Ymist.

 

Gaave til Vestfold Folkehøgskule. Her um Dagen fekk Medlæraren hans Oddm. Vik, Børve, 100 Kronur i Posten. Brevet var underskrivet ”En Landsmandinde”.

 

 

Treskjærar Hans Auganæs, som hev gjenget paa Skule hjaa Lars Kinservik, hev ved ei Utstelling i Paris fenget Bronsemedalje for Utskjæring i Bjørk.

 

 

Um ein Maanads Tid kjem det ei ny Bok av Kielland, ”Sne”. Ho skal handla um Politikk og Kristendom.

 

 

Diktaren Aasmund Vinje, som var ein nasjonal Diktar, var ikkje so rædd europæisk Kultur, som mange er no. Sjaa her nokre Ord av honom, som skal prova det:

 

Ein Mann og eit Folk, som berre ser seg sjølv, kjem ikkje langt fram. Me maa kjenna oss sjølve fyrst og fremst; det er visst og sant. Men dette er berre liksom den eine Foten aa ganga med. Du kann vel hoppa paa ein Fot (lakka), men du kjem inkje langt fram med det. Du siger snart enda ned. Islendingen i den nyare Tid er ein slik lakkande Mann. Han leser sine Sogur; men kjem inkje av Flokken, so vidt eg kjenner til det daa. Kineseren er Kineser, bitande seg som Ormen i Sporden og svivande rundt ikring”. P. F.

 

 

Regjeringi i Englandvil, segjest det, gjera Ende paa Nasjonalligaen i Irland. Soframt dette er sant, so vert det ikkje anna enn Hardstyre, Regjeringi vil bruka mot Irland, og det gjeng nokk ikkje lenge. Det skal vera General Bulwer, som skal vera Meistaren for dette.

 

 

Stortinget i Englandstend under sterk Vagt. I Tingtidi er det stødt 172 Politi-karar. Det gjeng ein 6000 Kronor um Vika berre til detta.

 

 

I Kaupenhamn er det ei Kone paa 65 Aar, som nyleg fekk seg ein Son.

 

 

Koleraen er ein Sjukdom, som helst held seg der, det er raa og vaat Jordbotn. Fyrr hev han haldet seg i Italia og det sudlege Frankrik; no er han komen til Ungarn, og dei fæler for, at han vert verande der, daa han knapt finn betre Bustad.

 

 

Eit skræmelegt Uvedrvar det nyleg i Byen Marmoras i Meksiko. Meir enn 300 Hus vart øydelagde og 600 Huslyder vart utan Husrom.

 

 

I Australia kring Kimberley og Derby hev dei nyleg funnet fleire Gullminer. Paalag 4000 Menneskje hev komet dertil fraa alle Kantar, og fleire kjem det.

 

 

Ein Mann fraa Athen spurde ein skythisk Filosof, korleis han kunde ganga naken i Frost og Snjo. ”Korleis kann Andlitet dit tola den kalde Vinterlufti?” sagde Skytharen: ”Andlitet mit hev vant seg til ho”, sagde Athenaren. ”Tenk deg meg som berre Andlit”, sagde Skytharen.

 

 


Frå Fedraheimen 13.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum