I Kiellands-strien¹)

 

(Del 1 av 2.)

 

hev de vore mykje stridt, um kva for ein Maalestokk ein skulde bruka, naar ein gjev Diktarløn.

 

De er Aandstvang og den skamlegaste Urett aa spyrja etter Aandsretningi”, segjer Kiellands-venerne; ”ein skal berre  sjaa paa Dugleiken og Diktarstorleiken”. ”Men daa kunde ein koma til aa statsløna ein Hans Jæger, ein Voltaire”, segjer Motstandararne.

 

Og dette siste hev de lengje inkje vore svara noko viare paa. De er som dei kiellandske hev kvitt seg lite grand for aa røra meir ve den Saki; dei tykte nok de var faarlegt og vilde helst gjera ein liten Krok her og tegja still um den Tingen.

 

Men Bjørnson er Guten sin, som inkje er rædd for aa tala reint ut or Livri, han. I Verdens  Gang  No. 95, hev han eit kvasst Stykkje um, at de vilde vera ”taapelegt”, ”uaandelegt”, motsegjande” og mykje meir av kristne Menneskjor aa negta ein Voltaire ”Stytte og Løn”; de er inkje anna en berre ”galne Folk”, som torde taka paa seg eit slikt eit Andsvar, meiner Bjørnson.

 

De er gott de vert sagt, detta; de er fælt nyttig til aa greia upp og klaarna Saki.

 

Dei kristne skal giva ”Stytte og Løn” til ein, som hev gjort seg til ei Hovuupgaave aa brjota ne Kristendomen; de er daa Paastanden aat ”dei aandsfrie”.

 

Fyst vil eg gjera ei liti Utgreiing. – De er sjølvsagt inkje den kristne forboe aa hjelpa den verste Kristus-fiende, naar han er i Nau. Tvertimot. Naar de fell soleis i vaar Veg, skal Me hjelpa den eine so vel som den andre utan Skilna; de veit Me høver me vaar Tru og er vaar Herres klaare Or. De er sant, Me kunde koma til paa den Maaten au – for Menneskjeaugo aa sjaa – aa ska sjølve den kristne Sak. Me kunde koma til aa styrkja Arbeiskrafti elder kanskje frelsa Live til den, som sian kunde verta til den største Skae for den kristne Tru. Men de kjem inkje an paa – de veit Me; sjølv um Me visste de fyreaat aldri so vel at de so vilde ganga, - personleg Velgjer og Hjelp i Nau skal me øva likevel, imot den eine som mot den andre.

 

Og den kristne kan vera me aa setja ein Kristus-motstandar til eit Embætte og løna honom for de, sosnart den Verksemdi, han fær Løn for, inkje i seg sjølv hev noko me Kristendomen aa gjera. Deer ingi Sjølvmotseging. Som eg i de vanlege Live kan taka ein Mann til aa gjera Sko elder brjota Aaker for meg, naar han berre er dugeleg til de, utan aa spyrja etter hans Tru, so kan den kristne fullt vel vera me paa i Staten aa setja ein Mann til aa driva inn Skattar held til aa byggja ei Bru held til anna slikt, og løna honom for de, anten han so hev denreligiøse Tru held han hev hi. De er ei grei Sak.

 

Men aa løna ein mann just netup for ei slik ei Verksemd, som gjeng ut paa aa brjota ne den krsitne Tru – kan den kristne de? Hjelpa ein Mann til, at han skal faa halda fram og faa gjort so mykje som mogelegt av dette Arbeie sitt, som netup hev til Fyremaal aa øyeleggja Kristendomen?

 

De maatte vera galne Folk, som skulde negta Voltaire ”Stytte og Løn”, hev Bjørnson sagt. Men eg undrast no rett, paa kva Sie Galenskapen er, eg?

 

De er vel nok, eg skal inkje vilja hindra me ytre Magt Fritenkjaren i aa arbeia for sitt. Full umeinka Aandsfridom skal der vera; der skal inkjeslags Pruting vera i den Ting. Men hjelpa Fritenkjaren i hans Arbei, stytta og løna honom for de, de skal eg daa vel enno mindre; de segjer seg sjølv. De vilde vera Vetløyse og inkje Aandsfridom.

 

Men Voltaire hev inkje gjort Kristendomen Skae, nei han hev gagna  Kristendomen, ja meir en dei fleste Forsvararar av Kristendomen i den nyaste Ti hev gjort, segjer Bjørnson. – Ja de stend verkeleg so.

 

Jamen er de utruleg mykje ein kan faa Munnen sin til aa segja au, naar ein endeleg vil!

 

Men eg kan no inkje tenkja, de kan vera rektig Bjørnsons Aalvor helder detta. Dei hev vore einige um de, baade Vener og Motstandarar, til denne Dag, at Voltaire hev arbeitt imot Kristendomen de han var go til; og han uttalar detta sjølv au som sit Maal. So de er no vel inkje verdt aa spilla fleire Ord paa de. De fær no vel staa.

 

Nei naar Bjørnson kan koma til aa segja dessa Ori her um Voltaire, so hev de nok ein litt underleg Samanheng. De heng ihop me, at Bjørnson inkje trur sjølv, at Kristendomen er Sanning, men berre trur at han kan vera soleis for visse Folk ei nokso nyttig og upbyggjeleg Innbildning. For dette er Bjørnsons Meining; de er denne Visdomen han hev preikt for oss no so lengje. Og naar Kristendomen inkje er Sanning, - daa er de ikkje so gott aa forbrjota seg mot honom helder. Han kan inkje sjaa de anna fraa sit eigje Synspunkt, Bjørnson. – De er ”Aandsfridomen”.

 

Ja de er merkjelegt, kor fælt vanskjelegt de er baade for Bjørnson, og for dei fleste andre Fritenkjarar au, aa skyna dette simple: at Me verkeleg trur, at Kristendomen er Sanning, og difor sjølvsagt paa same Ti trur, at han maa vera den største Vinning for Folk og Land – og de fraa reint borgarleg Sie au. Um ein Mann gjer mykje gott i andre Ting paa mange Maatar, - dersom han likevæl samtieleg bryt ne Trui i Folkje paa dei store Grunnsanningar i Kristendomen, so meiner Me, at han gjer Skae og inkje Gagn likevæl, naar alt kjem i hop. De er just de Me meiner, naar me segjer, Me trur paa Kristendomen, at Me held honom for aa vera de høgste goe, paa timeleg Maate au, so de er Vegen til Undergang for Folkje, naar den Trui vert burte, fordi den Trui er Sanningi. Me trur, de er Vegen til Lukka og Trivna for eit Folks Liv, te meir de vert bygt paa den Tru, at Jesus Kristus er upreist fraa dei daue, og at han eingong skal koma att og forvandla heile Menneskjeliv, og paa alle dei andre kristelege Grunnsanningar, som derme heng i hop. Dei kan meina, Me tek feilt i denne Tankegangen vaar, Fritenkjararne; dei kan meina, at denne Trui vaar er berre ei Innbildning; de fær dei hava Lov til, dei au paa si Sie. Men so lyt dei lata oss au paa vaar Sie faa Lov til aa meina de Me meiner – um dei  no tykkjer de er aldri so gale – og til aa handla etter denne vaar Tru. – De synest inkje vera fælt mykje forlangt detta, av dessa ”aandsfrie”, at dei skal kunna skyna sopass; men endaa ser de ut til, at de held fælt so hart i denne Ti aa faa deim til aa skyna de. Nei de er dette  dei krev av oss kristne, desse ”aandsfrie” Folki me den høge ”europæiske Daning”: Me skal vel faa Lov til aa tru, at Kristus er upstaen fraa dei daue; men so skal Me paa same Ti vita, at de er berre ei ”relativ Sanning”, de vil segja: ei for si Ti nyttig og upbyggjeleg Innbildning. – De hev seg so forunderleg me de store Vete, maa vita!

 

Soleis meiner Me daa, at Voltaire um han enn verkeleg hev gjort mykje Gagn baade i eit og anna i dei (etter Maaten) mindre Ting, at han likevel hev gjort Skae mot Folkelive i de store og heile, fordi han hev gjort sitt til aa brjota ne Trui paa dei kristelege Grunnsanningar. For Me trur inkje, at nokon annan Ting  kan vega upp detta.

 

(Sluttar.)

 

 

¹) Insendt av Forfattaren. Eg be Vestlandsposten au taka inn dette Stykke. I. Bøhn.

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum