[”Morgenbladet”]

 

Kristiania, den 12te Oktober.

 

 

Nye Tingarar paa Fedraheimenfær fritt tilsendt Mathæi Evangelium,utgjevet av Det norske Samlag med Statstilskot.

 

 

Morgenbladet” som no altid er so blid mot Maalarbeidet, skreiv nyleg, at Fedraheimen ”førte en latent og indflydelsesløs Tilværelse”.

 

Me skulde imillertid hava Hug aa vita, kven som hev mest ”Indflydelse”, anten Fedraheimenelder Morgenbladet.

 

Kva vil det segja aa hava ”Indflydelse”?

 

Jau, at kunne verka paa Folket, so at Fleirtalet av det gjeng med paa dei Tankar og det Syn paa ei Sak, som ein sjølv hev.

 

Men dette skulde ho minst av alle Morgenbladet  rosa seg av.

 

Korleis gjekk det Bladet, daa det heldt paa aa forsvara det gamle Ministeriet?

 

Kor hadde det daa ”Indflydelsen” sin?

 

Baade Friele og heile den store Heri der nede i Voldgata arbeidad alt, dei kunne. Dei skreiv Sida upp og Sida ned baade um Vetoet, som var ”ophøiet over Tvil” og um Høgres Gudelegheit, og imens so minkad Flokken deira.

 

Soframt det er det, Friele meiner med aa hava ”Indflydelse”, so hev han Rett i kva han segjer um Fedraheimen. Den Slags ”Indflydelse” hev me ikkje mykje av.

 

Fedraheimenvart stiftad for aa arbeida for Maalsaki, ikkje for anna. Og me maa segja, at etter Forholdi, so hev han det ikkje so verst enno. – Og blant Maalfolket hev han no større ”Indflydelse” enn noko anna Blad. At Maalmennerne burde hava gjort meir, enn dei hittil hev gjort, det skal me ikkje negta; men korkje Morgenbladet elder nokon annan skal kunna negta, at det hev voret og er Framstig i Maalarbeidet, og ein Del av Æra for dette kann no Fedraheimentaka som si.

 

I same Stykket hev Morgenbladet nokre vakre Ord um Stortingsmann Liestøl og Hans Ross. Dei kunne godt Friele sparat seg. Me er no komne so langt, me Maalmenn, at um so kvar Kjeften i Morgenbladettok til aa skjelda paa oss, so fekk me oss berre ein god Laatt av det.

 

Friele vil ikkje tru, at V. G.og andre Vinstreblad bryd seg det minste um Maalet, fyrr dei sjølv tek til aa bruka det.

 

Det er ikkje utrulegt, at Morgenbladet kjem til aa faa sjaa det og paa sine gamle Dagar. Men daa kann du tru, det vert ”Leven”. Me tykkjer alt, me ser Morgenbladetog dei andre Høgrebladi, korleis dei daa vil bera seg.

 

Daa kjem dei til aa verta verre enn nokor Tid, for daa lid det mod – Enden med dei.

 

For soleis er Morgenbladetsin ”Indflydelse”.

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum