Tilsvar aat hr. S.

 

Hr. bladstyrar!

 

I Fedraheimen no. 58, er det ein ute og skriv under merket S. Eg kann vera einug i nokot av det han heve aa bera fram. Men i slutten av stykket sitt kjem han med nokre sneisord, som han kunde hava spart seg, og som eg maa faa lov til aa svara paa. Han skriv nemleg um Dag: ”Dagkann eg ikkje lesa helder. No. 38 tittad eg i for nokre vikur sidan. Der fann eg slikt som: den heim, som Vaarherre skjenkte deim,(paa norsk segjer me: skjenkja ein dram; men gjeva ein heim¹). So gjekk det tvo dar, utan at ho høyrde.Sidan kom sorgi og harmen yver aa vera forskoti – Heidemarki, som innleidest ved det storslegne utsynetog meir slikt”.

 

Hr. S. meiner, at ord elder ordelag i desse retningarne smaka for myket av dansk; difyre er han ikkje god til aa lesa Dag, som skriv slikt. Ja, det er vel nog, at det kjem kritikk; men eg trur, at hr. S. heve voret vel snar og vel hard i sin dom denne gongen. So lenge som me faa den meste upplysningi paa dansk, vil det vera vandt aa halda bokmaalet vaart reint fyre ”danismor”, endaa me prøva aa skriva so godt norsk, som det er raad til. Di meir det vert skrivet paa landsmaal, di likare vert det, maavita; men det er vist eit godt stykke fram endaa. Verst er det hjaa dei fyrste menner, som byrjade skriva landsmaal, slike som Storm og Wergeland. Men likavel trur eg, at det er mange, som finna ei gleda i det, som dei skreiv paa sin beste norsk, um enn hr. S. ikkje timest lesa det.

 

Det er næstan berre bondefødde gutar, som skriva i Dag. Det skortar dessverre ofta myket paa, at ord og ordelag er heilt upp norske; eg rettar det verste; men sumt lyt eg stundom lata gaa, for eg heve ikkje alltid god tid. Men eg prøver alltid aa passa paa, at det vert ein jamn og stød skrivemaate i bladet, og i det stykke trur eg, at Dag ikkje er attanfyre dei andre maalbladi. Dag bruker same maalformi som bibelumsetjingi.

 

Men naar det so hender i Dag, at det kjem inn ”danismor”, er dette ikkje annat enn ein finn hjaa mest alle landsmaalsbokskrivarar. Og skulde alle vera so vande paa det som hr. S., vart det ikkje mange bøker, ein kunde lesa. Dette er ein av grunnarne til, at eg tykjer hr. S. er for streng.

 

Men fyr det andre lyt eg segja, at hr. S. heve voret vel snar til aa døma. I alle fall vil eg ikkje lata domen hans standa i alle deilar. Det fyrste eksempel, som han nemner, der det stend: ”den heim, som Vaarherre skjenkte deim”, heve eg sjølv skrivet og vaagar tru, at det er norsk. ”Skjenkja” vert i mange maalføre brukt med same tyding som ”foræra, giva til gaava”. Soleides her i Trøndelagen (i Flatanger, Grong og Stadsbygdi), baade som reint gjerningsord (han skjenkte mæ de”) og som tingord (”te skjenks”, ”gji i skjenk aa gava” o. s. fr.). Og dersom den lærde hr. S. vil verta so god aa ”titta” – som han sjølv segjer, elder ”kika” som me segja paa norsk – i Landstads Folkevisor, sida 627, vil han sjaa, at ordet ”skjenkja” endaa vert brukt i ei slik gamal vestlands folkevisa som ”Ramnebrudlaupet” i Kraakelund” med same tyding som i Dag: ”Orren kure under bjørkerot – fann seg ein vesal makk – dan so skjenkte han brurgomen – o. s. fr.”. Etter dette maa det kunna lata seg gjera aa bruka ordet so einkvar gongen, iallefall i eit rim; og det er i eit rim, Dag heve brukt det. Ivar Aasen heve ikkje innført ordet med denne tydingi i ordboki si; men me kunna ikkje venta aa finna alt der. Hr. S. vil soleides faafengt kika etter ”titta” i denne ordboki; i svenske og danske vil han finna det; men ikkje i norske maalføre (?)

 

Dei andre setningar, som hr. S. klagar paa, er det innsendarar, som hava skrivet. Dei kunde og burde hava voret betre stilade, endaa ordi sjølv er norske nog. I det andre eksemplet er det bruket av ”utan at”, som hr. S. mislikar. Men dersom han vil gjera seg den ”umake” – som han sjølv skriv, elder ”umak”, som me segja paa norsk – aa ”titta” i Ivar Aasens ordbok, vil han finna ”utan at” med den same tyding som i Dag. I det tridje eksempel er ”yver aa vera ferskoti” tungt, endaa ”forskjota” vert brukt nettupp soleides baade vestanfjelds (Sunnfj. ”han forskaut henne”) og nordanfjelds (”Han hi forskøtti a”, Namdalen, Beistaden, Stoidalen, Frosta o. fl.²). Det sidste eksempel er kunstig maal, men ikkje vandt aa skyna, i alle fall fyr den, som er nokot van med dansk, og det er dessverre alle leseføre nordmenn. Det sidste eksemplet er ein ”danske” med norsk bunad, som det er altfor mange av i dei fleste maalskrifter, soleides ogso i sjølve stykket hans S. Det er daa ikkje fult so galet som naar hr. S. skriv ”2 1/2 Gonger” istadenfyr ”2 ½ gong”, for ”2 ½ Gonger” er ei rein heimløysa, som det ikkje eingong finst maken til i – England.

 

Den tridje grunnen eg heve til aa tykkja, at hr. S. er for streng, er daa den, at han ikkje sjølv er so lytefri ikkje ein gong i dette stykke, at han skulde slaa so hardt paa. Hr. S. skriv jamnaste ein lett og god stil; men der er myket ”danismor”, um det enn ikkje heve voret nokon, som heve gjevet seg um aa kritisera honom. Eg vonar daa, at hr. S. ”kann lesa” sine eigne bøker fyr den sak skuld, og me andre vilja gjerna lesa deim.

 

Men kvifyre er daa hr. S. so streng? Eg undrast paa, um det ikkje er ein gamall sjukdom. Me minnast alle, korleides dei yngre maalmennerne i Kristiania umkring 70-talet tok paa bergensmaalmennerne fyre det kunstige ”islands-danske” maalet deira. Og dei lagde meste skuldi paa ”normalmaalet”, som bergensararne brukte. So skulde maalføri upp i staden. Men det gjekk ikkje. Kritikken gjorde godt i mange maatar; den sette av islandsken som mynster og sette upp maalføri; men normalformi heldt seg og gjekk ut or striden finare og sterkare enn fyrr. Undrast paa, um ikkje det enno sit eit litet agg atter fraa den tidi hjaa deim, som daa lagde seg mest burti det? Og undrast paa, um det ikkje er dette, som ligg under, naar hr. S. segjer, at han kann ikkje lesa Dag, fyrdi det ikkje alltid er reint fritt fyr dansk, liksom hr. S. sjølv?

 

Endaa eit ord. Hr. S. segjer tilslutt, at ”der er mange umkring i by og bygd, som gjerne vil lesa landsmaal, men landsmaalet ser tidt ut slik, at dei kann ikkje kjennast ved det”. Eg trur ikkje denne grunnen veg so myket, dersom det er normalformi, hr. S. meiner. Det syner seg best paa det, at faae maalbøker er det folket lika so godt og lesa so gjerna som Kristofer Janson sine, endaa dei bøkerna er skrivne paa det stivaste normalmaalet og ikkje er friet fyre ”danismor”. Derimot trur eg helder, at dersom det er nokot, som gjerer folk ”umotade” paa aa lesa landsmaalet, og som slett ikkje er til nokon bate, daa er det alle desse ymse skrivemaatarne av det same ord. Ingi form kann festa seg, naar ho skal verta skift og umbytt uavlateleg. Ein gong vert det skrivet ”annarleides”, ein gong ”onnorleides”, so ”annleids” og ”annleis” og ”ansleis” og ”onnoleis” og ”onnoleids” og ”annarleids” o. s. fr. i det endelause. Det er sume maalmenner, som synast tru, at dei skal visa, at dei er framifraa med det, at dei skriva landsmaalet annarleides enn Ivar Aasen. I andre land visa dei store evnor seg paa andre maatar enn med aa skilja seg ut i skrivemaaten. Den verste hindring fyr maalsaki sin framgang i vaare dagar vil vera burte i den time, maalmennerne samla seg heilt um normalformi, slik som ho vert skrivi i bibelumsetjingi. Fyrst daa, naar ordet stødt stig fram i den same bunad, vil det verta kjent og festa seg. Og daa vil ogso det klagemaalet, som me no høyra paa ymse motstandarar falla burt.

 

Namsos nde 30te september 1886.

 

Marius Hægstad.

 

 

¹) Tenkja seg paa engelsk slikt som: God poured them a home! S.

²) Ikkje hjaa Ivar Aasen.

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum