Kva er Meiningi?

 

Garborgs Stykke ”Meir Bondekultur” er eit forundarlegt Stykke. Eg hev leset og tenkt. Men eg fær det ikkje til aa hanga i hop. Det kannvera mi Skuld. Men daa eg tykkjest forstaa, at dei fær Lov til aa skriva i Fedraheimen, um dei ikkje er so fullkomne i Tenkning, vil eg senda inn noko av det, eg tenkjer um Garborgs ”Bondekultur”. Kanskje eg so kunde faa Rettleiding.

 

Bondekultur er Bønder, som hev Kultur”, ”Kulturen er det menneskjelege Aandsliv”. Kann nokon faa dette til aa rima saman? Bondekultur er Bønder, og Kulturen er Aandsliv?

 

Der kunde ikkje vera Tale um aa laga ein serskilt Kultur for eit Folk eingong”. Eg hadde Hug til aa vita, um nokon hev tenkt elder sagt det. Laga Kultur? Laga Aandsliv? Eg forstaar det ikkje. Og so minner det so uhyggjelegt um Høgres Tjaak um ”at lave et nyt Sprog”.

 

Garborg gjeng daa inn paa, at eit Folk kann hava ein nasjonal Kultur. ”Gjenom Arbeidet med aa eigna til seg det aalmenne Aandsliv, utviklar det seg sjølv og vert sjølvstendig. Og naar det hev vunnet ei sjølvstendig Utvikling, so det kann vera med og arbeida i Verdi paa sin Maate, so segjer me, at det hev ein nasjonal Kultur”.

 

So vert Spursmaalet: Hev det norske Folk ein nasjonal Kultur elder ikkje? Garborg maa vel svara, at det hev. Elder er det berre ein Talemaate, at ”fraa St. Olavs Tid høyrer Noreg med til Europa”? Er det ikkje ein Talemaate, so maa vel Meiningi vera den, at det norske Folk hev gjort det, som Garborg vil eit Folk skal gjera for aa faa ein nasjonal-Kultur. Han kann segja det, at det er smaatt baade med Arbeid og Utvikling og Sjølvstende. Men noko av alt dette maa her vel vera, og dertil kjem, at ”eit Folk er so sterkt naturbundet og historisk bundet, at det vert seg sjølv, um o. s. b.” Og naar dette Folk no er eit Bondefolk – sjølv um Hovudstaden veks nokre Tusen til – kvifor daa terga seg so upp paa det, at den Kultur det hev, av ein og annan vert kallad ”Bondekultur?” Men ”Bonden skal upp”. ”Den, som ikkje arbeider seg fram, han sig attende”: Ja, det skal vera vist. Men korleis skal han koma upp? Han kann fylgja Garborgs Raad – som elders er eldre enn Garborg – og samla Kunnskap og læra og arbeida so med det, han lærar, at han forstaar det tilgagns. Men han røkk ikkje aa lesa alt. Sjølv um alle norske Bønder hadde Hovud og Vilje til aa verta ”Professorar i europæisk Literatur”, so er der gode Grunnar for, at dei ikkje kann verta det. Dei ”vilde faa en Ulykke i sine Maver”, som Jakob sa’. So lyt han velja. Kva skal han velja? Skal han lesa Mill, Darwin og Garborg? Elder Luther, Grundtvig og Kristofer Bruun? Garborg kallar det siste aa mura seg inne, og seg sjølv gjev han Attest for aa forstaa si Tid og Tankarne aat ho. Kanskje Bonden kunne vinna lesa deim alle og noko til. Men so er det ”berre eit Faatal, som vinn full Aandsfridom, fullt Sjølvstende, so at dei tenkjer igjenom sjølv alt det, som dei skal godtaka”. Men Fleirtalet daa, som ikkje vinn fullt Sjølvstende, kva ska dei gjera? Dei fær vel lata dei faa avgjera det for seg, naar noko kjem paa. Som no t. D. det Garborg segjer: ”Bønderne skal bruka si politiske Magt til aa skaffa oss ein fullgod Folkeskule”. Det er Fleirtalet, dei usjølvstendige og aandsufrie, som hev den politiske Magt. Kor kann no dei vita, naar Skulen er fullgod? Dei fær spyrja dei faa, som hev naatt fram til fullt Sjølvstende, full Aandsfridom, som ”forstend si Tid og Tankarne aat den”. Men naar so desse, som er komne berre eit Stykke paa Vegen, hev fenget den forunderlege Meining, at Kristofer Bruun forstend si Tid betre enn Arne Garborg, kor gjeng det daa? Ja daa vil Garborg kalla deim ”Oftedøler” og ”Gausdøler” og segja, at dei ”murar seg inne”. Og dei stakkar vil tykkja, at han er ein større Aandsartistokrat, enn han kanskje sjølv veit av. Sovil der verta Strid, um Skulen skal gjeva Undervisning med elder utan ”Tendens”. Garborg talar speande og harm um dei, som ”vil ha ei Undervisning, som høver med den og den Tendens”. Eg tenkjer, at det Fleirtal av Bønder, som hev den politiske Magt, vil halda paa den Undervisning, som høver med den og den Tendens, til Dømes Tendens til aa styrkja og klaara den kristne Aandsliv hjaa Born og Ungdom. For desse Fleirtals-Bønder vil paastaa, at der er Aandsliv hjaa Born og Ungdom, um dei ikkje hev leset Mill og Darwin. Kunne dei snakka lærd, so vilde dei kanskje segja, at Aandslivet ”eksisterer ikke spøgelsesagtigt in abstracto, men kun i konkret Realisation”. Og so vil dei segja, at eit Aandsliv med Tru er mykje betre enn eit med Tvil, og at Kunnskapen um den Sanning, som var Sanning igaar, er Sanning i dag og vert Sanning i morgon, er ”nyttigare” enn Kunnskapen um det, som var Sanning igaar og er Lygn i dag, elder som er Sanning i dag og vert Lygn i morgon. Og eg hev den Von, at desse Fleirtals-Bønder vil segja, at i Kristendomen hev dei funnet den Sanning, som var og er og vert Sanning. Og dei vil ha’ størst Lit til den Undervisning, som kann høva med den kristne Tru. Dei vil segja med Ivar Aasen:

Eg vonar, den Visdomen hjelper mest,

som med slik ei Tru kunde semjast best”.

 

Dei vil meina det, at um dei ikkje fær Tilføre til aa kjenna og prøva alle dei ravgalne Tankar, som Tvilen hev set inn i Verdi, so tapar dei ikkje noko vidare ved det.

  

Me hev so lengje høyrt av Høgrefolk detta, at Undervisningi skal vera utan Tendens, at me hev vore nøydde til aa tenkja litt yver den Ting. Og me hev daa funnet ut, at Meiningi var den, at alle andre Tendenser enn Høgretendenser var skadelege. Og daa er det ikkje godt aa fri seg for den Mistanke, at naar ein Fritenkjar kjem med same Talemaaten, so meinar han, at alle andre Tendenser enn Fritenkjartendenser er forkastelege. For ”Undervisning utan Tendens” erein Talemaate, og ”Talemaatar kann gjera stort Ugagn”, segjer Garborg. ”Lat oss tyna Talemaaten, so er me tryggare”. Der er vel dei, som meiner noko med det, dei, som vil, ”at Bonden skal læra aa dyrka si Jord og klara sin Skatt – og so ikkje meir”. Men kom og fortel meg, at ein Fritenkjar med Liv ikann og vil undervisea utan Tendens! Nei, kast burt Talemaaten og seg reint ut, kvaslags Tendens Undervisningi skal høva med!

 

 

Joh.s Helleland.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum