I Kiellands-strien.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)


(Slutt f. f. No.).

 

Fritenkjararne kan no tykkja so mykje dei vil, at detta er ei taapeleg Tru. Dei hev si  Meining um, kva som fører til Framgang og Lukke for Folk og Land, og dei kjempar for den. So maa dei lata oss au kjempa for de, som Me  held for aa vera Landsens rette Tarv. Elder er de inkje Aandsfridom paa den Kanten kanske? Kanhenda dei kristne er dei einaste, som skal vera utanfor?

 

De er daa visst og sant, at Voltaire hev kjempa av all si Magt, inkje berre mot dei mange kyrkjelege Misgrip og Synder hjaa Prestom, men au imot dei kristelege Grunnsanningar, mot Kristendomen sjølv. Men paa ein  Maate kunde de nok likevæl endaa vera sant, detta som Bjørnson segjer, at Voltaire hev gjort Kristendomen Gagn og inkje Skae. Me skal sjaa.

 

Voltaire sette Strien i Gang for Aalvor. Han gjorde eit Stormlaup mot Kristendomen, i den Tanken aa øyeleggja honom; men de kan nok henda, at Historia i Framtii vil hava aa fortelja, at dette Stormlaupe, tvert imot hans Tanke, vart Kristendomen til Gagn istaenfor til Skae. Men so fortulla er Folk vortne i Hovue i vaare Dagar av ein heil Hop uklaart og rørutt Aandsfridomsprat, at eg trur de er retteleg mange, som inkje straks er go til aa skilja greitt ut ifraa einannan desse tvo ulike Maatarne, som ein Mann kan gagna ei Sak paa. Voltaire hev – de skal Framtis-soga fortelja – gagna Kristendomen ve sitt rasande hat og sin Spott, - som Stuartarne gagna Fridomen i England ve aa freista aa øyeleggja han; som den Samansverjingi gagna Napoleon I, som vilde tekje Live hans, men laut hjelpa honom til aa setja Keisarkrona paa sitt Hovu¹); som Leo X og Johan Tetzel vekte og hjelpte Reformationen ve den ryggjelause Avlatshandelen sin; som Julian den fraafalne, ja som alle Kristenforfylgjarar hev gagna Kristendomen ve aa syna fram for al Veri Avmagti av sit Hat imot honom; Voltaire hev gagna Kristendomen, slik som so titt Folk hev kome til aa hjelpa fram den Sak dei vilde øyeleggja, slik som den goe Saks Motstandarar titt hev maatt hjelpt Sanningi fram gjennom sit rasande Hat og sit Angrip.

 

Kanskje Me so attpaa skal ”stytta og løna” deim for de?

 

De Gagne, dei gjerer, er just netup dette: aa læra oss, me Kraft aa slaa deim og deires den vonde Sak ne.

 

Elder skulde kanske Engelsmennerne ”stytta og lønt” Stuarterne f. Eks.? Skulde Napoleon for aa vore ”aandsfri”, takka og æra desse, som sto honom etter Live?

 

De er berre einTing eg hev vilja visa me detta Stykkje mit: at de er umogelege Ting for kristne Folk aa sjaa burt fraa Aandsretningi, naar dei gjev Diktarløn. Berre denna Grunnsetningi vilde eg greia. Um Kielland  borde hava Diktarløn elder inkje, hev eg inkje vilja innlata meg de minste paa. Berre de hev eg vilja visa, at soframt  han de skal, - paa de Grunnlagje at Aandsretningi skal vera utanfor, maa de inkje vera. For de er Tull. Men daa maa de skje paa den Maaten, at de vert synt, at Aandsretningi er go og inkje nebrjotande mot Kristendomen. Inkje eit einaste Or hev eg her vilja sagt, um anten Kiellands Diktning undergrev Kristendomen held ho inkje de gjerer. Dette ber eg vel lagt Merkje til.

 

For de hev gjengje noko underleg til i denne Strien. Kjem der nokon og segjer: ”Kielland er Fritenkjar og undergrev Kristendomen”, so svarar ein annan: ”Ja, men skal daa inkje alle hava like Rett? Betalar inkje alle Retningar like Skatt, og er dei inkje alle Landsens Born?” Men naar so ein segjer: ”Er du galen? Vilde du gjeva ein Voltaire Statsløn? Elder ein Hans Jæger, dersom han berre var dugeleg nok, so svarar dei: ”Bryt Kielland ne Kristendomen kanskje? Hev du høyrt slik ei skamleg Skylding! Er de inkje just han, som gagnar Kristendomen mest og er hans beste Ven?” Soleis køyrer dei rundt og leikar Blindekjuk med kvarandre, til de gjeng i Tull og snart ingen veit, kva der er sagt. De var difor eg vilde halda desse tvo Sior av Saki fraa kvarandre og taka den eine for seg sjølv. Eg kan skyna, at der kan reisa seg Stri um, anten Kielland undergrev Kristendomen elder inkje. Den Saki er inkje so reint lett aa greia. Men denne andre Sia av Saki tykte eg nok de skulde lata seg gjera aa faa greitt, naar ein fekk henne aaleine for seg sjølv. Eg tykte de skulde kunna gaa an aa faa ut av Veri eingong for alle den paastand, at al Tankje um Aandsretningi skal vera burte ve Talen um Diktarløn, - fordi han er altfor meiningslaus. Landsens Gagn(etter sit beste Skyn) kan aldri Landsens Styrarar  lata vera utanfor naar dei ”styttar og løner”, - likesolite som dei kan – set fraa kristelegt Synspunkt – hjelpa, stytta og løna de Arbei, som gjeng ut paa aa riva Kristendomen ne²).

 

De hjelp aldri de Slag, at Fritenkjaren au er me og betalar Skatt. Ein Næringsveg f. Eks., som eg held for aa inkje vera til Gagn men kanske til Skae for Lande, kan ingen faa meg til aa stytta, paa den Grunnen at dei som driv honom au er me og betalar Skatt. Finn Me de daa aa vera urimelegt, at inkje alle aandelege Retningar skal vera like, - som eg nok kan vera me paa, - so er de berre ein  Maate aa retta detta paa: segja at Satten inkje skulde hava aa gjera me nokon  Ting, der de gjeld um aa døma millom aandelege Retningar, inkje gjeva nokor  Diktarløn. De er Utvegen. De  kunde der vera nokor Meining i.

 

Men de  er der ingi Meining i: aa krevja, at kristne Folk skal gjeva ”Stytte og Løn” til de som undergrev Kristendomen. Og krevja av ein Statsmann, at han skal hjelpa fram de, som – etter alt som han  kan sjaa – er til Landsens verste Skae og Undergang, - de er der ingi Meining i. Og som Landsens verste Skae og Undergang maa  ein kristen sjaa de, naar der kjem kristendomsbrjotande Retningar, og deretter maa han handla, so lengje han held ve aa vera ein kristen, soframt han tenkjer klaart. Og de synest dei maatte kunna skyna endaa dei verste Motstandarar, um dei so aldri so mykje hatar Kristendomen og ser den – i vaar Ti iallfall – som Landsens Ulukke. De synest eg dei maatte kunna skyna, um dei so var aldri so ”aandsfrie”. Eg synest ein best maatte kunna skyna de.

 

Ingvar Bøhn.

 

 

¹) Inkje – sjølvsagt – fordi eg svermar for Napoleon og held hans Sak just for nokor go Sak, er de eg tek detta Eksemple me; men berre for aa visa at kvarSak og Mann kan verta hjelpt fram av sine verste Fiendar.

²) Men er de inkje Diktarløn, men Vederlag for Tap, som kan vera lie, og som Staten meinest hava aa gottgjera, - ja daa skal sjølvsagt Aandsretningi vera utanfor.

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum