[Tidender.] ”Morgenbladet og Budstikken”.

 

Det er sanneleg ikkje noko gild Tilstand, Novemberorganet og ”Foreningen” hev voret i, sidan dei kjem til Verdi. Fyrst so tok no Vinstre fælt i dei, og no, daa dei ligg paa det siste baae tvo, kjem Morgenbladet og tek dei mykje verre, enn Vinstre hev gjort. Ja, soleis gjeng det, naar ein er ærleg her i Verdi. Høgre hev i lang Tid havt eit vondt Auga til ”Novemberforeningen”, av di at den hev voret altor lite diplomatisk. Budstikken hev Gong etter Gong synt fram dei løynlege Tankarne aat Høgre, baade dette med Yverhuset og meir. Ho hev voret truskuldig nok til aa segja fraa, so Folk viste kor ho stod. Det er ikkje vidare diplomatisk, men det er ærlegt. Dette hev ikkje dei andre Høgrebladi likat, kann ein vita, og so hev ho fenget Skrubb. No paa det siste hev ho fenget so mykje, at det er vel snart ute med ho.

 

Høgre heldt nyleg Landsmøtet sitt her i Byen. Det vart haldet for stengde Døre, so berre dei ”delegerede” fekk vera med. Det likad ikkje von Krogh. Og so tok han paa og skreiv Brev til utanbys Blad, der han klandrad dette. Likeins klandrad han, at det ikkje vart valt ein einaste Bonde inn i Styret, men berre Embætsmenn. Dette maatte han hava Straff for, totte Friele, og jamen fekk han og, so det var Gagn i det. Friele vilde at utanbys Blad likefram skulde negta aa taka inn Brevi hans, um han fann paa aa skriva ei onnor Gong. Han sagde, at han var ikkje aa lita paa o. s. b. Von Krogh svarad att og no held dei paa og kjeglast, so Busti fyk. Forresten so held me med Friele for ei Gongs Skuld. Det kann daa ikkje vera Meining i aa halda Møte for opne Dører, naar ein talar um Ting, som ikkje toler Dagens Ljos. Likso meiningslaust er det aa krevja, at Høgre skal velja Bønder inn i Styret sitt. Høgre styrat av Bønder! Von Krogh maatte daa skyna, at det var aa brjota alle Bruar av. Han maatte daa hugsa det ”bevingede” Ord: ”heller Svenskestyret end Bondestyret”, som Høgre eingong førde i Munnen. Dei raabarkade og ”fjøsopdrættede” kann vera gode nok til røysta, men til aa styra, nei daa er Præsten Heuch og Yngvar Nielsen betre!

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum