Hr. Bladstyrar!

 

Nyleg var ein tolsam Mann ute i Fedraheimen og fortalde oss, at han heldt Bladet, enda Garborg hadde fenget Lov til i det Bladet aa tyna den ”Frasa”, som nemnast ”Bondekultur”, og som det ser ut til, visse Vetter elskar lika hardt, som dei treng til henne, naar dei skal høla for dei, dei held for aa vera framifraa dumme.

 

Ja, tenk endaaheld han Bladet! Jamen kjem det væl med, Hr. Bladstyrar, at Tingararne er tolsame Folk, naar De i Fedraheimen kann lata Garborg tyna ein slik kjær og fager Aandsskapnad som denne ”Frasa” um Bondekultur!

 

Men eg lyt segja som sant er, eg maatte læja eg, daa eg saag, kor tolsame Folk kann vera, og medan eg log, rann meg i Minne eit Vers av Vinje um ”eit undarlegt Folk”:

  

Av den, det Handi biter av,

som gjever det sin beste Mat,

som var det du eit Klodyr gav

med Neven Biten utan Fat.

Forblødd du ser paa Dyret gramt

og ventar det skal verta tamt”.

 

So kom eg til aa minnast nokre andre Ord, skrivne til Garborg, daa han sluttad med aa styra Fedraheimen:

 

Du sleit og stridde so mang ein Dag

i desse Aari seks.

Du hadde Kjærleik til Fridom hag

og vog so mang ei Heks.

 

Du elskad Noreg, dets Folk og Maal

og slog for det som ein Mann,

og Sanning beit paa som kvasse Staal,

og mangein heim atter fann.

 

Daa Du tok til i dei unge Aar –

daa andre tenkjer paa Braud –

det norske Maal hadde trange kaar.

I Norge leid det Naud.

 

Din friske ungdom Du gladleg gav

for aa reisa litet Grand

i det kjære Land, som med alt sitt Kav

enn stod ved Avgrunnens Rand.

 

Den Takk, Du fekk, han var inkje stor –

det Synd aa segja var.

Det var som tidaste vonde Ord;

men mot Du tok som ein Kar.

 

Du bannlyst vart, som det høyrer til

i det ” frie Noreg” enn;

men den Banstraali, ho eingong vil

raaka Syni paa eigne Menn.

 

 

Vestlandet i August 1886.

 

Einar Alfson.

 

 

Namnlausen” hev berre det aa segja til Jørund Telnes, at han hev lagat til so lang ein Væv, at han inkje hev Veft til honom.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum