[Ymist.] Um H. N. Hauge

 

fortel Østlandsp.: Hauge skulde yver Fjeldet til ei Fjordbygd i Sogn og baade han og Føraren hans vart utsette for ein Snøstorm, so dei for vildt. Endeleg kom dei trøytte og klaare til eit Hus, og bad um Natterom. Men Mannen tok styggt imot dei og dei vart nøygdde til aa fara derifraa. Dei kom ned til Fjorden og fann der eit Naust, som Hauge freista daa koma inn i. Det gjekk godt, og um eit Bil ropad han til Føraren sin: ”No er me hjelpte, kom berre inn!” Han hadde funnet ein Tul Fiskegarn, som dei smaug seg inn i, og der laag dei godt. Endaa dei var heilt gjenomvaate, so sovnad dei straks. Fram paa Dagen vaknad dei og Føraren vilde dei skulde gaa vidare; men Hauge vilde, at dei fyrst skulde upp til Garden og betala for seg. Mannen vart reint forundrat daa han saag dei att, og daa Hauge heldt ved, at han vilde betala, sagde han, at ein 6-6 Skilling var nok. Hauge tok fram ein Dalar og sagde, at dette ikkje var formykje, daa tvo Menneskjor hadde vortet bergat ved, at Gud hadde synt dei denne Plassen. Mannen vart reint skamfull og bad Kona si setja Mat fram. Hauge bad um Løyve til aa halda Bordbøn og takkad Gud baade av di han hadde upphaldet dei og gjevet dei Mat, og han bad Gud signe Huset. Mannen vart gripen og bad Hauge um aa stoppa ei Rid. Same Kvelden vart det haldet Forsamling for Folket paa dei næraste Gardarne, og Frukti vart ei Vekkjing i heile Bygdi.

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum