William Ewart Gladstone.

 

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)


II.

 

Soleis var Gladstone alt komet med i Politiken. Høgreføraranne skynad snart, at han var ein framifraa dugande Kar. I 1834-35 vart han med i Ministeriet Peel. Peel (les Pil) likad han framifraa godt og daa han i 1841 fekk det store Ministeriet sitt danat, vart Gladstone med som Styrar av Handelsdepartementet.

 

Til dessa hadde dei haldet han for aa vera sterk konservativ og særleg ein varmhugad Forsvarar av Statskyrkja. I 1838 gav han ut ei Bok um Stat og Kyrkje og ho slog denne Meiningi fast. Englands største Sogaskrivar, Macaulay (les Mækaalé), sagde daa um han, at ”han saag ut til aa vera den uppgaa-ande Stjerne, som dei stivnakkad og stædige Torrier stolad paa, dei, som mot sin Vilje fylgjer ein Førar (Robert Peel), dei ikkje kann vera forutan, men som dei ikkje hev Tillit til”.

 

Det var medan han var Handelsministar hjaa Robert Peel, at han snudde um. Det var han, som var Meistar for Tollreformen 1842 (”Fraa 1830 til 1852” Side 114 utyver) og som maatte forsvara han i Parlamentet. Men det var ikkje berre i Frihandelsspursmaalet han gjekk fram. Han fekk ei onnor Meining baade um Politiken i det heile og Religionsfridomen. Det siste fall tyngst for han. Han hadde si eigi Fortid i Vegen for seg og den maatte han brjota ned. Daa Peel i 1845 foreslog ei aukat Pengestydjing til eit katolsk Seminar, Maynooth College, i Irland, fann Gladstone, etter at han hadde tenkt yver det, at det var rettferdugt. Difor uppgav han Plassen sin i Regjeringi. Han vilde ikkje verta standande der, daa dei lett kunne segja, at han hadde fenget ei onnor Meining berre for ikkje aa missa Plassen sin. I Parlamentet baade talad og røystad han for Framlegget.

 

Det varde ikkje lenge, fyrr han kom inn i Styret att. Dei hadde i England lenge havt ein Lov, som sette høg Toll paa Korn fraa Utlandet. Det vart tilslutt so dyrt, at Folk mest svalt ihel. Denne Tollen vilde no Parlamentet taka burt. Peel hadde lenge stadet imot, men i 1845 gav han seg og no vart han sjølv ein av dei ivrigaste Motstandaranne av Korntollen. Høgre likad ikkje dette og tvo av Ministarne hans tok Avskil. Daa fekk han Gladstone med seg, og soleis kom denne paa nytt inn i Regjeringi. Men no laut han bera seg varsamt aat. Hertugen av Newcastle, han som hadde fenget Gladstone valt, var imot Kornloven, og Gladstone som no – etter Statsskipnaden, - maatte stilla seg til nytt Val, vilde ikkje gjera det, daa han visste, at Hertugen var imot han. Fyrst i 1847 vart han valt, dennegong av Allskulen i Oksford. Han stod daa som moderatkonservativ og det var so vidt han vann.

 

Alt i Juli 1846 hadde han gjenget or Regjeringi. Det var danat eit nytt Ministerium, John Russel, og Gladstone fylgde med Peel i Nederlaget og. Peel hadde sitt eiget Parti i Underhuset, som oftast sluttad seg til Vinstre. Daa han døydde (1850) vart Gladstone Førar og han vart meir og meir frilynt. I 1863 vart han Ministar att, dennegong Finantsministar i Ministeriet aat Lord Aberdeen.

 

Fyrste Gongen, han lagde fram Statsreikneskapet sitt, var ein stor Siger for han. Ikkje sidan 1842 hadde ein Finantsministar gjort so mykje Verknad. Alle, Vener og Motstandarar, sagde, at Plassen aat Peel ikkje lengre stod tom, men at England no aatte ein Pengeministar av dei fyrste. Men det varde ikkje lenge. Krimkrigen snudde upp ned paa alle Bereikningarne hans. Det er tvillaust, at Gladstone var imot Krigen, men han laut fylgja Straumen.

 

Denne Krigen gjorde Ende paa Ministeriet Aberdeen. Folket likad ikkje Stellet aat det. Den einste Ministaren, dei likad var Gladstone, og han fekk Tilbod um aa vera med i det nye, Palmerstone sitt. Han gjekk daa med, men berre nokre faae Vikur. Parlamentet hadde voret so svære til aa granska alt det, som Ministeriet Aberdeen gjorde, og daa dei heldt paa likeins mot det nye, gjekk Gladstone av. Han vilde ikkje sitja i Regjeringi, naar han ikkje hadde full Tillit hjaa Folket. Ingen engelsk Ministar hev voret so varsam som han. So snart han hev merkat, at han var mislikad i Parlamentet, vilde han ikkje sitja lenger.

 

Lord Derby, som avløyste Parlmerstone, vilde og hava Gladstone med, men han vilde ikkje. Daa Palmerstone i 1859 kom til Makti att, gjekk han med som Finantsministar. Og her vart han den mest namngjetne av alle. Naar han talad i Parlamentet, høyrde alle paa han, og Framleggi hans vart vedtekne med Glans. I 1860 heldt han eingong paa i heile 5 Timar og talad um Statens Pengergreidur. Huset var stappande fullt, men det var so rolegt som i ei Kyrkja.

 

I 1866 vart han kastat i Oksford. Dei totte, han vart altfor frisinnat og difor valde dei ein stød Høgremann i Staden. Dette gjorde berre godt for han. Han hadde mange Tider maattat gjeva etter for Veljaranne sine. No kom han paa Frifot.

 

Han stillad seg til Val i Sud-Lancashire og vart valt med Glans. I den Talen, han daa heldt, sagde han m. a.: ”Endeleg er eg komen til Dykk, mine Vener, utan aa hava Munnkorg paa”.

 

Og det merktest snart, at dette var sant. Daa Palmerstone døydde i 1866 vart det Basketak. Den gamle Mannen hadde voret imot Reformar, no gjekk det som det var smurt.

 

John Russel vart Fyrsteministar og Gladstone Førar i Underhuset. Daa var det, han kom med Framlegg um ein ny Vallov.

 

Han gjekk ikkje gjenom, men døydde ikkje lell. Det nye Ministerium, det Derby-Disraeliske kom og med eit liknande Framlegg, men mindre frilynt. Gladstone nøydde dei til aa forandra mangt og mykje i det, og kor mykje Disraeli rosad seg av Reformen av 1867, so visste all Verdi, at Gladstone hadde meir Æra av han enn Disraeli.

 

I 1868 foreslog Gladstone aa uppløysa Statskyrkja i Irland. Dette gjorde, at det maatte haldast nye Val, og daa sigrad dei liberale. Gladstone vart kastad i den gamle Valkrinsen sin, men han vart valt i Greenwich og kom i Parlamentet med eit Fleirtal paa 115. Disraeli ventad ikkje til Parlamentet kom i hop, men gjekk av strakst og Gladstone maatte no sjølv dana ei ny Regjering. Det gjorde han paa mindre enn ei Vika (9de Desember 1868).

 

Med dette byrjar eit nytt Avsnitt i Englands Soga, Liberalismens Gullalder, dei kallar. Den eine Reformen kom etter den andre. Uppløysing av Statskyrkja i Irland, den irske Landakt, Skuleloven, som grundad ei ny Ordning av Aalmugeskulen, innførde Skuletvang og gav Statstilskot til alle Skular, kva Religion dei so hadde, Lov um Eigedomsrett for gifte Kvendi, ein løynleg Avsrøysting og mange andre. Paa denne Tid (1871) vart ogso Alabamasaki¹) avgjord.

 

(Sluttar.)

 

 

¹) Alabama var Namn paa eit Krigsskip, som eigdest av Sudstatarne og som i Krigen 1862-64 skadad Nordstatarnes Handel mykje. Det vart (19de Juni 1864) teket av Unionens Krigsskip ”Kearsage” utanfor Cherbourg (Frankrike), men Mannskapet kom seg burt paa eit engelsk Skip. Daa Krigen var slutt, kravde Amerikanaranne, at England skulde betala tapet deira. Dette Krav, som var mange Millionar Dollars stort, vilde ikkje England godkjenna. Daa saag det ut til aa verta krig millom dei. Endeleg vart dei einige um aa avgjera Saki med Voldgift. Endalykti vart, at England maatte betala 57 ½ Mill. Kronur.

 

 


Frå Fedraheimen 21.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum