[Framgang for Maalsaki.]

 

Kristiania, den 8de Oktober.

 

Framgang for Maalsaki. Det er mange Folk, som paa ein Maate likar Maalstrævet. Dei trur, at Norsken eingong vil koma til aa sigra, men samstundes meiner dei, at det vil gaa so urimeleg lang Tid. Maalet maa faa Løyve aa utvikla seg sjølve. Det nyttar ikkje aa driva paa so hardt, som mange gjer, det kjem ikkje, fyrr det kjem lell. Dei trur ikkje, at det vert noko vidare Liv i Maalsaki, fyrr alle store Forfattarar tek til og skriv norsk. Daa vil det gaa snøgt, men fyrr gjeng det so ymist.

 

Det er noko sant i dette. Um t. D. Bjørnson, Lie og Kielland hadde gjort som Garborg og skrivet dei beste Bøkerne sine paa Landsmaalet, so er det ingen Tvil um, at me hadde voret lenger komne med Maalarbeidet vaart. Ingen verkar somykje paa Maalet i eit Land som dei store Forfattarar.

 

Men no er det det galne med det, at Forfattararne er Menneskje dei og. Dei maa liva av Arbeidet sitt. Og soframt dei hadde skrivet paa Maalet, so er det no eit Spursmaal, um det hadde voret Raad for dei aa slaa seg gjenom. At dei held seg til det, dei tener best paa, kann ein ikkje undrast paa.

 

Somykje gledelegare er det, at det no vert Raad med aa faa Bøkerne deira paa norsk og.

 

Mons Litlere, ein Bondegut fraa Sunnmøre, hev fenget Løyve av Bjørnson, Lie, Kielland m. fl. til aa umskriva sumt av det, dei hev skrivet, paa norsk.

 

Det hadde sjølvsagt voret mykje betre, um me hadde fenget dei fraa Forfattararne sjølve; men me fær vera glade til, at me er komne so langt.

 

Fyrste Boki er komi ut. Ho heiter:

 

Forteljingar

 

og inneheld Stykkje av Jonas Lie, Kielland, Alvilde Prydz og eit, som er umset fraa svensk. Det er ei liti vakker Bok paa 48 Sidur, som kostar 60 øre. Maalet er i det heile godt, um det enn finst mangt og mykje, som kunne voret betre. Soframt det skal verta Von um, at det skal gaa med dette, so krevst det, at Maalet vert so godt som mogelegt.

 

Noko av det fyrste, som kjem no, vert SynnøveSolbakkenav Bjørnson.

 

Det er hugnadlegt aa sjaa, at det finst Folk, som arbeid so væl for Maalsaki, og me vonar, at det maa ganga han væl, so han ikkje vert trøytt og utsliten fyrr Tidi, som det dessverre hittil hev gjenget med mange av vaare gjævaste Maalmenn.

 

 

Boki er aa faa her i Kristiania hjaa Huseby & Co. limit.

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum