Ymist.

 

Aa jau, det hev voret mykje Liv i Kristiania By no, medan alle Engelsmennerne hev voret her. Det hev voret Dansarlag baade iland (i Logen) og umbord paa Skipi. Prins Oskar var med i baae han, medan Kongen ikkje totte det høvde aa vera med, etterdi ein av Landets fyrste og gjævaste Menn, Konsul Heftye, laag Lik nettupp i desse Dagar.

 

Alvist er det no Kvinnfolket, som hev morat seg mest. Dei gjorde so i Bergen og, men so kom det Melding derifraa, at det var nok ikkje berre Moro, Engelsmennerne førde med seg. – At mange Gjenter her i Kristiania fær røyna det same, kann det ikkje vera Tvil um.

 

Det er gasta Karar desse engelske Krigsskipi, og so er dei no utstyrat med alle nye Greider til aa drepa Folk med. – Ellida – eit norsk Krigsskip, som ligg her samstundes, er no berre som eit Barn imot dei, endaa ho skal vera eit av vaare største.

 

 

EbbeHertzberg, Professor og Statsraad, hev voret, hev søkt um og fenget Avskil. Han var med i ”Aprilministeriet” i 1884.

 

 

Sogns Tidende” meiner, at den einaste Maaten, det kann verta Ende paa Striden i Vinstre, er, at Regjeringi ikkje kjem fram med nokon av dei Reformarne, som heile Vinstre ikkje er samde um. Det er og den einaste parlementariske Maaten, meiner Bladet.

 

 

Lat meg vera!Ei Dame, som var med i Danselaget for Engelsmennerne, hadde skrivet upp ei Liste med engelske Setningar, som ho tenkte aa faa Bruk for.

 

Dessverre tapad ho Lista si, og det fyrste paa ho var:

 

Lat meg vera!”

 

 

I Nidaroshev det voret ein fælande Orkan Natti til Sundag var. Ei Mengd Vindaugsruter vart sunnslegne. Paa ein Gard i Opstrinden tok Stormen eit Hustak og bar det eit heilt Stykkje burt. I Manns Minne hev det ikkje voret ein slik Storm.

 

 

I Bergenrignad det dei 21 Dagar av September. Berre 9 Dagar var det Upphald.

 

 

Jordskreid i Sogn. 14de September var ein skræmeleg Dag for Folket i Aurland. Det heldt paa aa rigna svært. Daa det leid burtimot Middag byrjad Jordskreidi aa losna øvst upp paa Fjellsiderne. Dei hadde soleis ein lang Veg aa gaa, og etterkvart dei foor nedyver, tok dei meir og meir med seg, og daa dei kom til Sjøen, var dei overlag store. For mange vart Skaden stor, daa dei tapte baade Aaker, Skog og Eng. I Underdal var det verst. Eit Skreid kom like i Elvi og stansad ho. Daa ho so hadde vakset seg so stor, at ho kom yver, gjekk ho yver Kantarne sine, og tok med ein Mengde Aaker og Eng, og 13 Hus. Mykje av Innboet gjekk og med, daa det kom so snøgt paa, at Folk ikkje fekk Tid aa berga.

 

Det vert tungt for desse Folk, naar svarte Vinteren kjem, og det trengst væl, at Folk som hev Raad og Hjartelag til det, stydjar til.

 

(Etter Sogns Tidende).

 

 

Den danske Riksdagbyrjad Maandag. Vinstre var burte under Opningi.

 

I Landstinget vart Liebe Formann, og i Folketinget Berg.

 

Tirsdag vart det haldet Møte um eit Framlegg fraa Finantsminsitaren, som gjekk ut paa ny Finantslov og Byting av Riksgjeldi.

 

 

Stortinget i Bulgariaer delt i tvo Delar. Fyrste, Senatet, hev 45 og andre, Deputeretkammeret, 100 medlemar. Men for aa kunna brigda noko paa Statsskipnaden elder til aa velja Fyrste krevst det at han er dubbelt so stor. Stortinget i Bulgaria heiter Sobranje. No paa Sundag skal det haldast Val Landet rundt til ein stor Sobranje, som skal velja ein ny Fyrste aat Landet. Regjeringi i Rusland er sinnad paa dette og segjer, at ho ikkje vil godkjenna det, som Sobranjen gjer; men Bulgararne bryr seg ikkje um, kva Rusland segjer i det Stykket.

 

 

I Regjeringskantori i Washington er det ikkje mindre nen 15000 Statstenarar. Derav er dei 4000 Kvende med Løn fraa 2600-8000 Kronur Aaret. Til aa telja Pengar vert Kvinnfolki brukat meir enn Menn, daa dei er meir aa lita paa.

 

 

Framåt”, Göteborgs Kvinnoförenings Tidsskrift; er utkomet med det 19de Hefte og inneheld:

 

Ola Hansson: Det unga Frankrike. – Mark: ”Om socialismens riksførderflighet”. – Th. Bugge: Meddelelse om ”midnatsmissionen i København. – Når ech Fjerran.

 

 


Frå Fedraheimen 09.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum