[Tidender.] Kristiania, den 17de September. Høgre.

 

Det er komet eit heilt nytt Liv yver Høgre no i det siste. Dei held det eine Folkemøte etter det andre og lovar stort. Det er nett som um den Festen, dei nyleg hadde i Eidsvold hev gjevet dei nytt Mot og ny Kraft. Det er klaart, at mykje av det er berre Skryt, men noko maa det vera i det lell.

 

Vinstre hev mange store Saker paa sitt Program. Gjeng dei gjenom alle, so vil mangt og mykje verta onnorleis, enn det no er. Og Folket er i det store og heile ikkje vidare hugat paa Umbrøyte. Dei gjeng nok eingong, men det kann vara lengje. Sjaa no berre t. D. Statsraadssaki. Det hadde voret umogelegt i eit anna Land, at ei slik Sak kunne turva 63 Aar, fyrr ho gjekk gjennom.

 

Kann difor Høgre folka segnoko, so er det ikkje Tvil um, at Partiet vil verta sterkare. men folka seg maa det, ellest gjeng det ikkje. Folk hev lite Tru paa, at Embætsmenn aalment hev noko varmt Hjartalag for dei smaae. Dei hev fyrr set, at dei Folk hev gravet til seg somykje som mogelegt og ikkje brydd seg stort um dei ”raabarkede og fjøsopdrættede”.

 

Soleis som Høgre hev stelt seg hittil, vinn dei ikkje mykje Tiltru hjaa Folk. Naar Partiet finn, at det berre er Embætsmenn, som duger til aa staa i Styret for Samlaget deira, so gjev dei dermed Folket eit Teikn paa Kjærleiken sin, som Folk altfor væl forstend. Vil Høgre faa Bonden med seg, so maa dei læra aa vyrda Bonden. Dei maa læra aa forstaa, at ein Bonde, som slit og arbeid heile Dagen for seg og sine, at han oftast gjer meir godt for Landet enn nokon av Høgres Prestar og Professorar. -

 

Naar Høgre lærar aa forstaa det, daa kann dei hava Von um aa faa Bonden med seg. Fyrr er det umogelegt.

 

Det er naudturvelegt, at det er tvo Parti i Landet. Dei maa liksom regulera kvarandre. Det er godt, at nokre held att, naar andre gjeng væl fort, men aa halda att altfor mykje, er likso gale som aa renna altfor fort avstad.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum