Kinesarfolk og Bakstræv.

 

Alf Baartveit skriv i Fedraheimen i No. 53 um kor godt Europafolk og Bakstræv høver i hop. Lat oss sjaa paa det, um ikkje Kinesarfolk og Bakstræv høver endaa likare i hop.

 

Kinesarfolk kann me godt kalla dei som er ljosrædde, som vil grava seg inn i Hi og suga paa vetle Taai berre –.

 

Europafolket ”lesser formykje paa. Lasset vert for tungt aa draga. Dei vinn ikkje fram”, skriver Alf Baartveit.

 

Det er baade visst og sannt, at det er stort og tungt detta Lasset aat Europafolket. Det hev kostad mykje Arbeid for vaare store Menner, og mangt eit Basketak hev dei teket for aa vinna det fram.

 

Eg kom nettupp ihug eit Vers av Arne Garborg, som skal vera full Sanning:

 

Stort Arbeid ned er lagt

til Landsens Fred og Magt

fra Tid til Tid.

Det kostad tusund Aar

i Kav fara Vaar til Vaar,

i Strid so tung og saar,

fyrr me vart fri”.

 

Det er mange gasta Europæarar, som hev voret med og lesst detta Lasset. Lat oss ikkje gløyma Eidsvoldsmennerne, H. Wergeland, A. Vinje og so Johan Sverdrup. Kinesarfolket likar kanskje ikkje det, at eg nemner vaare sokallade norske Diktarar; men eg gjer det no lell. Mest hev vel Bjørnson gjort baade som Diktar og Politikkar.

 

Dei ljosrædde skal vist faa taka eit bra Tak, fyrr dei fær somykje godt uppaa Bakstrævarlasset sit som: ”Ja, vi elsker dette Landet” og ”Synnøve Solbakken”.

 

Dei vinn ikkje fram Lasset, segjer Alf Baartveit. Gjev Tid, so skal de sjaa det lyt fram, og endaa fortare hadde det gjenget, berre det ikkje hadde voret so mange Bakstrævarar bak i Lasset, som stend der aa streitar og held tilbake alt det dei orkar.

 

Oftedal hev teket i Bruk den gamle Taugatampen, som Bakstrævarbladet Fædrelandetsleit paa under Vetostriden. Han hev set den fast bak i Lasset aat Europafolket, og so stend han og ropar i Vestlandspostensin: dei som ikkje tek Tak her, dei er vantru, Fritenkjarar, Europæarar, Akademikarar og slikt noko.

 

Eg vil raada dei til det, at dei ikkje tek for hardt i, elder so kunne dei rjuka attyver _ _ _.

 

Det er Pietismen no, som er byrjad og ropar ende uppyver seg og vil hava Magt – Magt so dei kann faa tyna Aandsfridomen vaar, som me hev so alt forlite av fyrr.

 

Dei er vist hugat aa koma tilbake til den gamla Tidi, daa den pietistiske Kong Kristian den sette raadde i Noreg. Daa naar Pietismen var paa mote. Teatri vart attletne, og Kyrkjetukti, som no so mange sukkar etter, vart so passa brukt, at dei som ikkje gjekk i Kyrkja vart sett i Gapestokken.

 

Hordafylket i September 1886.


P. Fliseram.

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum