[Kristiania, den 15de Oktober.] Det syner seg

 

meir og meir, at det var ikkje anna enn krenkat Magtsjuke, som talad ut av Prestarne, daa dei vart sette utanfor som Styrarar av Boksamlingarne aat Folket. Fædrelandetfortel no, at Prestarne mange Stader ikkje vil taka mot Val til Styrarar. Fyrr vilde dei vera det, men no, naar dei vert folkevalte, vil dei ikkje. Bladet klagar yver dette, og me kann gjerne gjera det same, men av andre Grunnar. Me tykkjer det er leidt, at Prestarne skal vera so vrangvorne og ufolkelege, som dei syner seg aa vera. Det er godt, det kjem fram, det er sant, so ein kann sjaa, kva Folk ein hev med aa gjera; men det er leidt aa vita, at det finst somykje Magtsjuke att hjaa dei, som ikkje er av denne Verden, og som er so kjappe til aa minna Folk um aa lata Keisaren faa det, som høyrer han til.

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum