Olaf Huseby og det norske Bokriket.

 

I 1872 selde Samlaget Bøker fyr Kr. 523.40

- 1877 ” - ” - _” - 775.43

- 1878 ” - ” - _” - 226.93

- 1879 ” - ” - _” - 171.74

- 1883 ” - ” - _” - 828.42

- 1884 ” - ” - _” - 564.97¹).

 

 

Det var smaatt Stell. I 1884 ikkje stort betre enn i 1872.

 

I nokre Aar hadde Cammermeyer voret Kommissionær, nokre Aar hadde Samlaget voret fyrutan.

 

So vart Huseby Kommissionær, og daa ventat me det beste. Det vart ikkje selt so lite Bøker helder i den Tidi, men so med ein Gong snudde Huseby seg og sette Horni beint i Samlaget. Det var nokre som hadde kytt av Maalsaki, og slikt kunne ikkje Huseby tola, for han totte Maalmennerne hadde det mest i Kjeften, etter det han hadde røynt som Bokhandlar. So skreiv han til Hægstad, og Hægstad prentad det. Og so hev Huseby fenget Takk baade av Høgre og jamvæl av nokre Maalmenner. For er det Humbug og Skryt, er det godt nokon segjer fraa, totte dei. Men mange tykkjer og, at Huseby for reint fyr vyrdlaust aat med det.

  

Mangein gamall Maalmann hev slitet Aar etter Aar, sume i ¼ Aarhundrad, og aldri ventat Takk elder Løn og lagt til Pengar sjølve – og endaa ikkje gjevet seg yver. Vinje var tidt harm. Eingong han hadde skrivet eit Stykkje av ”Staale”, so mykje som skulde vera til eit Nommer av Dølen, kom eg upp til han, og daa slo han i Bordet og sagde, at det var kleint gjort av Maalmennerne, som ikkje vilde hjelpa han, og at so langt Stykkje, som det han no hadde skrivet, kunne vera nok til eit Nommer fraa honom, men no laut han fylla heile Bladet sjølv, sagde han. Henrik Krohn totte og, hine sveik han stygt, og sidan hev Garborg røynt det same, og baae tvo las upp Pauli Ord for Maalmennerne. Og det var rett gjort av dei. For dei hadde Grunn til aa harma seg og sagde det, som sant var. Men dei heldt paa og arbeidde fyr Saki like trutt for det.

 

Huseby var Kommissionær for Samlaget ei Stund, og totte det gjekk helder smaatt. So gauv han paa. Eg tykkjer han kunne drygt med det, for det var no ikkje so stort han hadde ofrat for Saki endaa, Pengar hadde han vel ikkje tapad, veit eg. So busad han paa og sagde, at Samlaget hadde ”betydelig Gjæld”, og det var ikkje sant, det skulde vel Huseby som Kommissionær vita og, og so gjorde han upp eit Reiknestykkje, som gjekk ut paa det, at dei i Norig kauper Bøker for mest 4 Millionar um Aaret, men Landsmaalsbøker for nokre faa Tusend berre. Etter detta skulde kvar Nordmann kaupa Bøker for 2 ½ Gonger so mykje som ein Tyskar. So hakkende galen var Huseby paa Maalmennerne, at han lite vyrde, kva han sagde, berre han kunne koma dei tillivs.

 

Hadde hine Maalmennerne gjort sameleis, naar det gjekk onnorleis, enn dei hadde tenkt, so hadde me nok ikkje voret der me no er.

 

Daa ein Forfattar i Nora hadde greidt ut um dette og synt, at det var meiningslaust det Reiknestykkjet, som Huseby hadde sett upp, so kom Huseby med ei Utgreiding i Verdens Gang, og daa er han mykje rimelegare, men endaa synest eg, han gjeng reint for vidt.

 

Etter Aars-Reikneskapen selde Samlaget i 1884 Bøker for Kr. 564.97. Det var ikkje rart. I 1885 vart det selt for Kr. 2783.83, 5 Gonger so mykje. Maalmennerne er nok ikkje vande med slik Framgang og eg synest det er Grunn til aa vera nøgde. Dette syner, kva ein kunne gjera i Bokvegen, naar me berre hadde ein Kommissionær, som vilde leggja Godviljen til, som hadde Forstand paa slike Greidur og ikkje gjekk trøytt med ein Gong.

 

Fedrah. skriv, at det vert selt so mykje Landsmaalsbøker, at Summen vert ”utruleg stor”. Dette gjer Huseby Gjøn med.

 

Det gjeng traatt med ”Bondestudentar”, segjer han. Kor mykje tru det hadde gjenget av den Boki, hadde ho komet ut paa Dansk paa norske Forlag? Kor mykje hadde Elster fenget selt av ”Farlige Folk” skal tru, hadde Boki komet ut paa norsk Forlag?

 

Ein fær nok likna ihop det som kann liknast ihop.

 

Huseby snakkar um ”En kurrende Due i Klipperiften” elder kva ho heiter, og segjer det gjeng mykje meir av den. Ja, naar Landsmaalet hev verkat i 50 Aar paa Aalmugskulen, so kann me talast ved um det.

 

Det gjeng lite av Uppbyggjelsesbøker paa Norsk, segjer han. Ja, det gjer visst det. Noko av Bibelen er umsett paa Norsk. Men sumt av det, som f. Ex. Romerbrevet, er so vandt aa skyna. Naar ein ulærd mann seg set til og les Romerbrevet paa Landsmaal og ikkje skynar eit Ord, so slengjer han Boki og skuldar paa Maalet. Les han det same paa Dansk, skynar han ingenting daa helder, men trur det kjem seg av, at han vantar den ”Helligaands Opplysning”, og so vil han ikkje gjerne vera ved, at han inkje forstend.

 

Huseby segjer i Verdens  Gang, at det er umkring 70 Landsmaalsbøker i Bokhandelen, men at det berre vert selt for faa Tusend Krunur.

 

Det er visst so sant som sagt. Ei av desse 70 Bøkerne er av Presten Baartvedt, og er utkomet i Kristianssund, trur eg. Eg samlar paa Landsmaalsbøker og fekk ein Bokhandlar til aa skriva etter ho. Han skreiv fleire Brev – ingi Bok. Eg trur det var 5 Gonger, han skreiv, fyrr han fekk Boki.

 

No er det utkomi ei Bok att, ”Ein Faare”. Vil ein hava denne Boki, lyt ein senda Frimerke i eit Brev langt nordpaa ein Stad.

 

Kann ein venta, at det skal bli selt Bøker paa den Visi?

 

So lenge Bokhandlararne vaare er so rangvise, som dei er, kann ein ikkje anna venta. Ikkje hev Bladi fyrr no paa det allersiste viljat nemna eit Ord um Landsmaalsbøker helder; men kor mange nye Kjolar Kristina Nilson hev, gløymer dei ikkje aa fortelja.

 

Me hadde tenkt, Huseby skulde vera Mannen til aa retta paa mangt og mykje, - og han verkad visst godt ei Stund og, som ein kann sjaa av Boksalet, men so gjekk det daa, som me veit.

 

Huseby nemner noko og um at Fedraheimen  og Daghev so faa Tingarar. Ja det er sant, og harmelegt er det og. Men det kunne nok verta betre med det. Fedraheimens Bladstyre kann ikkje rekka alt Arbeidet – ein fær hugsa paa det, at det skal det mangedubbelte Arbeidet til med eit Maalblad. Difor meiner eg, at Fedrah. berre skulde koma ein Gong um Vika, og at Bladstyret so kunne vinna aa hava betre Tilsyn med Bladet. Bladstyret og ein og annan helles skriv fælande godt, men Ulukka er den, at kvar Innsendar, anten han kann elder ikkje, fær skriva som han vil, og det er eit Slarv i mange innsende Stykkje, so det er Skam aa vita, og Folk vert leide av aa lesa det. Soleis i No. 56, ”Tilstandet i Irland”, er det slike Heimløysur som Kreftur, Tidur( : Tider), Skattur, Evnur, Menneskjerettur. Det hev voret so mykje slik Styggedom i Fedrah. i det siste, so eg no mest berre les det, som kjende Forfattarar skriv. Dagkann eg ikkje lesa helder. No. 38 tittad eg i for nokre Vikur sidan. Der fann eg slikt som: den heim, som Vaarherre skjenkte deim, (paa Norsk segjer me: skjenkjaein Dram; men gjevaein Heim²). So gjekk det tvo Aar, utan at ho høyrde, - Sidan kom sorgi og harmen yver aa vera forskoti, - Heidemarki, som innleidest ved det storslegne utsynet, og meir slikt.

 

Der er mange umkring i By og Bygd, som gjerne vil lesa Landsmaal, men Landsmaalet ser tidt ut slik, at dei kann ikkje kjennast ved det.

 

Lat oss faa ein Kommissionær i staden for Huseby, um det er Raad til aa faa nokon, og lat oss gjera oss Umake, naar me skriv, og ikkje gjøla for kvarandre, men tala sant.

 

So skal me snart sjaa det munar.

 

 

S.

 

 

¹) Eg hev ikkje Aars-Reikneskapen fyr fleire Aar enn desse.

²) Tenkja seg paa Engelsk slikt som:  God poured them a home!

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum