Brevsending.

 

Me bed alle Innsendarar vera tolsame mot oss. Me hev mange Stykkje liggjande og lite Plass, som de veit. Skriv so stutt og greidt, som mogelegt. Me hev motteket mange Innlegg i Striden millom Oftedølar og Europæarar og hev ikkje Plass aat det halve. Dikt hev me og mange av. Me saag gjerna, at Innsendarne skreiv meir um Heimbygdi si og stellet der. Det hev me lite av.

 

Bladst.

 

 

Til Vinje-Stytta hev me motteket:

 

Fraa H. M. Sølvkudt, Rakkestad... Kr. 0.60.

 

Me bed Maalvenerne minnast denne Stytta. – Berre nokre faae Øre fraa kvar, so vil det gaa.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum