Kristiania, den 15de Oktober. Motstanden mot Maalsaki

 

vert no mindre og mindre blant sjølve Høgre. Endaa Morgenbl. talar um den ”saakaldte Maalsag” og andre Høgreblad baskar imot det, dei kann, so er det daa klaare og tydelege Teikn paa, at Motstanden held paa aa minka. Naar Høgre fyrr skulde tala um Landsmaalet var det med eit lognt Smil, som um det var Tale um noko reint meiningslaust. Det var umogelegt, at den Saki nokor Tid kunne vinna fram, det vilde vera aa setja Utviklingi 100 Aar tilbake o. s. fr.

 

No er det heilt onnorleis.

 

Det hev synt seg Aar for Aar, at Maalsaki ikkje var noko, som let seg tyna paa den Maaten. Trass all Laatt og Vanvyrding, som dei ”dannede” og ”intelligente” hev vist ho, so hev ho arbeidat seg sterkare og sterkare, til ho no hev vortet ei Magt i Statslivet vaart.

 

Det er underlegt korleis Tidarne skiftar.

 

Naar Høgre no tred upp mot Maalet, so er det ikkje lengre med sovoret Tull, som at Maalet ikkje er til elder at Saki er umogeleg.

 

Sjaa no berre t. D. paa Møtet i Kristianssand. Det verste, Motstrævaranne der hadde aa koma med, var, at naar Maalet vann fram og vart innførd i Skulen, so vilde det verta ein stor ”Forvirring” av det. Det var ingi Tvil um, at det vilde verta innførd, det var dei praktiske Vander ved Innføringi, dei var rædde for. -

 

Rettno kann me vel vona, at Høgre og sluttar seg til Maalarbeidet vaart. Det vilde no vera den beste Løysingi paa dei praktiske ”Vanskeligheder”. Naar alle sluttad seg til Saki, so fall dei burt av seg sjølv.

 

Og kven veit, um ikkje Høgre gjer det?

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum