[Ymist.] Ei bilætleg Klokke.

 

(Mythologi og Politikk). Endaa Stavanger Amt er eit gamalt Vinstreamt, so finst det vel no faae, som hev full Greide paa Skilnaden millom Høgre og Vinstre, sidan Amtet siglad inn i Prestepolitikken. Ein viss Prest, som medan han var ung, var Sjømansprest, skal hava sagt der yver hjaa ”Britarne”, at dei fleste elder ein av Prestarne i ”Thule” var Sjælemordarar. Um det er komen nokon særleg Sjælemordar her hit til det vestlege ”Thule”, skal eg ikkje segja, men nok er det, at mykje av det gamle Vinstres Visdomssans hev kropet i Skjul, og daa dette Skjul er myrkt og berre vert upplyst lite grann, so er det all Grunn til aa tru, at Vinstres ”Visdomssans” vrenar burt av denne Sjælemyrdingi.

 

Den gamle Kopparskjerparen, Klokkemakar Kartevold i Sandnæs, hev i meir enn 30 Aar voret ein idug Vinstrepolitikkar, men han hev no og paa sin Maate kropet i Skjul og held paa med aa laga smaa Bilæte av Verdensutviklingi. Han aatte ei gamall Taffelklokka, som paa Skiva si hadde Bilæte av Røykelseskari i Templet hans Salomon. Øvst uppe paa Klokka stod ein Mann klædd i gamall græsk Bunad. Denne Mannen hev eit Scepter i Haandi og paa det sit ei Ørn med ei liti Stjerne i Nebbet sitt.

 

For aa vera nasjonal sette han Guden Thor med Hamaren til høgre for Grækaren og til vinstre sette han den egyptiske Amon ramed Rettferds Scepteret. Framfyre desse 3 vart det sett 10 Hovudfigurar, som gjeng rundt. Desse er: 1) Osirismed det kongelege Spiret i høgre og Straffens Ris i vinstre Haandi. 2) Brahma i dei 3 Personarne sine. 3) Seusmed Nike og eit Scepter. 4) Nike med Offerskaali si framfyre det græske Altaret. 5) Pallas Athene, Gudinna for Reinleiken, med det store Skjoldet sitt. 6) Josvamed Verdi i Haandi si. 7) Basunengel i Kvendeskapnad. 8) Jupiter, som med vinstre Haandi styttar seg til ei Ørn og i den høgre held han høgt upp Lyneldgreiderne sine. 10) Minervamed Lansen sin og Straalegreiderne sine.

 

I Midten av dei 3 er det eit Symbol etter ei Medalje, som vart slegi til Minne um Amerikas Fridomskamp 1777-1787. Amerika er klædd paalag som Minerva. Hardstyret ser ut som ein Tiger. Minerva rettar Lansen sin mot Tigeren. Bak Tigeren stend det eit Brystbilæte av ein Farisæarelder Erkebiskop og bak Minerva er det ei græsk Visdomsugla. Ved Foten aat Minerva sit det ein Gut, som med høgre Haandi strid med ein Slange og med vinstre held han fast paa Mor si og ventar Hjelp. Minerva jagar Tigeren attende, endaa han vert stydjat av Erkebispen.

 

Øvst paa den gylte Skiva, framfyre desse gaa-ande Bilæti, er det tri Symboler:

1) Urtidi. Jordkuli med ein Hane paa.

2) Kristi Tid. Jordkuli med ein Kross,

3) Millomalderen og tildelsNotidi. Jordkuli med ein kronat Keisar med Krossen øvst paa Krona si, men med eit Sverd, som snur mot Krossen.

 

Yver Bilæti fraa Salomonstidi og under Krossen er det eit Bilæte av Paulus, soleis somhan stod framfyre Kong Agrippa. Men so kjem Millomalder og Kristusbilætet til aa snu Sverdet mot Paulus. Dette siste Symbolet gjeld vel mest Folki i Vesten, i Amerika, der det er full Religionsfridom, elder England, som ogso gjev full Fridom til Kristne, som trur som Paulus og dei fyrste Kristne, utan aa halda paa alle desse Prestedogmar. Det finst Universalistar, Unitariarog fleire av dei nye Skular, som trur liksom Paulus, at Gud hev gjevet seg tilkjenne for heile Verdi (sjaa Rom. 1, 19-20 og 2, 15). Farisæarar og Skriftkloge trudde ikkje, det kom noko godt fraa Nasaret. Dei noverande Skriftkloge og Farisæarar trur ikkje, at det kann koma elder verta lært noko godt fraa Heidningeverdi; men lat oss prøva alt og halda paa det, som godt er. Det kjem mindre an paa Namni aat Gudarne, enn kva ein lærer av og trur um dei. Heidningefilosofi og Lærdom hev ofta gjort godt i Verdi. Difor kann det knapt vera væl, at prestelege ”Sjælemordarar”¹) set av Pallas Athene og Minerva, for Vitet og det inre Ljoset er det beste, Mennesket hev fenget av Allstyraren. Lat oss samla alle dei Visdomsstraalar, som er komne fram i Verdi, anten dei so er fraa det vanvyrde Nasaret elder fraa Heidninge-verdi. Vestlandet i Oktober 1886.

 

Med Vyrdnad Ritzvold.

 

 

¹) Striden millom Vinstre paa Vestlandet byrjad i Dissentarsaki og er nærmast den gamle Striden millom Formi for Trui og Livet aat Trui i Gud. Prestepolitikken held paa Formi, medan hine ser meir paa Livet og det fulle Brug av Tanken til aa søkja etter Sanningi.

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum