Hr. Bladstyrar!

 

Eg maa faa Lov til aa senda nokre Ord til Fedrah. fraa Hylestad. Her er framifraa godt Vedr no um Dagarne, og det kjem væl med, daa Folk tek upp Jordepli no. Folk fær mykje av dei, og gode er dei. Idetheile trur eg, at det maa segjast aa vera eit godt Aar dette. Kornet stod godt, og Heimehøyet vart av det beste; for Skuld det blanke Høstvedret. Heideslaatta var no vaak tidlegt paa Sumaren, det er sant; men det er ei Raad, naar det ikkje tarv liggja aa bleikjast ut, Høyet.

 

Den 23de Septbr. var der Fesjaa paa Rysstad. Ei 4-500 Menneskje var samlad fraa Valle, Hylestad og Austad Sokner. Der var idetheile 195 Naut, derav var 15 Stutar, 36 Kvigur og 66 Kjyr; 35 Stykkje var utstelt i 8 ”Grupper”.

 

Fylgjande Premiar vart utdelte:

 

John T. Uppstad H. M. Kongens Sylvmedalje; Olav P. Kjelleberg H. M. Kongens Broncemedalje.

 

For Stutar: Olav P. Sagneskar, 100 Kr.

 

For Kvigur: Eivind Ose, 2dre Premi; Grunde Austad 2dre; Olav D. Rikje 3dje; Bjørgulv G. Rysstad 3dje; Olav D. Espetveit 3dje og Sigurd H. Røysland 3dje.

 

For Kjyr: Knut O. Langei 1ste Premi; Targei B. Sagneskar 1ste; Aslak S. Sannes 1ste; John Upstad 1ste; Hans O. Hovet 1ste; Torjus P. Sagneskar 2dre; Lidvor K. Øien 2dre; Targei K. Sannes 2dre; Knut O. Landgei 3dje; Torjus P. Sagneskar 3dje; Taral E. Upstad 3dje; Torjus H. Homme 3dje; Jon T. Upstad 3dje; Gunnar T. Brokke 3dje og Olav B. Landgei 3dje.

 

Hæderleg Umtale”:Targei G. Rysstad;

 

 

Bjørgulv G. Rysstad; Dreng N. Hovet; Olav T. Berge og Niklas T. Berge.

 

Idetheile skulde det vera framifraa væn Buskap tilstades, so det tyder paa, at Folk legg seg meir og meir etter Kreturstellet. - Men det beste hev eg spart til sist. Det gjeng no Ordet so, at me er gode

Maalmenn her i Hylestad. Og det synte seg, daa Torgeir Bjørnaraa talad for O. A. Vinje: der var samlat inn Kr. 13.21 til Minnestytta hans. Me elskar Vinje. Live Minnet’ hans!

 

Rysstad 26de September 1886.

 

Gunnar T. Rysstad.

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum