Boksjaa.

 

Katekismeundervisningen. En Ledetraad til opbyggelig Undervisning i Skole og Hjem af Oluf  Saxe, Seminarstyrer. Kristiania 1886. Cappelens Forlag. Pris Kr. 1.60.

 

Forfattaren segjer i Fyreordet: ”Det maa uden Tvil erkjendes, at Undervisningen i Luthers lille Katekismus i vore Skoler lader meget tilbage at ønske. Paa mange Steder er den saagodtsom ganske fortrængt af Pontoppidans Forklaring. Men selv der, hvor dette ikke maatte være Tilfældet, kan det neppe siges, at Katekismen, dette i kristelig Enfold og Dybde uovertrufne Skrift, som vor lutherske Kyrkje har vedkjendt sig som sit eget, er vundet frem til fuld Anerkjendelse af sit Verd og Betydning for vore døbte Børns kristelige Undervisning og Opdragelse”.

 

For no aa gjera sitt til, at dette kann verta onnorleis, hev han gjevet ut denne Boki. Han fortel fyrst um, korleis Katekisma kom upp, og korleis ho hev utviklat seg, og greidar ut Innhaldet av henne. Dette gjer han stutt og greidt. Dinæst gjeng han yver til aa tala um, korleis Undervisningi i Katekisma skal fyrebuast i Heimen og i Skulen, korleis ho skal byrja, og korleis ho skal utførast. Dette siste gjer han paa den Maaten, at han fyrst set fram Innhaldet av vedkomande stykkje av Katekisma, og so i Form av Samtalar syner, korleis ein skal leggja ut dette for Barnet. Dette er daa ikkje Meiningi, at denne Samtali skal vera fast Form for alle; han vil berre liksom ”gjeva an Tonar”, segjer han.

 

Eg samstavar med Saxe i det, at Katekisma ikkje vert halden i den Æra, som tilkjem henne. Men eg vil leggja til, at dette er mykje meir Tilfellet utanfor Skulen enn i Skulen. Det er syrgjelegt dette, men det er diverre sant. At Skulen hev stor Skuld her, er sjølvsagt. Lærararne hev ikkje forstadet aa leggja Katekisma rett inn aat Barnehjartat, so det vart hugteket av henne. Men eg torer og segja, at Prestarne hev størst Skuld. Kristendomskunnskap er nemleg hjaa vaare Prestar det same som aa kunna ”Boki” d. e. Forklaringi. Difor krev dei ogso jamt av deim, som skal ”sleppa fram” for Presten, at dei skal hava lært Forklaringi. Men detta Krav fraa Prestarne hev fenget baade Lærararne og Foreldri til aa mismeta Katekisma, og Bibelsoga med. Eg segjer mismeta; for det er komet til di, at Folk held det ikkje for rett Kristendomsundervisning, naar ikkje Forklaringi vert leset. Eg hev høyrt det sjølv ikkje so sjeldan. Det er difor godt, at Saxe hev tenkt si Bok ogso til Heimen. For det trengst saart, at Folk fer sjaa Katekismas ”Verd og Betydning”. – Um no berre Prestarne lagde si Konfirmantundervisning etter Katekisma og ikkje etter Forklaringi berre og firade noko paa Kravet um aa kunna ”Boki” (naar Prestarne talar um ”Barnelærdom”, meiner dei mest jamt ”Boki”)! - um dei i Heimen vilde læra aa meta Katekisma so høgt, som ho bør metast; - um me Lærarar rett forstod aa faa Barnet til aa hugleggja henne, daa skulde me sjaa, at ho atter vilde faa det Rom i vaar kristne Upplæring, som med Rette tilkjem henne. Fær denne Boki hans Saxe rett Inngang hjaa Prestar, Lærarar og Foreldri, tenkjer eg, det skal muna. For det er ei god Bok. Eg vil difor telja alle baade Prestar, Lærarar og Foreldri til aa kaupa henne og bruka henne. Og dersom dei i si Upplæring fylgjer den ”Ledetraad”, som Saxe her gjev oss, skal dei snart finna, at den hsitorisk-praktiske Undervisningsmaaten er den, som ber snarast og best mot Maalet: ei god kristen Upplysning. Men ved aa setja seg væl inn i denne Boki, vil dei ogso faa ei djupare Yvertyding um, kor stor og herleg ein Skatt Katekisma er.

 

Det bør kanskje segjast, at det berre er 1ste Delen De ti Bud, som er utkomet.

 

Med det same vil eg gjera ei liti Retting i Meldingi av Odlands Katekismautgaava. Den som No. 2 nemnde Utgaava inneheld forutan det vanlege dei Salmar, som lærast i Folkeskulen i Kristiania, altso ikkje Yversyn yver Gudstenesta og Kyrkjeaaret, som eg sagde i mi Melding.

 

Ein Lærar.

 

 

Læsebog for aftenskoler, amtsskoler og høiere folkeskoler  af Johan  Julsrud heiter den billegaste Leseboki i Landet. Ho inneheld Stykkje av vaare beste Forfattarar, Aasen, Vinje, Kr. Janson, Wergeland, Bjørnson, Ibsen, Holberg, Jonas Lie m. fl. Ho er 256 S. – 16 Ark – stor og kostar berre 50 Øre – 3 øre Arket. Boki vil høva best for Kveld-, Dag-og Folkehøgskular  og daa ho er so reint billeg, burde dessutan alle, som ynskjer god og billeg Lesning, kaupa ho. Boki er godt innbundi med Namn paa Ryggen. Ho er aa faa hjaa J. W. Cappelen. L. St.