Fraa Kristianssand.

 

(Del 1 av 2.)


Torsdagskvelden den 23de Septbr. hadde Styraren i ”Venstreforeningen”, Hr. Stortingsmann Løvland, ljost til eit Møte, og innbodet Folk til fritt Ordskifte um Maalsaki. Det var i mange Maatar eit merkjelegt Møte; for det er vel sjeldan, at Motstrævaranne vert slegne so grundig av Marki, og difor hev eg tenkt, at det kunne vera Moro for Lesaranne av Fedraheimen aa faa ei liti Melding um det.

 

Daa det nettupp var Maalskule i Kristianssand, hadde dei fenget Hr. Amtsskulestyrar Mauland, som var Lærar ved Maalskulen, til aa innleida Ordskiftet.

 

Han byrjad med aa segja, at han ikkje vilde forklara Folk, kva Maalsaki var for noko, for det vonad han, at dei fleste viste. Derimot framheldt han, korleis ein Landsgut maa læra eit framandt Maal, strakst han kjem paa Skulen, og korleis dette døyver Maalkjensla hjaa han. Han lærer, at heita og leika  og steikja heiter paa Bokmaalet hede og lege og stege: men vil han so bruka Maalkjensla si, og gjera veita til vede  og kveikja til kvege, so vert det Laatt av. Helder ikkje gjeng det an aa gjera løyvatil løve. Soleis vert det daa ein Skilnad millom Heim og Skule, som ikkje kann gjera anna enn vondt. For det fyrste fær Guten nok aa gjera med berre aa tenkja paa Formi, so at Innhaldet kjem burt, og dinæst fær han Svivyrdnad for det Maalet, dei talar i Heimen hans. Og naar han svivyrder Maalet, so ligg det nær, at han svivyrder alt heimlegt og norsk. Han skynar, at dei hev Rett til aa læ aat han, naar han segjer Stein  og Bein og Nyaar: for i Bøkerne stend det Sten og Ben og Nyaar. Og skal han skriva noko, so vil Tanken koma burt, berre for Formi si Skuld. Taleren las upp eit Dikt av John Lie:

 

Tungt er aa tena – som skrivet staar –

dei Herrarne tvo fraa Aar til Aar” o. s. b.

 

So talad han um, kva me kravde. Det var fyrste, at Barnet skulde faa lesa sitt eiget Maal, strakst det kom paa Skulen, og dinæst kravde me full Vyrding for Landsens Maal. Det var mangein Lærar, som knotad paa dansk, naar Presten vitjad Skulen; men det maatte ikkje hava Gang. Det var betre, at dei faae Prestarne lærde aa segja Stein  og Bein og Nyaar, enn at Hundrad av Born skulde læra aa segja Sten og Ben  og Nytaar. Me kravde ogso, at Maalet skulde vera rettsgyldig. Talaren fortalde ei liti Rispa um, kor naudsynt dette var. Einstad inn ei Ryfylkefjordarne var det ein Husmann, som skulde halda Gardemannen sitt Jorde fritt for Aatsel, d. v. s. Beiting. Men han let baade sine eigne og andre sine Kretur beita friskt vekk. Det kom til Sak; men i Forligelseskomissionen sagde Mannen, at han ikkje hadde funnet so mykje som ein daud Kat, langt mindre noko anna ”Aadsel”, som var verdt aa føra burt. Husmannen fekk rett. – Han heldt ogso fram, at me laut hava Bønderne ned i Aandslivet; men daa laut dei faa bruka sitt eiget Maal. Vinje og Garborg hadde aldri komet til aa skriva so godt, um dei hadde skrivet paa dansk. Ei Sak, som lyfter Bonden, so han kjem med i Aandslivet, den vil verta ei Bru millom Byfolk og Bønder, og difor vil ikkje Maalsaki skilja, men jamna ut Skilnaden.

 

No tok det til med eit heitt Ordskifte. Av Motstrævaranne var det berre tri, som upplet Munnen sin, Sakførar Vogt, Bladstyrar Vogt og Rektor Feilberg. Dei vart svarad av Mauland, Løvland, Stortingsmann Liestøl, Lærar Spinnangr og Stipendiat H. Ross. Den siste hadde nok Motstrævaranne ikkje gjort Rekning paa – iser hadde vel ikkje Rektor Feilberg gjort det; for held hadde han vel ikkje komet med so mykje Tull, som han gjorde.

 

Den fyrste Talaren var Sakførar Vogt. Han sagde, at han ikkje hadde tenkt  paa aa segja noko i denne Saki, og det var visst sant det. Han var ublid paa Mauland, for di han ikkje hadde talat etter Vogts Hovud; han skulde nemleg hava sagt meir um, kva Maalsaki var for noko, og kva Maalstrævaranne vilde, for det visste vel ikkje Vogt. Han trudde, at Maalstrævaranne vilde gjeva Landsmaalet same Retten som Bokmaalet; men det totte Vogt, dei slett ikkje skulde gjera, for det fanst ikkje noko Landsmaal; men paa Slutten sagde han, at der var mange. Han totte ikkje, at Løvland og Liestøl hadde noko Æra av, at dei hadde fengjet Landsmaal inn i Stortinget. I det heile var Landsmaalet noko Skrap, som ein burde tyna. Det vilde berre ”bringe Forvirring og Splittelse” allestader.

 

Den næste Talaren var Rektor Feilberg. Han vilde ”anse det som en stor Ulykke”, um Landsmaalet kom til aa verta sett likt med Bokmaalet. Strakst baketter sagde Rektoren, at det var ikkje nokon vidare Skilnad millom Landsmaal og Bokmaal. Bokmaalet vaart hadde ”utviklat” seg av det norske Maalet, og det stod Bygdemaali like so nær, som noko anna skrivet Maal stod Bygdemaal i andre land. At me hadde alle desse Bygdemaali, kom av, at Bonden stod paa slikt eit ”lavt Standpunkt”. Hadde han berre fylgt med i Utviklingi, so vilde hans Maal no hava voret likaeins som Bokmaalet. Det vilde soleis ikkje havt Tviljod; for dei hadde me ikkje Tid til aa uttala no, og me saag difor ogso, at dei gjekk tilbake i alle nyare Maal, soleis i engelsk. Rektoren likad godt, naar Bønderne talad sit eiget Maal, og der var ingen Ting, som var styggare, enn naar dei gav seg til aa knota. Beint framanfyre Feilberg sat det ein Sætesdøl. Daa Feilberg talad um, kor stor Hugnad han hadde av aa høyra det norske Maalet, sagde Sætesdølen: ”Ja men du forstend det ikkje”: Heile Folkehopen sette i med ein Laatt, og Feilberg kom i stor Naud, men endeleg fekk han sagt, at det var berre nokre faae Ord, han ikkje skynad. So talad han vidare og var fælt lærd, og det gjekk endaa so vidt, at han miste Traaden i Tanken sin, so Ordstyraren laut setja han paa atter. Han meinte paa, at me hadde norsk Maal i vaare Bøker; det kunde me sjaa av, at det laut so mange Merknader til ned paa Foten av Bladet, for at Danskarne skulde skyna det, og um ei Rid vart det vel til det, at Danskarne og laut setja Merknaden i sine Bøker, for at me kunde skyna dei.

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum