[Ymist.] Bismark og Gladstone.

 

Bismark og Gladstone er heiltupp ulike kvarandre i alting, i politiske og andre Grunnsyn og i dei Midlar, som dei brukar aa føra Sakerne fram til Maalet med.

 

Den eine er ovmodug med Valds- og Hardstyrenatur, den andre er heilt igjenom folkeleg og mild.

 

Den eine jagar etter Magti og vil hava heile Europa under si Hand; den andre vil helst slett ikkje hava med Utanrikspolitikk aa gjera.

 

Den eine prøvar paa i sin innanlandske Politikk aa strekkja Statspolitikken mest mogelegt ut yver kvar einskild Medborgar; den andre ynskjer gjeva Einskildmans-fridomen so stort Rom som mogelegt.

 

Den eine er Statssosialist, den andre er Manchestermann.

 

Fyrst Bismark dreiv ut 40,000 Polakkarar fraa Tyskland, slike, som han ikkje trudde, han orkad gjera til rikstrugne Medborgarar; Gladstone vil gjeva Irlendararne Sjølvstyre og dermed gjera dei rikstrugne.

 

For den eine er den utvaartes Magt i Staten Hovudsaki, for den andre er det det vigtugaste, at Folk i Landet eig Lukka og Velfærd.

 

Den eine søkjer hevda Magti ved fullendt Krigsstell og ved ei Styremagt, som vert lydd snøgt og nøygje; den andre vil fremja innvaartes Lukka og Trivsel ved aa løysa Bandi, som stramar og snører og hefter Utviklingi hjaa den enkelte og hindrad Gjerd og Framferd.

 

Den eine søkjer hevda Magti ved fullendt Krigsstell og ved ei Styremagt, som vert lydd snøgt og nøygje; den andre vil fremja innvaartes Lukka og Trivsel ved aa løysa Bandi, som stramar og snører og hefter Utviklingi hjaa den enkelte og hindrar Gjerd og Framferd.

 

Den eine set seg i Politikken sin yver Partierne og brukar det eine mot det andre for aa faa fram det, han vil; den andre held seg for Vegvisar for Partiet og ordnar seg sjølv inn under det, tek ikkje Avsyn paa, kva han helst vilde, men til det, som Partiet ynskjer og trur maa gjerast, og er einig um.

 

Den eine brukar i innan- og utanlandsk Politikk rettferduge Midlar, List eld Vald, ettersom det høver, og held Krigen for aa vera den eine Loven, som Statsstyring, Partipolitikk maa ha; den andre hev i Politikken ført inn ei Rettferd og Samvitsfullheit, som til desse ikkje hev vore kjend.

 

Den eine skorar seg upp til innanlandske, store Godseigarar, den andre lagar seg nett til med store Umvølingar med Ovsyn paa Grunneigedomarne og vil gjeva det engelske Godseigarparti ein Knekk.

 

Den eine rydjar ut all Personlegheit og sjølvstenduge Gaavur i sin Krins og legg alt øyde ikring seg; den andre fostrar upp ein Skule av rigt gaavne Statsmenn, som er ferduge og vaksne til aa ta’ fat, naar han fell fraa.

 

Berre i eit er dei like: den eine er open fordi han hev trassug uredt Junkarsind, den andre er open, fordi han er strengt rettferdug.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum