Grannerne.

 

(Rødur uppi Fjellbygdi, av B.).

 

Fyrste  Røda.

 

Det er Sundag Ettermiddag. Hans og Olav er Grannar. Hans les Vestlandsposten og For frisindet Kristendom,  Olav held Fedraheimen, Vestlandsp.,  Dagbladet, Verdens Gang, For frisindet Kristendom, Vor Ungdom og jamvæl svenske og danske Blad. Dei er ofta i hop og røder um Politikk desse Kararne. Og det kann sumtid vera heitt imillom dei. Hans og Olav hev voret Pietistar eingong baae tvo. Men Olav hev gjennom Lesnad og Tenking arbeidt seg fram til eit mykje friare og vidare Syn. Hans held seg mest til det Gamle, men hev og karat seg fram og fylgt med Tidi paa sin Maate. Han vaagad seg til aa taka For frisindet Kristendom fyrre Aaret. Oftedals sitt Blad hev han støtt haldet. Han hev ei Bokhylle mest med Preikebøker, gamle og nye, medan Olav hev svært mykje Sogubøker, Maalbøker og Bøker utav alle Slag, mest av dei som høyrer til Naturriket, og den teologiske, historiske Vitenskapen.

 

Hans kjem daa gangande med Pipa si burt til han Olav, som sit inne paa Skriveromet sitt og les i Vor Ungdom.

 

Hans: Guddag.

Olav: Gud signe. Sjaa du fær deg ein Stol.

Hans: Takk. Eg hev haldet meg mest inne idag, for her er so raatt i Vedret. Men so totte eg, det vart so langsamt, at eg laut hit aa røda med deg ei Beite att, som eg plagar.

Olav: Takk for du kom. Eg veit ikkje kor eg er lagat. Eg tykkjer aldri rektig langsamt. Eg tykkjer støtt at Tidi gjeng so fort. Men eg tykkjer svært gildt i aa røda med deg sume Tider. Eg tykkjer, at eg fær større Klaarleik yver mine eigne Tankar, attaat det, at eg fær Greide paa dine.

Hans: Ja eg maa segja noko av det same, endaa eg tykkjer no dei gjeng forvidt. Eg tykkjer no, at eg ikkje kann sleppa meg so laus, som dei gjer. Det er hugheilast og halda seg til dette, som er prøva. Eg trur nok at det kann vera mangt i desse nye Tankarne og som er bra, men eg er so rædd for, at ein kann koma so ut paa Viddi, at ein ikkje finn Vegen heimatt. Difor er det tryggast aa halda seg innanfor det gamle kjende Umkvervet.

Olav: Sant nok. Det vilde vera mykje verre aa vingla seg burt. Du hev rett i det. Men det lyt daa hava sin Nytte aa verta kjendt so langt det gjeng, naar ein kann finna Vegen heimatt. Eg veit kor du hev det. Eg hev sjølv sitet eingong med same Ræddhugen. Men eg ynskjer meg ikkje attende. Eg kjenner meg mykje lukkelegare no. Eg skal segja deg kvifor. Fyrr daa trudde eg meir paa Menneskje som Vegaleidarar. No trur eg meir paa Vaarherre sjølv; fyrr trudde eg, at ei Lære um gudelege Ting kunne vera heilt ”rein”, no ser eg det at det ingi er, som kann kallast heilt ”rein”. Sanningi er den, at det er berre Vaarherre sjølv, som er rein, men alt det me kallar so av det, me hev tenkt, det er ikkje reint, jamvæl um det er gamalt og kjent og lovfestat og paabodet.

Hans: Ja eg hev no høyrt dette av deg fyrr. Du er so imot alt dette Lovbundne i Tru og Lære. Det kann so vera, at det er ikkje Rett alt. Men um me fekk noko anna i staden, so vart ikkje det mætare det, naar der ikkje er noko heilt reint, so er det ikkje. Kvifor skal me daa skifte? – Er det ikkje daa best aa halda seg til det, ein i lang Tid hev prøvat? –

Olav: Eg lyt kasta inn ein Tanke her, som me kanskje ikkje hev rødat um. Eg trur at du er meir ein Mann, som liver i Minnet og ein, som liver i Voni. Du ser attende, eg ser fram. Du trur at det største ligg bak i Tidi, eg trur at det største ligg fram i Tidi. Er det ikkje so tru?

Hans: Aa, eg veit ikkje det.

Olav: Jau eg trur det er so. Du trur vist, at her ikkje noko betre kann koma fram, enn det som hev voret framme fyrr. Du klagar jamt yver den Tidi me liver i, at ho er so gali i mange Ting. Og kjem du fram med noko som Mynster for oss, so dreg du fram eit og anna gamalt støtt og segjer: det skulde vera svært so gildt, naar det kunne verta so no, som det var den Tid og den Tid. Er det ikkje so?

Hans: Jau vist er det so. Eg trur vandt, at her kann koma noko betre enn det Verdi ender og daa fyrr hev havt. Eg trur med den vise Salomon: Det er ikkje noko nytt under

Olav: Jau her er komet noko ”nytt” paa Jordi etterSalomon: Det er ikkje noko nytt under Soli.

Olav: Jau her er komet noko ”nytt” paa Jordi etter Salomon, og som han ikkje hadde set og som tvo væl so store Vismenn som Salomo spaadde um at ”Gud vilde gjera noko nytt paa Jordi”. Det er dette Nye eg trur paa, som med Tidi skal gjera ”alle Ting nye”, det, som kom med Menneskjesonen og Gudesonen fraa det fatike Nasaret.

Hans: Ja eg trur og paa dette Nye. Men er ikkje dette ogso i den Tid som hev voret? Det er no longe gamalt. Her kjem visst ikkje noko etter denne Dag, noko ”nytt”, som er betre.

Olav: Nei, eg meiner og det same. Men trur du, at Kristendomen hev fenget gjort all Ting nytt? Det er ikkje so langt Kristendomen hev komet med dette Arbeidet sitt enno. Trur ikkje du og det?

Hans: Jau det er eg einig i.

Olav: Ja er du einig i det, so kann du vel skyna, kvifor eg er imot so mykje Lovbundet i gudelege Ting og imot berre aa halda paa det Gamle, som du er mest for. Kristendomen er ikkje vaar Gjerning. Men Lovar og Former er vaar Gjerning. Skulde me med Loven binde den kristelege Utvikling, so hindrar me Kristendomen, so han ikkje fær gjera det han skulde.

Hans: Eg skynar, kva du meiner. Det er dette, du hev nemnt so jamt, Fridom vil du hava. Men den er eg rædd.

Olav: Ja eg veit det, at du er rædd Fridomen. Men veit du kvifor du er rædd Fridom?

Hans: Eg er rædd Fridom, fordi at daa kom det vonde til aa faa Yvertaket.

Olav: Ja det var det eg tenkte. Men so meiner du, at Lovparagraffarne skal vera eit Gjerde, som Kristendomen skal verjast og vernast av.

Hans: Ja eg meiner det.

Olav: Ja, men daa er det Lovparagraffarne du i Grunnen trur paa og ikkje paa Kristendomen. Trudde du paa Kristendomen sjølv, so kunne du ikkje vera rædd Fridomen.

Hans: Jau eg er rædd Fridomen. Skulde Folk faa lære, kva dei vilde umeinka, so kunne gjerne Mormonarne tilslutt faa Yvertaket. Og Folk kunne gjerne koma til aa tru, at det var rett baade myrda, stela, hora og all slik Styggedom, som no tykkjest aa tenne seg. Eg trur dette og endaa trur eg paa Kristendomen.

Olav: Ja eg skynar deg væl. Men eg skynar ikkje, korleis du fær desse tvo Truer til aa samsast ihop. Fyrr me fekk Statskyrkje, so kunne dei kristne lære, som dei sjølv vilde, utan nokon menneskjeleg Lov, men eg ser ikkje anna av Kyrkjesoga, enn at var der noko, som varde Menneskje for slik fæl Lære, so var det Kristendomen. Eg hev den Trui, at det ikkje er me og vaare menneskjelege Innretningar, Lovar og Greidur, som skal verja Kristendomen for Gudløyse og Umoral, men at det nettupp er Kristendomen, som skal verne og verja oss for desse Styggheiter. – Kjenner dei kanskje ikkje desse Styggheiter inne i vaar lovbundne Kristendom? – Hev ikkje ogso me offentlege Hus, altso Mormonisme m. m. midt iblandt oss. Dette og meir til ser me og dette tykkjest aa forlikast nok so godt med det Lovbundne i den offentlege Religion. Eg meiner ellest, at Moralen, den lyt Staten, betre enn han fyrr hev gjort, verna um, um Kristendomen vart meir frigjort. Dei skulde vera stridare mot det Vonde i Gjerning, enn dei no er.

Men no rekk me vel ikkje meir i Kveld?

Hans: Der var noko i det du sagde, som slog meg, dette at Kristendomen skal verna oss og ikkje me, som skal verna den. Men som du sagde, me fær vel slutta i Kveld, so fær eg tenkje litt paa dette til ei onnor Gong.

Olav: Ja Takk for Røda daa! Eg støytte deg ikkje i noko?

Hans. Det veit eg ikkje av. Me er vande til aa tola einannan, me. God Kveld!

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum