Kristendom for Godseigarar.

 

Vi har alle høyrt gjeti HenryGeorge, den vidkjende amerikanske Forfattaren, han som har skrivi ”Progress and Poverty”og ”Social Problems”¹). Vi veit, at han er Forkjempar for den Tanken, at Staten skal eiga al Jordeigedom. I ein Blastri i det engelske Tidsskriftet The Ninece Centh Centurykjem han med denne vesle Forteljinga:

 

Det trefte eingong til, at eg kom saman med ei Dame av den lægre Godseigarklassen, og vi talte daa um Fatigdomen hjaa Fjellfolki.”

 

Ja, eg veit nok det, at dei er fatige, sa ho, men dei fortener det ikkje betre; dei er so ureinslege og griselege. Eg har ingen Medynk med Kvinfolk, som ikkje held Huse sit væl ved Lag og Barna sine reine”.

 

Eg la daa imot, at det ikkje var Rett aa venta, at Kvinfolk skulde vera reine, naar dei kvar Dag laut gaa lange Veger med tunge Byrder paa Ryggen.

 

Ja, det er sant, dei lyt arbeie hart, sa ho. Men dei har det likvæl ikkje so ille, som dei stakkars Hestanne. Har Di nokonsinn tenkt paa, korleis dei har det, Hestanne? Dei lyt arbeie heile si Leveti til dess dei ikkje orkar meir. Eg blir alti so sturen, naar eg tenkjer paa det. Det borde finnas store Engjer, der Hestanne kunne sleppas ut, naar dei har arbeidt nokre Aar, so dei lell kunne faa Høve til aa njote Live fyrr dei døydde”.

 

Men Fatigfolk daa”, sa eg, ”dei lyt au arbeie, til dess dei ikkje kann meir”.

 

Ja, det er nok so”, meinte ho, ”men Fatigfolk, dei hev daa iminste Sjælar dei; so um dei lyt arbeie hart her, so kjem dei i Himmelen naar dei døyr og blir lukkelege i det andre Live, ifall dei har vori goe Menneskje her nere. Men Dyra stakkar, dei har ingen Sjæl, so fær dei ikkje njote Live her, kjem dei aldri til aa faa nokor Njoting. Det er altfor hart aa tenkje paa”.

 

Ho tala for fullt Aalvore, denne Dama, og eg er fullviss paa, at ho berre sa det, som vanleg vert lært som Kristendom i Skotland.

 

Men gudskjelov, no gryr det endeleg av Dag, og den Gudshædinga skal ikkje bli hørt lenger”¹).

 

Ix.

 

¹) Henry George meiner med det siste, det Uprope, som den skotske ”Landgjenvinningsforeiningi” har utsendt. I dette Uprope upmanar Samlaget det skotske Folke til aa slaa seg i hop for aa tyna Godseigarvæsenet.

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum