Garborgs ”Bondekultur”.

 

(Del 1 av 3.)

 

Kva er Meiningi? spør Helleland.

 

Jau Meiningi er greid ho. Men det skal ikkje undra meg meir, um Garborg heretter vert kallad Bondehatar enn at Doktor Stockmann vert kallad Folkefiende.

 

Kva er det som Garborg arbeider for fyrst og fremst og kva var det som var Meiningi i desse Stykki hans.

 

Han arbeider for ein norsk ”Bondekultur”.

 

Ein stor Skilnad millom han og mange andre, som sviv kringum den same Bruri, er den, at dei hine talar um det, og Garborg arbeider for det, trur paa ein Bondekultur og arbeider for’n idugare og sterkare enn me fleste andre. So mykje tenkte eg i det minste, at alle Maalmenner visste og forstod; eg meinte han var verd vaar Kjærleik, men no ser eg anna ifraa so mange Kantar. Eg ser, at Folk, som skulde hava det beste Vit til aa skyna, dei misforstend og legg berre vondt innunder.

 

Og det tykkjer eg er saart, at me ikkje skal vera komne lenger.

 

 

Eg likar den Ungdomen, som drøymer og lengtar, eg trur, at det kann verta noko av han, naar han fær Høve aa koma seg til. Eg likar au dei Tider her i Norig, daa Folk gjekk fulle av Draumar og Lengt um det nasjonale, um Bonden og sovore.

 

Men kvar Alder hev sitt: det som pryder Ungdommen, det skjemmer Manndomen. Det er faae Ting som skader so mykje som aa verta svivande i dei same Kjenslur og Hugdrag for lenge, det vert aldri rett Vokster paa ein, han vert ikkje Kar.

 

Han maa anten brjota seg ende burt ifraa dette som meinheld han, elder han maa arbeida seg fram, so alt kann faa sin Fullnad.

 

Romantikkens Tider her i Norig var fulle av Draumar og fagre Ord. Det som trengtest, for at Folket ikkje skulde domna burt i det, var anten Innfriing av dei fagre Ord med likeso fager Gjerning, elder so Umflytjing av Interessa til andre Baugar, Brjoting av nye Banar.

 

Her hev gjenget baaeleies til, Maalmennerne hev innløyst Draumarne med Handling, Politikken og Vitenskapen og Litteraturen hev ført oss inn paa dei nye Banar.

 

 

Naar fagre Ord vert sagde for ofte, daa vert det tilslutt berre Talemaatar og Fraser.

 

Det er Faare for Folket vaart i so Maate. For det fyrste er her nemleg so fullt av Bakevjur. I dette Landet med den seine aandelege Samferdsel er det so mange Avkrokar og Fjellholur, so at naar det kjem eit Luftdrag yver Landet, er det paa mange baade Stader og i mange Stand av Folket, at dei ikkje fær kjenna Gusten, fyrr han alt er blaasen framum dei andre, og nye Aandsstraumar komne upp. Det er mange Bygder og mange Klasser av Folket (t. D. Pietistarne), der no fyrst den nasjonale Rørsla i Romantikkens Bunad hev naatt fram, der dei no fyrst likar Bjørnsons Bondeforteljingar, som dei fyrr snaudt torde lesa.

 

For det andre er det dette, at Huglyndet i Folket vaart er i Samhøve med Naturlaget i Landet; eit litet Bil sterkt Ljos og mykje Liv og so det lange Myrkret. Me er eit nervøst Folk, som hev det ”anten paa Hengen elder Sprengen”. Er det ei Blømingstid i Politikk elder Bokheim, er det ein Tankegang i ei viss Form, som hev fenget Magt yver Folk, so er det strakst liksom Krefterne vaare skal vera mergstolne, so me ikkje duger til aa leggja oss frami aa utvikla det me hev fenget, me vil strakst hava Kvild og liggja nossa oss kringum Aareelden og baade tvitaka og tritaka dei gamle Inntrykk og jorta paa vaare Minne.

 

Her er soleis tvo Slag Folk, som liver i det romantisk-nasjonale Aandsdraget (som eg vil kalla det). Det er for det fyrste dei nykomne, Fjellbygderne, dei mindre upplyste Klassar og Pietistarne. Og for det andre dei, som hev voret med fraa det fyrste, men ikkje orka daa fylgja Utviklingi av det nye.

 

Det fyrste Slaget er det ikkje so faarlegt med, det vil ikkje sitja so djupt, endaa ein skulde no tru, at det turvtest ikkje, at Nykomingen vart fastgrodd i det, som er for gamalt.

 

Verre er det med dette andre Slaget. For det vert Hovdingskapen i det nye Høgrepartiet.

 

Kva er eit Høgreparti for noko?

 

Det er dei, som held paa ”det bestaaende” og segjer: hit og ikkje lenger.

 

Den romantisk-nasjonale Rørsla hjaa oss hev skapat Høgremenn fyrr. Eg meiner dei, som fylgde Welhaven. Daa det kom sterkare Tider, som vilde innfri dei fagre Ordi hans, daa sagde dei gode Menner stopp: hit og ikkje lenger. Og Motviljen mot det nye trengde dei so mykje fastare i hop umkring det gamle.

 

Paa same Vis er det no, at ein Flokk av Rædsle for det nye, som lyt fram, sankar Soll og vil halda fast Bjørnsons fyrste Tider, som er det andre utslaget av den same Rørsla.

 

Dette romantisk-nasjonale Livssynet kunne i si Tid vera bra for Byfolk, for det gav dei Vyrdnad for Bonden, som baade i Welhavens og Bjørnsons fyrste Tider vert halden som noko nytt og framandt, som var verdt Dyrking og Gjævhalding. Men skal det no koma for fast hjaa Bonden sjølv, so vert det forgale; for daa vert det ikkje anna enn Sjølvforguding.

 

Welhaven peikad  paa Bonden som noko framandt, Bjørnson skildrad han, som han saag ut for Bymans Augo.

 

I Staden for denne Synsmaaten hev det hjaa dei norsk-norske komet fram noko anna, det realistisk-nasjonale. Her er det tvo Diktarar aa merkja seg. A. O. Vinje skildrad Bonden som han verkeleg var og Arne Garborg – ja kva han?

 

Jau han gjeng ut fraa, at no hev me høyrt nok um Bonden, korleis han er, no maa me høyra um, korleis han skal verta. Det er skrevet nok um  Bonden, no maa det skrivast for  Bonden. Det nasjonale er ikkje noko ein kann peika paa liksom eit Utstillingsplagg, men det er Liv og Utvikling altjamt. Og Bondekultur er ikkje, at ein held nokon Kultur elder Dyrking av Bonden, men at Bonden hev Kultur, og det ikkje ein gamalldags Kultur, som er prøvat og utsliten av andre fyrr, men ein, som er heilt ut moderne og tidhøveleg.

 

Det er ein Ting, som Garborg hatar, det er Halvkultur og Halvdaning. Etter vanleg Tenkjemaate skulde han daa ikkje nettupp elska Bonden, daa han etter vanleg Tenkjemaate aldri kann naa lenger enn halvt fram. Men Garborg krev det heilt av Bonden ogso han, heil Aandsutvikling, heilt Sjølvstende i alle Meiningar, heil Karakter, heil Kultur paa alle Leider, og det ikkje berre som eit Framtidskrav, nei han krev det av Bonden, som no er. Han er ein streng Mann. Det er so strengt eit Krav, at den som ikkje kjende han, vilde kalla det for lettsinnigt. Men Garborg er ingen lettsinnig Mann. Nei det er noko anna, som gjer det, og det er hans sterke Tru paa den norske Bonden. Norig hev snaudt aatt nokon Diktar, som hev havt so stor ei Tru paa Bonden som Garborg.

 

Det er og ein Ting til, som gjer, at han kann stella slike Krav med fullgodt Samvit. Det er det, at han sjølv vigjer all si Kraft til Upplysningsarbeide for Bonden.

 

 

(Sluttar.)

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum