[Kristiania, den 15de Oktober.] Høgrebladi

 

fortel no, at det Høgres Landsmøte gjekk ut paa, var aa samraadast um, korvidt det var Von um, at Striden i Vinstre snart vilde slutta elder um han kom til aa halda paa.

 

Etter dette vilde daa Hgøre retta seg.

 

Med andre Ord: mot eit einig Vinstre er Høgre magtlaust. Mot eit splittat Vinstre kunne det vera Von aa gjera noko.

 

Det einaste, som kann halda Striden i Vinstre vedlike, er aa vilja tvinga Framleggi til Kyrkjelovar gjennom, endaa det er klaart som Dagen, at det er berre nokre faae av Vinstre, som gjeng med paa dei.

 

Dei, som her freistar aa faa Regjeringi til aa handla imot sjølve Grunnlaget, ho stend paa, dei er ikkje Vener av Regjeringi og dei er helder ikkje Vener av Parlamentarismen.

 

Dei, som det gjer, hjelper Høgre, og det er den Hjelpi, Høgre no trur paa.

 

(Etter V. G.).

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum