Heimlaus.

 

(Umsett fraa Finsk).

 

Aa jøye meg, stakkars Guten,

eismal gjeng eg, utan Vern og Hus,

eg flyg som Himmelens Fuglar

umkring so ferdafus.

 

Men Fuglarne dei kann kvila,

dei hev lell sitt varme Reir for seg,

Berre eg hev ingen Heimstad.

eg fer paa villan Veg.

 

Og under dei sterke Vengjur

verjer Fuglen sine Ungar smaa;

Yver meg den kalde Vintren

eit Tjeld av Snø kann straa.

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum