Ymist.

 

Bjørnstjerne Bjørnson  er no komen til Kristiania og skal halda Fyredrag i Arbeidarsamfundet Laurdags Kveld. Han skal tala um Sosialisme og franske Forhold. Han skal halda seg her ein 14 dags Tid. Sidan fer han til Paris att.

 

Maalskulen  i Rakkestad (Lasse Trædal) hev havt 15 Elevar. Utanum Maalet vart det haldet Foredrag av Trædal um Uppdragelsen, um franske Forfattarar i Slutten av fyre Aarhundrad og um Per Gynt, Ragna Nilsen heldt eit Par Foredrag um Kvendesaki og Presten Holm um B. Bjørnson og Henrik Ibsen.

 

Vel anvendte Penge!” skrik Høgrebladi um desse Maalskular, og me er heilt einige i det. Alle Pengar, som gjeng til Upplysning for Folket, er væl brukad. Lat oss berre faa mange sovorne Skular, Landet vil berre hava Bate av dei.

  

Den einaste Sonen til Rektor Steen,  kongelig Fuldm. John Steen døydde i hi Vika paa Litlehamar, 36 Aar gamall.

  

Løytnant Aas   reid her um Dagen ein Hest i hel paa Gardemoen. Hadde det voret ein annan Stakkar, hadde han fenget Straff, men dei militære hev Fripass til aa gjera, kva dei vil, ser det ut til.

  

Samhold” hev no fenget Amtsskulestyrar Davidson til aa skriva i Bladet. Davidson er kjend for aa vera ein dugande Mann og me vonar, at Samhold vil faa fullt Vederlag i han. Bladet teiknar til aa verta eit av vaare beste.

 

Norden” heiter eit nytt Tidsskrift, som skal koma ut i Kaupenhamn hjaa Ernst Boyesen. 1ste hefte kjem 1ste Oktober, 2dre i November og 3die i Januar 1877. Det skal styrast av Henrik Jæger (norsk), Gustaf av Geierstann (svensk) og Vilh. Møller (dansk).

  

Juleroser” kjem ut iaar og. Styrest av dei same. Dei svenske Prosastykkje vil verta umsette paa dansk. Det vil dei verta i Nordenog.

 

Juleroser, som kom ut i fjor vart seld i mengdevis. Det gjekk so fort, at det var lite Raa daa faa Tak i ho. Det var eit framifraa godt Innhald og. Det var Stykkje av Garborg (Paa Fantestig) og av Jonas Lie m. fl. – Kann ho verta so god iaar, so vonar me, at ho gjeng fort daa og. Ein Ting likad me ikkje ifjor: Garborgs Stykkje vart umsett paa dansk. Det burde ikkje voret gjort, og me vonar, at soframt det iaar kjem inn noko fraa ”norske” Forfattarar, at det daa vert teket inn utan Umsetjing. Maalet aat Garborg kann Danskarne godt lesa og me norske, - ja me les det no mykje betre enn dansk.

 

I Washington (Amerika) skal det haldast Verdensutstilling i 1892 til Minne um Kolombus, som i 1492 uppdagat Amerika.

 

Ein Engelskmann hev uppfunnet eit Skip, som er so lite, at det kann stappast i Luma. Han hev reist yver Kanalen i det.

 

I Grækarland   hev det nyleg voret eit stort Jordskjelv. 166 Menneskjer vart drepte og 500 saarat. Skaden gjeng upp til mange Millionar, daa fleire Landsbyar er øydelagde.

 

Er det ikkje fælt? I fjor tok Politiet i New York 2248 Gutar og 1057 Gjentur og sette fast for Drykk. Alle var under 14 Aar!

 

I Amerika hev det voret eit skræmelegt Jordskjelv 1ste og 2dre Septbr. Det merktest yveralt i dei foreinade Statar, fraa Missisippi til Atlantarhavet. Verst var det i Byen Charleston i sud Carolina. Heile Byen er øydelagd. Heile Tapet meiner dei er paalag 20 Mill. Kr. Det er det største Jordskjelvet i vaar Tid.

 

Gladstone er like rak enno.Nyleg hev han gjevet ut ei Bok um Irland. I denne forsvarar han Framlegget sitt og segjer, at det er den einaste Maaten, Tilstandet i Irland kann vølast paa. Det er Mann, som ikkje ligg paa Latsida, det!

 

126 Aar. I Tyskland døydde det nyleg ei Kvende, som var fødd 1760 i Basel. Ho hev voret gift 3 Gonger. Like til ho vart 109 Aar, kunne ho lesa utan aa bruka Brillur.

  

Det er mange, som gjer det til eit merkje paa Bibelkunna ja paa Kristendom og Trudom m. m. aa vita, kor mange Vers, Ord, Bosktavar o. s. b. der er i Biblen, og som hev laake Meiningar um dei, som ikkje veit dette. Det høyrer inn under Vanekristendom og Daudtru og misforstadet Iver i Gudsfrykti dette, men det er ofta aa raaka fram i ut yver Landet.

 

Korso vil me og for ein Gongs Skuld etter ”Folkehøgskuleblad” stella fram dette um Mengdi av Vers, Ord, Bokstavar og meir. Lær det so utan aat og gløym det ikkje.

 

I Biblen er 31,178 Vers; 773,692 ord og 3,506,480 Bokstavar.

 

Namnet Jehova stend 6855 Gonger; det millomste Kapitel er den 117de Salma, og det mitterste Verset er det 8de i den 101ste Salma.

 

 

Presten og Guten. Ein Prest spurde eingong ein Gut:

 

Kven er den fyrste Bokstaven i Bokstavrekki?”

 

Guten: ”Han er so lik Sparkong som eg skulde sjaa han”.

 

Presten (sinnad): ”Du burde ha Pryl og arbeida istadenfor aa lata deg”.

 

Guten: ”Arbeider du daa?”

 

Presten: ”Ja, eg arbeider med Hovudet”.

 

Guten: ”Han gjer so Grisen og”.

 

 

Ein  Distriktslækjar hadde i lang Tid set til ein Bonde, som hadde vondt i Foten. Medan han var burte ei Rid, saag Vikaren til Bonden. Han saag, at det var ei Flis, han hadde set i Foten, og daa han tok ho ut, vart Mannen god att. Daa Distriktslækjaren kom att, vilde den unge syna, han var Kar og fortalde, at det var ei Flis, som stod i Foten aat Bonden.

 

Tok du ho ut?”

 

Ja”.

 

Daa var du dumm, for eg hev tent 300 Dalar paa ho”.

  

Ein  Syldat maa selja Livet sitt so dyrt som mogelegt”, sa’ Løytnanten, han giftad seg med ei rik – men stygg Ekkja.

 

Med same Mynti. ”Kann eg faa Tobak for denne Øren?”

 

Kjøpmannen (spiten): ”Skal det vera for heile Øren?”

 

Aa – ja, dersom De hev so mykje paa Lageret”.

 

For Hus og Hjem” No. 22 inneheld:

 

Hemmeligheden ved at blive elsket. (J. Lermont). – Om Farvevirkning i Boliger. – For Haven: Erindringsliste for September. Erindringsliste for Huset i September. – Husraad. – Kjøkkenet. – Spiseseddel. – Avertissementer.

 

No. 23 inneheld:

 

Trods Tante Penelope. (Forts.). – Behandling af Tjenestefolk. – Rengjørelse af Gibs- og Elfenbenmasse-Afstøbninger. – Stuegartneri. – Husraad. – Kjøkkenet. – Spisemeddel. – Avertissement.

 

Bladet kjem ut kvar Laurdag i Stavanger og kostar Kr. 1.10 pr. Halvaar.

 

Folkehøiskoleblad”, styrt av O. L. Kirkeberg, kjem ut i Kristiania 1ste og 15de kvar Maanad i 8sidigt Format. Pris Kr. 2.25 pr. Aar. No. 18 er no komet ut med dette Innhald:

 

Om den sorte Død. – Oftedals Permission. – Tro som et Senepskorn. – Moral og Religion. – Meddelelser.

 

 


Frå Fedraheimen 18.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum