[Ymist.] Hyklarar, og dei vantrue.

 

Ein namngjeten Prest i Amerika, Sam Jones likar ikkje Hyklarar. I ei Preik, han nyleg heldt i Indianapolis, sagde han:

 

Mange, som kallar seg kristne, segjer ”at dei trur alt, som stend i Bibelen”, men dei liver ikkje etter noko av det.

 

Fritenkjaren Ingersoll er ein bra Mann, ein lærd Mann og ein betre Kristen enn dykk, som ikkje liver etter det, de segjer, de trur.

 

Eg vilde helder vera vantruen enn ein Hyklar.

 

Høyrer du ein Mann tala mykje um Trui si, og du samstundes ser, at han ikkje liver etter ho, so ver viss paa, at han anten er ein stor Tosk elder ein Lygnar.

 

De tykkjer kanskje, at dette ikkje er høveleg Tale av ein Prest. Ja, no hev eg stadet her i mange Aar og talat vakkert til dykk men til ingi Nytte, lat oss no freista aa tala reint ut”.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum