og stundar etter aa finna Kjøpar – dei hev ikkje anna aa gjera elder tenkja paa – ihopstrypte med Klaambrinne sine, som kallast ”Snørliv” elder Strypeliv, og ”forresten” - tek ein den av deim, so klura dei seg i hop som Nevrekaurar; dei lyt ha noko, som held deim upprett liksom Slaattemannen vaar, som for Ryggverk hev funnet paa den Raa daa stikka eit Økseskaft ned millom Skjorti og Ryggjen sin, for at Ryggjen skal henge i hop, naar han skal bøygja seg aa slaa. Det er ei stor Umbrøyte, naar ein kjem fraa desse matøgde, øydige og avanslause ”Faraos magre Kjør”, Bydamurne, og fær sjaa dei sunne Andlit med dei tirande Augo hjaa Bondegjenturne, som lyt arbeida fraa Morgon til Kveld og ikkje hev anna enn Sundagen aa blenkje Emet lite grann i. Dei er ogso gløgge og snartenkte og det kjem seg av, at dei lyt venjast upp til aa hava Umtankje i alt sit Arbeid fraa dei er smaa, og det skapar Karakter hjaa Folk.

 

Eg hev i dag Hug aa segja til Byfolket med Rousseau: retournons à la nature: vend tilbake til Naturi att! – Um Gutarne kann ein og segja alt godt, dei er baade spræke og vituge av seg. Men vondt er det aa høyra kor Hug dei, ein tykkjer skyna ein Grann, hev paa aa studera, aa koma ut og verta noko stort (naturlegvis). Det er den gamle Bornesjukdom, men no grasera ho verre elder nokonsinn fyrr. Den er vortet ein Færang, som lokkar dei modigaste og beste Søner inn i det store Gapet, som sluker mang ei feit Stegg: liti Raad, Studering, Svalt, Frost, Tykkjeløsya – Tæring, Daude. Soleis gjeng det mange. Ein og annan kann vera heldege og klara seg og verta ein Embættsmann nordanfor Folkeskikk; men er det so mykje aa trøyta seg etter? Meir elder Halvaa enten vert sjuke elder lyt ganga tilbake, fordi dei ikkje klarar seg; og naar dei daa hev strøket ei 3-4 Gonger, so kann dei koma heimatt og segja som Guten, som hadde gjort det, song:

 

4, 5 og 6 for Øiet svæver

Moder faar jeg artium mens jeg lever,

eller, Moder, faar jeg naar jeg dør”.

 

Max Haluncus.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum