Fraa Kristiansand.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)


(Slutt fraa fyrre No.)

 

Mauland svarad Sakførar Vogt noko lite. Til Feilberg vilde han berre segja, at det gjekk ikkje an aa springa yver heile Folkediktningi, som han hadde gjort. Han laut hellest draga seg ut or Ordskiftet, daa han skudle reisa.

 

Løvland  lagde imot Sakførar Vogt. Det var slett ikkje so, at me vilde laga tvo Spraak og setja upp imot kvarandre; for dei var der alt. Me vilde berre, at det danske ikkje skulde hava Lov til aa tyna det norske, men at det norske skulde setjast Sida um Sida med det danske, so at ingen skulde kunna gjera oss noko for, at me brukad norsk. Han kunde ikkje skyna, kvifor dei, som heldt paa det danske Maalet, var so rædde for det norske. Etter deira Meining var det vel noko, som aldri kunde vinna. Kvi var dei daa so rædde for aa lata det faa same Retten som det danske? Feilberg hadde talat um Prof. Johan Storm og hans Stykkje i Morgenbladet. Endaa Talaren ikkje trudde, at det var gildt slikt aa setja ”Autoriteter” upp imot einannan i staden for aa koma med Grunnar, so vilde han daa nemna ein Mann, som han meinte var likaso god som Prof. Storm, og det var Statsraad Blix. Løvland hadde talat med han, og han hadde gjort uppmerksam paa, at Storm var ”Fonetiker”. Og i det ”fonetiske” var der stor Skilnad millom Bygdemaali. Men naar no ein Austerdøl elder ein Valdris elder ein Vossing les Landsmaalet, so kunde dei leggja kvar sitt Tonefall i Lesningi, og daa vilde det ikkje verta Skiland millom Landsmaalet og Bygdemaalet. Han minte likeins um, kva Blix hadde sagt i Stortinget um Landsmaalet.

 

Bladstyrar Vogt  vilde gjera Ende paa heile Maalsaki for Skuld dei tvo Ordi ”snaal” og ”forlog”. Han hadde endaa skrivet upp paa ein Papirlapp – etter Storm --, kor mange ymse Tydningar, dei Ordi hadde. Han kunde ikkje skyna, korleis dei kunde spyrja um, kvi dei var rædde for aa likestilla dei tvo Maali. Det var naturlegvis, for di dei var rædde for ”Forvirring”. Naar ein Skulekommission t. D. i Smaaleni hadde innført Landsmaalet i Skulen, so kom det kanskje um tri fire Aar ein Skulekommission, som kastad det heile. Var kje det ”Forvirring”?

 

Stortingsmann Liestøl  sagde, at han hadde voret med i mange Ordskifte um Maalsaki; men aldri hadde han høyrt so harde Domar som i kveld. Vondt var det aa høyra slikt av Rektor Feilberg, som fyrr hadde voret hans Lærar i Oldnorsk, og voret med og gjort han til Maalmann. Feilberg hadde daa sagt so varme og væne ord um Maalreisingi, at det hadde han ikkje gløymt.

 

Maalsaki fekk meir Framgang etterkvart. Maalbøker vert lesne med stor Hugnad utyver heile Landet, og Ungdomen lærer seg til aa skriva Maalet. Og det høvde best for Landsfolket for aa faa fram sine Tankar og Meiningar. Um dei kunde læra seg til aa lesa Dansk, so var der faae, som lærde aa skriva det. Naar dei skulde skriva eit Brev, so laut det ganga liksom etter ei tillært Form. Dei byrjad: ”Nu vil eg tage Pennen i Haand, for at lade eder vide, at jeg er kommen her til med Hilsen, som er Gud at takke for”. Han hadde set mange Brev, som byrjad so, men so hadde han nyleg set eit Brev fraa ei Sætersdalsgjente, som var i Amerika. Ho hadde byrjat paa same Laget, men daa ho hadde komi eit Stykke, tok ho paa aa skriva sitt eiget Maal so greidt og so livande, at ein kunne hava sett det inn i eit Blad utan aa brigda paa det. So hadde dei talat um Skilnaden millom Bygdemaali, og gjort den so stor, at dei laut gjeva upp alt. Skilnaden var ikkje so stor. Kvart Bygdemaal kjende seg att i Landsmaalet. Sovorne Avvik som ”ei Vika”, ”ei Vike”, ”ei Viku” og ”ei Vuku” var det ikkje Vande med aa samla under Landsmaalets Form. Men dei, som er imot Maalet vil, at me skal kasta baade ”ei Vika”, ”Vike”, ”Viku” og ”Vuku” og segja: ”en Uge”. Dei skræmer oss og med at der vil koma mykje Ugreide um Bygdestyret kunne hava Magt til aa bruka Landsmaalet i Skulen. Daa kunne dei og finna paa det i Smaaleni. Men dei tarv aldri ræddast. Bygdestyret i Smaaleni steller nok det paa rettaste Maaten. Dei tek til jamlegt Bruk det Maal, som høver best; men det trur eg, at um dei kjem til aa bruka Dansk, so vil dei likevæl, at Borni deira skal læra aa lesa Landsmaalet. Somyket Vyrdnad hev dei for det.

 

Maalsaki hev no vaksi seg so sterk, at ho med Tidi vil vinna fram. Landsfolket vil krevja Rett til fritt aa bruka Maalet sit; dei, som skal verta Embættsmenn, vert nøydde til aa læra det. Landsfolket vil leggja sterkaste Vigt paa Landsmaalet i Skulen, men og lesa Dansk; Byfolket vil læra sine Born aa lesa Landsmaalet, og Byfolk og Landsfolk vil daa faa den rette Vyrdnad for kvarandre. Der vil ikkje verta Strid millom By og Land. Men den folkelege Reisning maa føra Strid mot Byraakraterne; det er dei, som set seg imot Folkemaalets Jamnstelling med dansken.

 

Lærar  Spinnangr  vilde segja som den islandske Bonden sagde til Jon Arason: ”Du er Bisp, men eg er bert ein Bonde”. Folk var fælt lærde her i kveld. Det var endaa ein, som var so lærd, at han gløymde, kva han skulde segja. Det var ein Talar, som hadde nemnt Dante. Talaren vilde ogso segja noko um han. Daa Dante byrjad paa sitt Maalstræv, var Italia kløyvt i mange Bygdemaal, so ulike at ein Mann fraa det sudlege ikkje forstod ein fraa det nordlege. Og til Skriftspraak hadde dei det vedkjende Latin, som hadde ein rikare Bokavl enn noko anna Spraak. Men endaa vaagad Dante seg til aa brjota med Latinen og stræva for ein Dialekt, som var reint ukjend, og no er derav komet det italienske Spraaket. Og lika eins gjekk det i Sverike. Der tok dei det sødermannlandske Bygdemaalet og gjorde til Bokmaal. – So hadde dei sagt, at det var berre ”Pøbelen”, som hadde det norske Maalet. Det var ikkje sant. Han kjende ein Prest, som eingong paa ein ”Visitats” spurde ei Gjenta, kor tidt ho vaskad seg. Langt um lengje fekk han vita, at Gjenta vaskad seg, naar ho var driten. ””Driten”, hvad mener du med det?”, sagde Presten. ”Mener du kanske det same som lortete?” - So hadde dei sagt, at Landsmaalet var ikkje Folket sitt Maal, fordi ingen kunde lesa det med det same. Det kom av, at Augo ikkje var vande med aa sjaa det Maalet paa Prent. Talaren hadde eingong skrivet ned ei Segn paa sit eiget Bygdemaal, lyngdalsk; men det var berre faa av Lyngdølerne, som kunde lesa det. Og det kunde daa ingen negta for, var deira eiget Maal.

 

Stipendiat H. Ross var einig med Spinnangr, og han vilde leggja til, at i Sverike var det danske Spraaket lengje det officielle Maal. Og daa dei endeleg fekk Bibelen paa det sødermannlandske Bygdemaalet, var det mange, som helder las han paa dansk, for dei skynad det betre. Hellest var det mest Rektor Feilberg han vilde taka, og det gjorde han ogso tilgagns. Det dansk-norske Maalet hadde ikkje utviklat seg av dei norske Bygdemali. Det var den kaupenhamnske Dialekt av det sjællandske Spraaket i Danmark, som var innførd her med Magt. Og det var ikkje sant, at vaare Bygdamaal hadde stadet stille; dei hadde utviklat seg, og dei var meir ”moderne” enn det danske Spraaket. Det var ikkje sant, at Tviljodi gjekk tilbake i alle nyare Spraak. Rektoren hadde sagt, at dei gjekk tilbake i engelsk. Det var ikkje so; dei fekk helder fleir der. – Han viste ogso, at dei talad mykje norsk i Byarne og. Naar dei soleis i Kr.sand sagde: ”Han blakk me mæ en Snøball, saa æ datt i Gada”, so var det ogso god Norsk. Han visste ogso, at dansk aldri kann glida yver i norsk.

 

Bladstyrar Vogt og Liestøl hadde enno ein Gong Ordet, og so kom Feilberg  og sagde, at um ikkje Tviljodi gjekk tilbake i engelsk, so gjorde dei det daa i tysk. Ross svarad med det same, at det var ikkje so. I tysk hev dei nettupp fengjet fleire Tviljod; fyrst hev dei dei gamle ægte, og so hev dei mange uegte nye. ”Aa, har de det og”, svarad Feilberg, og so gjekk han vidare, men det var mest berre eit Upptak av det, han hadde sagt fyrr. Tidi var no so langt komi, at Møtet laut slutta. Eg trur godt, at dei kunde hava klemt iveg med ein ”Resolusjon”; for Folk var i det heile einige med Maalstrævararne, og det var berre ei Meining um, kven som hadde klarat seg best, og Dagen etter kunde ein høyra mange, som undrad seg yver, at det kunde gaa dei store Motstrævartalararne so ille i Ordskiftet.

 

- i

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum