Garborgs ”Bondekultur”.

 

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)

 

(Framhald fraa fyrre No.)

 

 

Det som leikar storom i Hugen, di større det er, di seinare vil det naa sin heile Fullnad. Arbeidet vil jamnast gaa paa den Maaten, at ein naar stykkjevis fram. Det vil hava si gode Tid, berre fyrr det fær vevja seg utor Barnelindom og koma til Klaarskap um kva det vil, og denne Klaarskapen kjem og berre lite um Senn. Fyrst naar det utor det aalmenne Hugdraget hev serat seg ut visse Fyremaal, greide Ting, som er peikande og takande paa, daa fyrst er Saki rett i Gjerdom.


Nasjonalitetsarbeidet vaart hev alt fraa seg gjort fyrste Tidi si, nye Uppgaavur kjem siglande fram, nye Tider med nye Krav, og dei maa fyrst faa sin Fullnad, fyrr me er eit rett nasjonalt Folk aa kalla for.

 

I Fyrstningi for dei mest i Utkantarne av Spursmaalet, no arbeider me oss meir inn i Kjerna av Saki.

 

Dei gamle ansad mest paa utvortes Ting som Klæde, Bunad, Sed og Skikk og alt som er nedervt ifraa gamal Tid, dette einast fekk Namn av nasjonalt, alt nytt, jamvæl Hugen til Politikk vart bannlyst av Nasjonalitetsdyrkarar og kallat for uheimlegt. Sume av desse gjekk med paa Maalsaki, andre kom ikkje so langt inni  den nasjonale Tanken. I Samhøve med alt det andre gjekk daa ogso Maaltanken helst ut paa aa friska upp att det gamle  Maalet.


Aasmund Vinje er tvigild; han syg dei baade dei gamlare og dei nyare. Han fullgjorde dei gamle Tider og sette samstundes eit nytt Grunnlag baade i Maalvegen og i det nasjonale elles. Og paa den Leidi hev sidan Fjørtoft, Schjøtt og Garborg arbeidt.


Det nye, som no vert haldet fram, er daa det, at det nasjonale ikkje er aa finna berre i gamle Tider, i serskilde Klassar av Folket elder i visse avgrensad Umkverve, men at det nasjonale er den Maaten, som eit Folk liver og syner seg fram paa i alle Vis. Skal daa det nasjonale vera sterkt og faa Framgang i Landet, so maa me liva so rikt eit Aandsliv som mogelegt. Me maa hava eit alltid veksande Tankestoff, som den nasjonale Mannen kann taka og forma seg sjølv utor. Han maa alltid hava friskt Beite aa sleppast ut paa, han vert ikkje feit ved Stallfordring av aandelege Formyndarar. Og no held dei det for, at skal det ganga paa den gamle Maaten, so vert her berre Sveltihel og nasjonal Daude i Staden for nasjonalt Liv. Og daa maa det berre vera gagnlegt aa upplysa Folk um Sanningi, taka den falske Trui ifraa dei, at me alt ereit nasjonalt og sjølvstendig Folk paa alle Leider, det er berre godt, at me fær høyra litt um den aandelege Armodsdomen og Husmannsstellet vaart, um dei late og dei sjølvrettferdige vert aldri so vonde og kysser Lekkjurne sine.


Kva er det, som hev voret Krafti i vaart nasjonale Arbeid til dessa? Jau Motstandet mot det danske og tyske Aandsveldet i vaart Land; Uviljen mot dette kveikte ei kraftig Kjensle av det, som var heimslegt og vakte baade Bonde og Bymann til Strid og Utfriing av det nasjonale. Heile Landet kunne vera med, alle Stad vart Arbeidet ført Folk inn paa Livet, nemleg i Form av Kamp millom Bonde og Embætsmann.


No er dette danske Aandsveldet brotet og tynest lite um Senn av seg sjølv. Men det er Ulukka, at det endaa sit fast i Folk, at Arbeidet for det nasjonale framleies maa standa i det aa verja seg imot det framande.


Ja det var rett aa taka Arbeidet paa den Maaten i gamle Dagar, men difor er det ikkje rett til alle Tider.


Det var rett aa jaga all dansk og tysk Aand utor Landet, fordi den var til Mein for Utviklingi vaar, med di at det nyttar ikkje aa føda paa nokor Gjeldku, som det ikkje er nokor Mjølk aa faa av, som kann næra Folket. Fraa Danmark og Tyskland kom nemleg ein Atterslagsstraum, som me ikkje hadde nokon Bruk for.


Annleis er det, naar Talen er um England og Frankrik, for dei hev fremste Plassen i Utviklingi. Daa gjeld det ikkje um aa verja seg imot det det framande, daa er det nasjonale Arbeidet nett aa eigna aat seg av Framstigsarbeidet til aa gjera det heimlege Liv meir rikt og fruktbart.

 

No stend Striden imillom dei paa den eine Sida, som berre vil halda seg paa heimleg Grunn elder i det høgste halda paa det me hev fenget fraa Tyskland, og paa den andre Sida dei, som meiner, at me maa nytta alle Høve til Utvikling, og at me iser finn dei i Vest-Europa. Det er dette, som no er Skilsmaalet millom det nye Høgre og Vinstre elder som dei vert kallad Oftedøler og Europæarar.


Fyrstundes eit Folk vaknar til nasjonalt Liv, kann det vera nok, naar ein hevdar sitt eiget imot Undertrykkjaren. Men naar ein hev vunnet Magt med han, trengst det at ein ser seg vidare umkring og tek til aa likna seg ihop med andre Nasjonar. Og til meir ærekjært, til meir kaut og karvoret Folket er, til høgre vil det kasta sine Augo til Samanlikning. Det vil sjaa paa dei aller lengst framkomne Nasjonar. Finn det so, at det stend tilbake for desse, elder at det hev noko serskilt aa læra der, so vil det ikkje leggja seg til Ro med sitt nasjonal Namn, men leggja alle Aarar ut til aa ro seg upp i Jamhøgd med dei andre. Ser det so, at det ikkje hev Evne til aa naa jamhøgt, so vil det korkje slita seg ut i eit faafengt Stræv elder stengja seg inne og gjera seg sjølv rettferdugt, men det vil mjukt setja seg som Læresvein hjaa den, som lengst er komen og nøgja seg med Molarne, som kjem fraa det rike Bordet og prøva aa gjera Avfallet til Gode for seg so godt det kann. Men ser det, at det verkeleg kann naa upp i Jamhøgdi, so vil det for det fyrste lata fara alle Tankar paa seg sjølv og arbeida med alle Evne etter aa koma upp, havande det i Hugen, at fyrst naar me hev naatt det europæiske Maalet for Kultur, daa fyrst er det Tale um aa forma denne Kulturen paa vaar nasjonale Maate. Men eit Husmansfolk fortener ikkje Namn av nasjonalt. Fyrst og fremst gjeldst det um aa faa Husbondsrett i Verdi, fylgja med fremst i Utviklingi og forstaar si Samtid, so at ein kann magta dei Uppgaavur, som ligg fyre.

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum